Anne Hege Grung ?nskjer ikkje ? kritisere dei mange spesialprestane som jobbar med ?ndeleg og eksistensiell omsorg i norske helsef?retak, forsvar, h?gare utdanning og kriminalomsorg.

Foto: TF-UiO
– Spesialprestane gjer s? godt dei kan for ? inkludere alle grupper.
Ho rettar kritikken mot institusjonane:
– Vi ser ei systematisk forskjellsbehandling av trus- og livssynssamfunn, spesielt i helsef?retak og kriminalomsorg, der kyrkja blir prioritert. Dette er alvorleg, seier Grung, som er professor i interreligi?se studiar ved Universitetet i Oslo og redakt?r for boka Complexities of Spiritual Care in Plural Societies.
Politisk vilje til endring
Generalsekret?r Birte Nordahl i Samarbeidsr?det for tros- og livssynssamfunn (STL) er samd.
– Heldigvis er feltet i endring. Vi er i ferd med ? flytte oss vekk fr? ein situasjon der Den norske kyrkja har hatt monopol p? slike tenester til ein situasjon der mangfaldet skal speglast i st?rre grad, seier Nordahl.
Seinast denne v?ren har ho sett ein brei politisk vilje til endring.
– Nesten samtlege politiske parti g?r i partiprogramma sine til val p? ei meir mangfaldig livssynsbetening i offentlege institusjonar. For STL er det gledeleg at vi ser endringar, sj?lv om det er langt igjen.

Forskjellar institusjonane imellom
To eksempel p? tilbod som har blitt utvida dei siste ?ra, er Livssyns?pent samtalesenter ved Universitetet i Oslo og Forsvaret sitt trus- og livssynskorps. Men ved mange sjukehus og i kriminalomsorga er tilbodet framleis lite pluralisert, if?lgje Anne Hege Grung.
Eitt av fleire sp?rsm?l er kven som skal finansiere ei utviding.
– I kriminalomsorga er det for eksempel Den norske kyrkja som har dekka prestel?nninga. Tanken er at kyrkja sitt tilbod skal vere tilgjengeleg ogs? for folk i fengsel. Men dette sl?r uheldig ut overfor minoritetar, der trussamfunna kanskje ikkje har ?konomi til ? betale for slike tenester, seier Grung.?
Veit lite om kven som opps?ker prestar
Spesialprestar som fengselsprestar og sjukehusprestar skal vere rusta til ? ta imot folk fr? alle samfunnsgrupper og trusretningar. Ein nederlandsk studie publisert i tidsskriftet Pastoral Psychology i 2021, tyda ogs? p? at folk kan f? god hjelp, uavhengig av om dei deler trusretning med den som skal hjelpe.
Vel 200 klientar og n?r 50 hjelparar vart intervjua.
– I denne studien sa folk at dei fekk like god hjelp uansett. Dette kan tyde p? at trusretning ikkje betyr s? mykje, s? lenge hjelparen er skolert i ? handtere ?ndelege og eksistensielle samtalar, seier Grung.
Det studien derimot ikkje sa noko om, var kor vidt alle ?nskjer ? opps?ke ein samtalepartnar som h?yrer til ei anna trusretning.
– Her kan det vere store forskjellar mellom folk, men dette manglar vi kunnskap om. Vi treng ogs? meir forsking p? kva ?ndeleg og eksistensiell omsorg kan bety for dei som s?kjer det, og kva behov som finst.
Felles referansar kan bety noko
Dei nederlandske forskarane peika ogs? p? at det ? ikkje dele kulturelle og religi?se oppfatningar med samtalepartnaren, kan f?re til at religi?se ritual og felles religi?se forteljingar ikkje blir delte.
Det kan dessutan bety noko for kva tema du tar opp: If?lgje ein studie av muslimske pasientar i USA, sp?r ikkje pasientar etter noko dei trur dei ikkje kan f?.
– ?nskjer du for eksempel ? snakke om kva som skjer etter d?den, kan ei felles referanseramme vere viktig. Er du buddhist eller hindu, har du sannsynlegvis heilt andre f?restillingar om livet etter d?den enn ein kristen prest har, seier Grung. ?
– Viktig for demokratiet ? utvide tenestene
Omgrepet ?chaplaincy? blir brukt, b?de i Noreg og engelskspr?klege land, om tilsette som tilbyr religions- og livssynstenester ved offentlege institusjonar. Sj?lv om ordet ?chaplain? er det engelske ordet for kapellan, blir det brukt om personar fr? alle trus- og livssynssamfunn.
Grung meiner at slike tenester er viktige for demokratiet.
Chaplaincy-arbeidet p? Teologisk fakultet, UiO ?
Ved det erfaringsbaserte masterprogrammet Lederskap, etikk og samtalepraksis f?r studentane kunnskap om omsorgsarbeid b?de innan eigne og andre sine trus- og livssynstradisjonar. Dette er det einaste norske universitetsstudiet som har emner i islamsk og buddhistisk omsorgspraksis.
I mai arrangerte TF i 澳门葡京手机版app下载 med STL og Livssyns?pent samtalesenter p? UiO?International Chaplaincy Conference 2025, med tema chaplaincy og demokrati.
– Alle skal ha rett p? god ?ndeleg og eksistensiell omsorg, anten dei er pasientar, i kriminalomsorg, i forsvaret eller i studiar. Vi m? gje rom for mange ulike forteljingar, verdiar og tradisjonar. Det er ikkje éin rett m?te ? gje tr?yst p?, og det er mange m?tar ? forst? liv og d?d p?. Det m? vi ta h?gde for, seier ho.
– Tilbodet m? bli like godt for alle grupper
Imamen og forskaren Naveed Baig fullf?rte nyleg ei doktoravhandling om muslimske pasientar ved danske sjukehus. Han unders?kte kva sosiale, kulturelle og religi?se ressursar dei nytta for ? handtere alvorleg sjukdom.
Ein av Baigs hovudbodskapar i kj?lvatnet av avhandlinga var at det, ved ei utviding av tenestetilbodet p? sjukehus, er viktig at minoritetane f?r eit like godt tilbod som majoriteten. ?
– I motsett fall vil minoritetsgrupper sitje att med ei kjensle av at dei er mindre viktige. Det er ikkje i tr?d med demokratiske verdiar, seier Grung.
Ho meiner at heile det norske velferdssystemet treng auka kompetanse om kva tru og livssyn betyr for folk. Ogs? kompetansen hos dei som jobbar som chaplains, m? aukast, if?lgje professoren.
– Alle chaplains, inkludert dei som representerer Den norske kyrkja, m? ha kunnskap om andre trus- og livssynsretningar enn den dei sj?lve representerer.