Kva er antibiotika?
Antibiotika blir brukt til ? behandle bakterieinfeksjonar hos dyr og menneske. Antibiotika er stoff som drep bakteriar utan ? gjere skade p? dyr og menneske. Antibiotika verkar ikkje p? virus. Bakteriar har ulike m?tar ? bli motstandsdyktige – resistente – mot antibiotika.
Antibiotikaresistens ikkje noko nytt
Alexander Fleming som i 1928 oppdaga teknologien som f?rte til verdas f?rste trygge antibiotikum penicillinet, sa allereie i 1945, tre ?r etter at det var kome p? marknaden, at verda kjem til ? oppleve resistens.
Artikkelserie
Universitetet i Oslo har ei rekke prosjekt innan livsvitskap som har som m?l ? handtere det aukande problemet med antibiotikaresistens. Dette er den andre av tre artiklar fr? UiO:Livsvitenskap om temaet.
Les f?rste artikkel: Treng st?rre grad av digital styring for ? f? kontroll p? antibiotikabruk.
Les tredje artikkel: UiO-forskarar angrip antibiotikaresistente bakteriar fr? fleire vinklar.
Seminar
Sj? opptak av livsvitenskap i lunsjen 20.11: Antibiotikaresistens – hvor st?r vi n??
Deltek i tverrfagleg milj? ved UiO
P?l Rongved si forskingsgruppe er med i det tverrfaglege endringsmilj?et Centre for Integrative Microbial Evolution (CIME) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. M?let med endringsmilj? er ? stimulere til 澳门葡京手机版app下载 p? tvers av fagdisiplinar for ta forskinga eit steg vidare. I CIME utvekslar Rongved kunnskap og kompetanse med andre som arbeider med grunnleggande forsking p? bakteriar.
– CIME er viktig fordi vi f?r jobbe saman med andre som ut fr? ulike st?stadar pr?ver ? forst? korleis bakteriar verker. Her har vi blant anna dei som ser p? bakterieevolusjon og korleis bakteriar utviklar seg genetisk. Ein av fordelane til bakteriane n?r det gjeld antibiotikaresistens, er at dei kan endre p? gena sina og tilpasse seg. Dei kan endre arvestoffet sitt i syklusar p? nokre f? ?r. For menneske tek dette fleire tusen ?r.
Sidan 1940-talet d? antibiotikumet penicillin var tatt i bruk, har vi kunne bruke antibiotika til ? behandle bakterieinfeksjonar. No blir stadig fleire bakteriar resistente – motstandsdyktige – mot antibiotika, slik at fleire typar antibiotika ikkje kan brukast i behandling lenger.
– Penicillinet er ein av dei st?rste revolusjonane i legemiddelhistoria, men all antibiotika opplever f?r eller seinare resistens. Av den grunn har legemiddelindustrien n?lt med ? satse p? nye produkt, og det har ikkje kome noko genuint nye antibiotika dei siste tjue ?ra. Vi g?r derfor inn en postantibiotisk ?ra der vi er tilbake til tida f?r vi hadde antibiotika ? behandle bakterieinfeksjonar med, fortel P?l Rongved.
Han er professor ved Farmas?ytisk institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) og er ein av UiO sine forskarar innan livsvitskap som arbeider med antibiotikaresistens.
Kan molekyl som ?ydelegg sinkbalansen i bakteriane vere l?ysinga?
Rongved og hans forskingsgruppe pr?ver ? finne fram til nye stoff som kan brukast i kampen mot antibiotikaresistente bakteriar. Deira tiln?rming er ? bruke eit molekyl, ein s? kalla sink-kelator, som kan binde metallet sink selektivt og ?ydelegge sinkbalansen i bakteriane.
Betalaktam-antibiotika slik som penicillin har i aukande grad blitt ineffektive p? grunn av at eit enzym i bakteriane – betalaktamase – ?ydelegg den antimikrobielle aktiviteten til antibiotikumet.
Rongved forklarar at deira sink-kelatorar forstyrrar ei undergruppe av laktamasar – metallobetalaktamasar – som er avhengige av sink, og gjer slik at enzyma ikkje lenger kan ?ydelegge for antibiotikumet.
– Sink-kelatoren v?r er det vi kallar ein adjuvant. Det vil seie at den m? takast saman med eit anna molekyl, i dette tilfelle eit betalaktam-antibiotikum. V?r kelator har stor forsterkande effekt p? antibiotika p? marknaden n?r det blir testa p? ulike bakteriar – òg dei som i utgangspunktet er resistente mot antibiotikumet.
Lang erfaring med metallkompleks
Men n?r ingen andre har lukkast med ? lage nye antibiotika p? to ti?r, korleis har det seg d? at Rongved har s? stor tru p? deira tiln?rming, og korleis fekk han ideen til ? bruke sink-kelator mot bakteriar?
– Eg har forska p? metallkompleks i over 25 ?r og har jobba med det i mange ?r i legemiddelindustrien. I 2009 pr?vde vi ? finne ut om vi kunne hemme kreftceller ved ? bruke sink-kelator til ? endre p? sinkbalansen i cellene, fortel han.
Han fortel vidare at inngangsporten til antibiotikaresistensfeltet og bruk av sink-kelator p? bakteriar var at dei vart merksame p? at forskar ?rjan Samuelsen og hans kollegaer ved Nasjonal kompetansetjeneste for p?visning av antibiotikaresistens (K-res) ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) i Troms? studerte metallobetalaktamasane bakteriane bruker for ? ?ydelegge antibiotika – og desse inneheldt to sinkatom.
– D? vi testa sink-kelatoren v?r p? bakteriane, fann vi overraskande ut at den hadde antimikrobielle eigenskapar. Kelatoren forstyrra sinkbalansen i bakteriane og ?ydela for metallobetalaktamasane.
M? teste vidare
B?de bakteriar og v?re celler har det til felles at dei m? ha sinkbalansen i orden for ? fungere normalt. Menneske har ca. 6000 enzym som er avhengige av sink. Derfor er det òg sv?rt viktig ? sjekke at sink-kelatoren ikkje er skadelege for v?re eigne celler.
Forskarane har utstyrt sink-kelatoren med ein m?ls?kande del som gjer at den g?r p? bakteriar og mindre p? menneskeceller. No har dei begynt ? teste sink-kelatoren p? humane celler i laboratoriet, og s? langt ser det bra ut. No skal dei teste den i st?rre skala.
Fleire har trua p? prosjektet
Rongved har f?tt ?konomisk st?tte fr? fleire hald. Forskingsr?det har gitt 7,3 millionar kroner i st?tte til prosjektet ZinChel gjennom sitt program BIOTEK 2021 som er Noreg si store satsing p? bioteknologi. I tillegg har Novo pre-seed fonds i Danmark st?tta prosjektet med 2,5 millionar danske kroner. Han er òg invitert med inn i eit stort europeisk prosjekt som bli leia fr? Uppsala. I den samanheng har han starta samtalar med legemiddelfirmaet GlaxoSmithKline.
Gjennom universitetet sitt kommersialiseringsselskap, Inven2, har Rongved s?kt patent p? teknologien. No er han ein av dei som skal vere med i Inven2 sitt businessprogram.