Prisjustering av Kalenderdata

Etter ei ny berekning av UiO sine utgifter rundt drift av tenesta Kalenderdata ser vi behovet for ? justere den ?rlege driftskostnaden.

For dei som bestiller oppsett av Kalenderdata vil nye prisar tre i kraft umiddelbart, medan eksisterande avtaler vert prisjustert seks m?nadar etter varsel, som betyr 1. juli 2025.

Ny kostnadsfordeling

Generelt har vi m?tte oppjustere prisinga for driften av Kalenderdata, for ? dekke opp for dei faktiske kostnadane.

I tillegg har vi gjort om kostnadsfordelinga til ? f?lge FTE, med 30/70-fordeling. Dette for ? vere i tr?d med kostnadsfordelinga til andre studieadministrative tenester.

Kostnadsfordelinga for UH21 (for dei som bestiller drift av UiO):

Institusjon Forholdstal 70% fordelt Total sum
NTNU 18,95 % kr 241 577 kr 287 106
UiO 10,90 % kr 138 943 kr 184 472
OsloMet 8,95 % kr 114 102 kr 159 632
UiB 8,42 % kr 107 343 kr 152 872
UiT 7,27 % kr 92 687 kr 138 216
USN 6,66 % kr 84 953 kr 130 482
HVL 6,52 % kr 83 180 kr 128 709
UiA 5,70 % kr 72 603 kr 118 132
UiS 5,24 % kr 66 819 kr 112 349
Innlandet 5,12 % kr 65 301 kr 110 830
Nord 4,16 % kr 52 975 kr 98 505
NMBU 3,10 % kr 39 545 kr 85 075
Hi? 2,73 % kr 34 800 kr 80 329
NHH 1,74 % kr 22 172 kr 67 702
HiMolde 1,47 % kr 18 691 kr 64 221
HiVolda 1,37 % kr 17 506 kr 63 035
NIH 0,64 % kr 8 171 kr 53 701
AHO 0,37 % kr 4 711 kr 50 241
NMH 0,34 % kr 4 384 kr 49 914
Kunsth?gskolen i Oslo 0,28 % kr 3 592 kr 49 122
Samisk h?gskule 0,06 % kr 772 kr 46 301

Begrunning for justeringa

Den opprinnelege prisinga av Kalenderdata baserte seg p? tidlege estimat, f?r tenesta var satt i drift. Ein gjennomgang av dei faktiske kostnadane for ? drifte Kalenderdata dei siste ?ra viser at vi har ein del st?rre utgifter enn opprinneleg estimert.

Dei st?rste kostnadane rundt Kalenderdata er tidsbruk p?:

  1. Feils?king i tenestene som den integrerer med (Canvas, Exchange, TP og FS)
  2. Support for institusjonane
  3. Endringar og vidareutvikling p? grunn av endringar i tenestene som det integrerast med.

Totalt sett bruker UiO litt over eit halvt ?rsverk p? support og vidareutvikling av Kalenderdata i ?ret.

Publisert 23. okt. 2024 15:32 - Sist endret 23. okt. 2024 15:32