Arbeidskrav 1:
To oppgåver som studentane arbeidar med i grupper på 2-3 studentar, eller individuelt. Omfanget på kvar oppgåve skal vere 2-5 sider, og oppgåvetekstane er lagt ut på Fronter. Begge oppgåvene skal leverast i Ekspedisjonen til PFI (5. etasje, Helga Engs hus) i løpet av veke 44 (seinast 4. november kl. 14.00).
Saman med oppgåvene skal det leverast obligatorisk erklæring. Alle gruppemedlemmane må signere erklæringa.
Arbeidskrav 2:
Drøfting på bakgrunn av notat frå gruppearbeid.
Begge arbeidskrav må vere fullført og godkjent før studentane kan gå opp til eksamen.
Begge arbeidskrav og eksamen må gjennomførast same semester.