Arbeidskrav:
Arbeidskravet i PED2100 er knytt til framlegg av case på seminar. Sjå emnesida for meir informasjon.
Studiekrav:
Sjå emnesida for informasjon om studiekrav 1 og 2.
- Studiekrav 2 (case, gruppeoppgåve): Vert utlevert første seminardag; 8. mars og 9. mars. Innleveringsfrist: 29. april 2011 kl. 14:00.
- Studiekrav 1 (individuell oppgåve): Vert utlevert/publisert 14. mars på emnesida og i Fronter. For tilbakemelding på disposisjon: frist for innsendt disposisjon til seminarleiar (epost) 1. april. Innleveringsfrist for endeleg oppgåve: 16. mai 2011 kl. 14:00.
Innlevering av studiekrav
Oppgåvene (både studiekrav 1 og 2) skal leverast på papir, 2 eksemplar av kvar oppgåve, i opningstida til ekspedisjonen ved PFI; kl. 09:00-11:00 og 12:00-14:00. PFI har ekspedisjon i 5. etg. i Helga Engs hus.
Alternativt kan oppgåvene sendast i posten. Konvolutten må då vere tydeleg poststempla innan fristen, og korrekt adressert: Pedagogisk forskningsinstitutt v/ Synnøve T. Hide, Postboks 1092 Blindern, 0317 Oslo.
Saman med oppgåva skal det leverast obligatorisk erklæring. Kandidaten skal også kvittere på at ein har levert, på eiga liste i ekspedisjonen.
MERK: Eksamensoppgåva skal kun merkast med kandidatnummer (ikkje namn eller studentnummer). Kandidatnummeret blir publisert i StudentWeb seinast ei veke før innleveringsfristen.
VED INNLEVERING AV GRUPPEOPPGÅVA: Alle på gruppa må signere på den obligatoriske erklæringa, og kandidatnummeret til alle gruppemedlemmane må stå på oppgåva.
Mal for framside på eksamensoppgåver ved PFI vil bli lagt ut på Fronter. Formelle krav til skriftlege oppgåver ved PFI finn du her.