Informasjon om eksamen og vurderingskriterier

Eksamensordningen i NDID4001 – Munnlege og skriftlige ferdigheiter i norskfaget

Munnleg eksamen p? 30 minutt. Det vert gjeve 30 minutt f?rebuingstid, der du skal f?rebu eit svar p? ei oppgitt problemstilling. Alle hjelpemiddel er tilgjengelege i f?rebuingstid og under eksaminasjonen kan du ha med notatark. Eksaminasjonen vil ta utgangspunkt i den oppgjevne problemstillinga, men han vil òg r?ra andre faglege tema i emnet.

Utfyllande informasjon

Til munnleg eksamen skal du visa at du kan dr?fta faglege problemstillingar knytt til arbeidet med elevar sine munnlege og skriftlege ferdigheiter i norskfaget. Du skal visa innsikt i og forst?ing av pensumtekstane i emnet, kunne sj? dei i samanheng med kvarandre og kunne problematisera og kritisera tekstane p? eit fagleg grunnlag. Du skal òg kunna diskutera kva for ein relevans generelle teoriar og internasjonal forsking om munnlege og skriftlege ferdigheiter har for norskfaget i dag.

Problemstillinga kan vera av ei meir generell art eller ta utgangspunkt i ein bestemd pensumtekst. Den kan òg relaterast til ei elevtekst, som du vil f? utdelt saman med problemstillinga.

Vurderingskriterier

Karakter

UiO sin definisjon

Fagspesifikke kriterier

A

Framifr? prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner s?rs god vurderingsevne og stor grad av sj?lvstende.

Svaret p? den oppgjevne problemstillinga er framif?. Kandidaten viser sv?rt godt oversyn over og forst?ing av tematikken i emnet. Pensumlitteraturen vert nytta p? ein sv?rt sj?lvstendig og kritisk m?te i dei faglege diskusjonane. Framstillinga er kl?r, presis og velstrukturert, med nyansert bruk av fagomgrep.

B

Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sj?lvstende.

Svaret p? den oppgjevne problemstillinga er s?rs godt. Kandidaten viser s?rs godt oversyn over og forst?ing av tematikken i emnet. Pensumlitteraturen vert nytta p? ein sj?lvstendig og kritisk m?te i dei faglege diskusjonane. Framstillinga er klar og presis, med nyansert bruk av fagomgrep.

C

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande p? dei fleste omr?da. Kandidaten syner god vurderingsevne og sj?lvstende p? dei viktigaste omr?da.

Svaret p? den oppgjevne problemstillinga er godt. Kandidaten viser godt oversyn over og forst?ing av dei sentrale temaa i emnet. Hovudpoenga fr? pensumlitteraturen vert presentert p? ein sj?lvstendig m?te, og kandidaten har nokre kritiske refleksjonar. Framstillinga er for det meste klar, med relevant bruk av fagomgrep.

D

Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sj?lvstende.

Svaret p? den oppgjevne problemstillinga er akseptabelt. Kandidaten viser ei akseptabel forst?ing av sentrale tema i emnet, men viser òg tydelege teikn p? manglande oversyn. Poeng fr? pensumlitteraturen vert presentert med ein viss grad av sj?lvstende. Framstillinga er forst?eleg, men upresis. Fagomgrep vert brukt i nokon grad.

E

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sj?lvstende.

Svaret p? den oppgjevne problemstillinga tilfredsstiller minimumskrava. Kandidaten viser kjennskap til og ei viss forst?ing av dei meste sentrale temaa i emnet, men har lite oversyn ut over dette. Poeng fr? pensumlitteraturen vert presentert utan nokon klare sj?lvstendige perspektiv eller kritisk distanse. Framstillinga er stort sett forst?eleg, men viser òg klare feil og mistydingar. Fagomgrep vert brukt i liten grad.

F

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner b?de manglande vurderingsevne og sj?lvstende..

Svaret p? den oppgjevne problemstillinga tilfredsstiller ikkje minimumskrava. Kandidaten viser ingen eller berre fragmentarisk kjennskap til og forst?ing av tema i emnet. I dei tilfella som pensumlitteraturen eventuelt vert til referert, er det utan sj?lvstende og kritisk distanse. Framstillinga er uklar og vert dominert av feil og mistydingar.

Publisert 26. feb. 2019 12:48 - Sist endret 24. mai 2019 13:10