Klangeleiken - ? byggje ein fj?rklangeffekt

Det er vanskeleg ? sette ord p? den plassen analoge og digitale effektar har hatt, og framleis har, i musikk. Effektar og manipulering av lyd er n?rast i alle ledd av dagens pop og rock-musikk; for ut?varar, i konsertproduksjonar og i studioinnspelingar. Desse tankane rundt effektar gav meg inspirasjon til ? lage produktet som er gjenstand for denne oppg?va, nemleg Klangeleiken.

Presentasjon av Klangeleiken

Klangeleiken er prim?rt ein fj?rklangeffekt som kan nyttast til alle slags lyd-einingar (instrument) mellom den respektive lyd-eininga og ein forsterkar. Inputen p? Klangeleiken g?r inn i ein innebygd forsterkar som driv eit h?gtalarelement. P? denne forsterkaren er det to dreiepotensiometer som styrer volum og tone. I tillegg er det ein av-p?-vreng-skifter. Vreng-funksjonen har eg kalla ?Rundhyl? fordi den eigna seg best til ? oppn? feedback i elementet. Festa til h?gtalarelementet er det ei fj?r som er spent fr? elementet, som ligg til venstre i karosseriet, til ein boks p? karosseriet si h?gre side der ein av pickupane er plassert. Vibrasjonane fr? elementet f?r fj?ra til ? dirre, noko som vert plukka opp av to pickupar. Signala som vert plukka opp av pickupane er igjen kopla til ein jack-utgang som pluggast vidare til ein forsterkar. Pickupane, alts? utgangssignalet, kan ein styre med kvar sine volum -og tone dreiepotensiometer p? lokket av Klangeleiken. Ein pickup-skifter gjer det mogleg ? nytte pickupane separat eller ? blende dei.

 

Demonstrasjonsvideo

Kort om arbeidsprosessen

Som med mykje anna, starta dette prosjektet med eit s?k p? internett. Der fekk eg sj? fleire DIY (do it yourselfe) fj?rklangar. Desse var laga med ein liten forsterkar som dreiv eit element. I elementet var det festa ei fj?r som igjen var festa til ein kontaktmikrofon. Kontaktmikrofonen var igjen kopla rett i ein jack-utang. Den f?rste versjonen eg laga var satt opp slik. Det fungerte, men eg tykte ikkje dette var optimalt. Kontaktmikrofonen tok opp for mykje vibrasjonar fr? boksen og for lite fr? fj?ra. Med kontaktmikrofonen rett i utgangen var det ogs? lite moglegheiter for ? skru til lyden. Etterkvart fann eg ut at eg ville pr?ve med pickupar og gjekk dermed vekk ifr? kontaktmikrofonen. Ved forsking p? lyd fann eg ut at eg ville plassere den eine pickupen i ein gamal tobakksboks og den andre rett under elementet. Dette gav to noks? ulike lydar, noko som var funksjonelt ettersom ein kunne blende dei to signala.

 

Dr?fting rundt forbetringar

? nytte ein pappboks var heldig med tanke p? ? skjere ut til potensiometer, knappar, ledlys osv., men med eit fleksibelt materiale som papp g?r ogs? noko av vibrasjonane ut i boksen. Med eit fastare materiale ville meir av vibrasjonane ha g?tt ut i fj?ra noko som hadde gjett st?re effekt. Ein kunne ogs? ha nytta eit volumpotensiometer mellom utgangen og ein kontaktmikrofon. D? kunne ein ha behaldt kontaktmikrofonen ettersom ein kunne ha blenda inn berre s? mykje signal ein ville ha. I mangel p? tid og ressursar skjedde ikkje dette denne gongen, men dette er absolutt noko eg vil forske vidare p?.

 

Kva eg er n?gd med

Om eg skal trekke fram nokre aspekt eg er spesielt n?gd med m? det vere lyden i den h?gre pickupen, det at eg i det heile kom p? ? nytte pickupar og den kontrollerte feedbacken eg oppdaga ved ei tilfeldigheit. Den mekaniske konstruksjonen gjer ogs? at ein kan preparere fj?ra, noko som gjer dette til ein effekt ein kan utforske p? andre m?tar enn med berre knappar og potensiometer.

Emneord: Interaktiv musikk
Publisert 29. mai 2018 11:08 - Sist endret 29. mai 2018 11:08