FIL2205V – Klinisk kommunikasjon (EVU-emne med kursavgift)

Kort om emnet

Allereie fr? ein juridisk synsvinkel er klinisk kommunikasjon viktig: pasientar kan i m?te med helsearbeidaren krevje informasjon om eigen helsetilstand og om behandling, og denne informasjonen skal meddelast slik at pasienten kan forst? den. Juridiske omsyn h?yrer til dei eksplisitt formulerte reglane for omgangen med pasienten. Klinisk kommunikasjon har ogs? implisitte trekk med normativ og etisk relevans: helsearbeidarens og pasientens ytringar er handlingar som etablerer gjensidig forst?ing og ein sosial relasjon; slike handlingar f?lgjer normer og m?nster for kliniske samtaler spesielt og samtaler generelt. Andre meir indirekte trekk ved kommunikasjonen er helsearbeidarens og pasientens ulike erfaringsmessige, faglege, og sosiale bakgrunnar.

B?e typar implisitte trekk er dei seinare ?ra blitt tematisert ved omgrep om pasientsentrert kommunikasjon. Kurset vil kl?rlegge det normative innhaldet av dette omgrepet ut fr? ein av definisjonane som finnast i den internasjonale litteraturen. Med dette utgangspunktet vil vi g? til lingvistiske og filosofiske kommunikasjonsteoriar for n?rare ? kunne beskrive og forklare dei trekk ved klinisk kommunikasjon som omgrepet tematiserer.

Vi vil ogs? dr?fte legitimiteten av det ? innf?re forklarande, teoretiske perspektiv p? klinisk kommunikasjon: veit ikkje dei involverte partane i kommunikasjonen best sj?lve kva som g?r f?re seg, og kva som b?r og ikkje b?r gjerast? I kva grad kan ulike faglege og tverrfaglege perspektiv hjelpe til med ? artikulere sider ved den kliniske kunnskapen og den sj?lvforst?inga som den helsearbeidaren m?ter pasienten med?

Hva l?rer du?

Form?let med kurset er ? stimulere til etisk refleksjon i helsearbeidarens m?te med pasienten. Kurset skal samstundes gje eit bidrag til analyse av m?nster for klinisk kommunikasjon spesielt og kommunikasjon generelt.

Opptak og adgangsregulering

Kursdeltakelse koster kr 5000,- Semesteravgift og kursmateriell kommer i tillegg.

P?meldingsskjema (pdf-format)

Forkunnskaper

Obligatoriske forkunnskaper

Ingen obligatoriske forkunnskaper utover generell studiekompetanse. Det gj?res oppmerksom p? at generell studiekompetanse ikke gir automatisk studierett til emnet.

Anbefalte forkunnskaper

Sjukepleiarar, legar, sjukepleiar- og medisinstudentar og andre som arbeider med klinisk kommunikasjon. Det vil bli s?kt legeforeninga om godkjenning av kurset som ledd i legars etter- og vidareutdanning.

Undervisning

Kursansvarleg er Torjus Midtgarden. For tida er han timel?rar p? Filosofisk Institutt ved Universitetet i Oslo, og inntil nyleg postdoktor-stipendiat same stad. I 2001 tok han ogs? doktorgraden her. Fagleg sett er han s?rleg oppteken av spr?k- og kommunikasjonsteoriar. Han har undervist mange ?r i pensumet til Examen Philosophicum og underviser for tida i kurset FIL2203: Tanke, tolkning og kommunikasjon ved Filosofisk Institutt (UiO).

Torjus Midtgarden 22 84 47 31 torjus.midtgarden@hf.uio.no

Eksamen

Undervisninga g?r over 10 ettermiddagar (torsdagar), 3 timar kvar gong. Vurderinga skjer p? grunnlag av ein heimeeksamen p? inntil 10 sider. Det blir gjeve bokstavkarakterar.

Karakterskala

Emnet bruker karakterskala fra A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les mer om karakterskalaen.

Adgang til ny eller utsatt eksamen

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Niv?
Bachelor
Undervisning

Bestemte semestre

Eksamen

Bestemte semestre

Undervisningsspr?k
Norsk