Ej e en mytisk storleik - metafysisk ordsjeik
Ej e fastlege for Sinsenfist og master av flow
Ej snirklar mej rundt taktene s? ?yresjaktene stappast med
eit knappast begripeleg niveau av det som e yo
E kanskje den i bransjen som best induserar
dansande transe med intrikat kadens og eleganse
Det e kanskje ingen konkurranse, men ej vinn' allikevel
Alle elskar Sinsenfist, og alle ropar "Dr. Kjell"
Sinsenfist - "Sinsenfist SA" (Mount Fistmore, 2018)
Forsking
Eg er rap-forskar og forskar-rappar, og forskar hovudsakleg p? den rytmiske strukturen i rap-vokal. I tillegg forskar eg p? ulike aspekt ved musikkproduksjon i rap og p? koplinga mellom det estetiske og kulturelle i hip-hop.
Eg nyttar innfallsvinklar fr? fleire ulike fagtradisjonar (musikk, litteratur, lingvistikk, psykologi osb.) og koplar forskinga mi til min eigen praksis som ut?vande hip-hop-artist.
P? norsk fokuserer eg p? norske rap-artistar, og har mellom anna skrive bok om H?ge Brelle, f?rsteskiva til Side Brok.
Faglege interesser
- Rytmeforsking
- Musikkanalyse
- Rap/Hip Hop
- Mikrotaiming
- Musikkproduksjon
- Musikkognisjon
- Spr?k-musikk-interaksjon
- Poetisk struktur
- L?tskriving
Meir informasjon og oppdaterte lenkjer til aktive prosjekt kan ein finne p? den engelske personsida.