Nytt fag: Kva kan litteraturen fortelje oss om demokratiet?

I det nye, tverrfaglege emnet Litteratur og demokrati skal studentar f? utforske brytningspunktet mellom politikk, samfunn og litteratur.

Illustrasjonsfoto: NOR2315 – Litteratur og demokrati.

– Vi l?ftar fram verk som viser aspekt ved korleis demokratiet fungerer eller ikkje fungerer. Det kan handle om b?de flyktningkriser, metoo og lengselen etter fellesskap, seier litteraturforskarane Tonje Vold og Mads Breckan Claudi.

Saman med sosiolog Grete Brochmann og statsvitar og psykolog Tor Gaute Syrstad har Vold og Claudi starta det nye, tverrfaglege demokratiemnet: NOR2315 – Litteratur og demokrati. Dei er alle medlemmar av forskargruppa Demokratiets tekstkulturer ved UiO:Demokrat

 

Ofte oversett kopling

If?lgje dei ansvarlege for emnet er kunst og litteratur vesentleg for korleis vi tenkjer om og i demokrati, b?de i fortid og samtid.

– Dette blir ofte oversett i den breiare samfunnsdebatten om politikk, medan det p? litteraturfeltet ofte blir ein p?stand p? festtaleniv?. I dette emnet vil vi legge b?de litteraturens rolle i demokratiet og demokratiets rolle i litteraturen under lupa. Litteraturen blir sett i fokus, men vi ser p? den fr? ulike teoretiske perspektiv og med ulike fagbriller, seier Vold og Claudi.

Litteraturlista er sett saman for ? kunne unders?ke b?de nasjonalkjensle og utanforskap gjennom prosa og lyrikk. Spennet i pensum strekker seg fr? Holbergs ?Den politiske kannest?per? til saksbehandling i Zeshan Shakars ?Gul bok? og klassesp?rsm?l i Maria Navarro Skarangers ?Emily Forever?.

Demokrati under press

I verda er demokratiet p? vikande front, i 2023 er det fleire menneske som lever i diktatur enn i demokrati. Det globale demokratiniv?et er tilbake til same niv? som det var i 1986. Denne utviklinga bekymrar forskarane.

– Kvifor trengs dette emnet?

– Demokratiet er under press. Sp?rsm?l om politikk og demokrati blir ofte forst?tt som noko som tilh?yrar samfunnsvitskapen, kanskje s?rleg statsvitskapen. Men som humanistar og litteraturvitarar veit vi at litteraturen tilbyr eit rom for refleksjon rundt politiske sp?rsm?l, og ein arena for motstemmer og alternativ. Litteraturen kan ogs? gi innsikt i korleis sp?rsm?l om tilh?yrsle, representasjon og deltaking er og har blitt vurdert og forst?tt.

Relevant for fleire

Emnet er oppretta med s?kornmiddel til utdanning fr? UiO:Demokrati. M?let er ? lage eit emne som appellerer b?de til HF- og SV-studentar. Tematikken er ogs? aktuell for alle som skal undervise i skulen, d? ?demokrati og medborgarskap? er eit av dei tverrg?ande emna i l?replanen.

– Vi deler interessa for korleis litteratur artikulerer seg om verda, og er nysgjerrige p? andre fagfelt. Ambisjonen er at emnet blir eit m?tepunkt mellom ulike fagtradisjonar og perspektiv der vi alle – b?de forelesarar og studentar - kan l?re av kvarandre.

Fr? nytt?r opnar faget for p?melding for alle studentar.

– Vi h?per ? sj? ein stor, nysgjerrig og engasjert gjeng n?r vi startar opp i januar!

 

 

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 18. des. 2023 19:53 - Sist endret 18. des. 2023 19:53