
– Engelskl?rarar i ungdomskulen arbeider med litter?re tekstar i nesten halvparten av timane, fortel litteraturforskar Katherina Dodou i EDUCATE-prosjektet ved Universitetet i Oslo.
– Nett som i norskfaget.
Saman med prosjektleiar Lisbeth M. Brevik, har ho studert norske ungdomskuleklasserom i ein ti?rsperiode. Dei har sett p? skj?nnlitteraturundervising i engelskfaget ?leine og i engelskfaget samanlikna med norskfaget.?
– N?r me snakkar om litteratur, lesing og litteraturformidling, tenkjer me ofte p? morsm?loppl?ring, men i forskinga v?r ser me mykje litteraturlesing og arbeid med litteratur i engelskfaget ogs?, seier Dodou.
– Me kan heilt klart seie at engelskl?rarane tek eit stort ansvar for leseoppl?ringa, seier Brevik.
Meir f?lelsar enn fornuft
For ? finne ut korleis litteraturundervising for ten?ringar kan sj? ut, bes?kte me ein dramaklasse i Osloskulen, der Astrid Syse Talsethagen underviser. Ho har vore lektor i b?de norsk og engelsk sidan 2009.

– Kva tenker de om tittelen? sp?r lektor Talsethagen.
Fleire elevar rekker opp hendene.
– F?lelsar ein ikkje f?r vist.
– F?lelsar ein ikkje ynsker ? dele.
– F?lelsar ein ikkje forst?r.
– F?lelsar som gir nostalgi.
Etter at elevane har delt tankar om tittelen, fortel Talsethagen kva prim?r- og sekund?rf?lelsar er. Elevane diskuterer dei ulike f?lelsane og teiknar nokre av dei.
Denne f?r-lesinga, som det heiter, held fram ganske lenge. M?let er ? f? elevane til ? mobilisere eigne tankar, erfaringar og f?lelsar kring eit tema som dei kan ta med seg inn i lesinga. Dette er norske engelsk- og norskl?rar gode til, viser forskinga til Dodou og Brevik.
S? les l?raren novella h?gt for heile klassen.
Gjer fordommar til skamme
– Ikkje berre ser me at engelskl?rarane tek ansvar for litteraturundervising. Me ser ogs? at dei underviser i litteratur for litteraturen si skuld, seier Brevik.
– Kva betyr det?
– Det er ein diskusjon i forskingsfeltet om skj?nnlitteraturen blir brukt for ? oppn? andre ting, noko den sj?lvsagt ogs? gjer. At den blir brukt til ? undervise om tema som abort, diskriminering og rasisme, til d?mes, eller det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring, seier ho.
Men forskaren har eit klart inntrykk av at l?rarane dei har studert arbeider med skj?nnlitteratur fordi den har ein eigenverdi.
– Det er fantastisk ? sj? at elevane f?r tid til ? sitje stille og fordjupe seg, at dei f?r erfare lesing som eit frirom. Slik f?r dei kjenne p? at litteratur ogs? kan bety ? setje ned tempoet, ? berre vere i noko. Utan ? n?dvendigvis skulle forst? eller l?re noko spesifikt, seier Brevik.

Litteraturundervisinga ho og Dodou har studert er ogs? aktiv og sv?rt ofte kreativ.?
D?me p? kreative m?tar l?rarar behandlar litteratur p?, kan vere at dei inviterer elevane inn i rollespel basert p? historia. Eller at dei lar elevane f? skrive fan fiction; alts? skrive vidare p? forteljinga eller skrive brev til ein av karakterane.
Andre gonger gjer kanskje elevane teksten om til ein film, ei teikneseriestripe eller ein animasjon. Variasjonen er stor.
– Det blir jobba med digitale verkt?y, med penn og papir, med h?gt- og stillelesing, seier Dodou.
Og jo n?rare i notida me kjem, desto meir les elevane lange, heile tekstar som romanar framfor tekstutdrag.
Kjenner p? ansvaret
Dette er ein tydeleg trend som starta kring 2020 og som stemmer med lektor Talsethagens praksis.
D? ho f?rst byrja som l?rar, var ho opptatt av ? introdusere mange ulike typar tekstar. I dag er ho meir opptatt av langlesing og djupne.
M?let er minst ein roman per ?r per fag, helst to. Og helst den same romanen for heile klassen.
– Elevane les stadig mindre p? fritida, og det gjer at me f?ler at me m? kompensere for det i undervisinga. Det har me diskutert ein del i faglaget hos oss, seier ho.
Talsethagen understrekar at mindre lesing ikkje betyr at elevane ikkje likar ? lese. Sj?lv opplever ho heller det motsette.
– N?kkelen er difor ? gje elevane dei gode leseopplevingane, ? la dei erfare at litteratur kan gje dei noko personleg. D? f?r dei kanskje lyst til ? lese vidare p? eiga hand, seier ho.

Forskarane har ikkje spurt l?rarane om kvifor dei har endra praksis, men spekulerer i tre ?rsaker: den stadig meir omtalte lesekrisa, nye l?replanar i 2020 som vektlegg fordjuping og sterkare fokus p? litteraturdidaktikk i l?rarutdanninga.
M? finne bevis i teksten
Finst det undervisingspraksisar som er betre enn andre n?r det gjeld skj?nnlitteratur?
– Det kjem an p? kva ein vil oppn?. L?rarar kan ha mange ulike m?l og dermed m?tar ? undervise p?. Eitt m?nster me ser, er at dei ofte jobbar med enklare leseforst?ingssp?rsm?l f?rst, for ? f? med alle elevane. Det kan vere samtalar om karakterane i teksten eller kva elevane synest om forteljinga, seier Dodou.
– S? koplar dei p? meir kompliserte sp?rsm?l som handlar om tolking og ei meir fagleg forst?ing av teksten, seier ho.
Ein trend forskarane ser her, er at l?rarane gir elevane mange valmulegheiter n?r dei skal n?rme seg teksten fagleg. Vil dei gjere ein analyse? Vil dei skrive ein fan fiction? Vil dei samanlikne ein film og ei bok?
Nokre tolkingar er betre enn andre.
Dodou understrekar at lesing av litteratur sjeldan har eit fasitsvar. Talsethagen er samd. Ho arbeider mykje med ? skape tryggheit og eit ope diskusjonsrom slik at elevane skal t?rre ? dele meininga si.
– Det er viktig ? f? elevane til ? forst? at deira oppleving er like gyldig som ein annan si og at me kan sj? p? litteraturtolking som ei argumentasjons?ving, seier ho.
Samstundes er ho opptatt av ? synleggjere at nokre tolkingar er meir truverdige enn andre. Ho sp?r gjerne kvifor elevane tolkar som dei gjer, kva bevis dei finn i teksten.
– Nokre tolkingar er betre enn andre, og det m? me t?rre ? behandle i klasserommet. Om ein ikkje finn belegg for p?standane sine i teksten, er det kanskje ei litt tynn tolking, seier ho.
Overtalingas kunst
Norskl?rarar er meir opptekne av sjangertrekk og litter?re verkemiddel, medan engelskl?rarar oftare koplar lesinga til elevanes livsverd og samfunnsproblem.
Kor gode er dei til ? modellere litteraturtolking, alts? konkret vise korleis elevane kan analysere ein tekst ved ? faktisk gjere det sj?lv?
– Det ser me lite av i b?de engelsk- og norskfaget. Ei muleg forklaring p? det kan vere at l?rarane er redde for ? gi for sterke f?ringar for korleis elevane skal tolke teksten, at dei ved ? ikkje vise eiga tolking, pr?var ? ta vare p? elevanes utforskingsfridom, seier Brevik.
– Samstundes veit me at elevane l?rer betre n?r dei f?r sj? d?me korleis dei kan l?yse ei oppg?ve, seier ho.
I eit anna prosjekt Brevik leier, LANGUAGES, som samanliknar engelskundervisinga i Norge, England og Frankrike, ser forskarane at engelske l?rarar modellerer i mykje st?rre grad enn dei norske.

I begge fag brukar l?rarane om lag halvparten av tida p? skj?nnlitter?re tekster.?
– N?r klassar les romanar, s? les dei fysiske b?ker, seier dei to.
Fornufta med f?lelsane
Talsethagen, som underviser i b?de norsk og engelsk, er ikkje i tvil om kva som fungerer for ? f? elevane i gang med ? utforske ein skj?nnlitter?r tekst.
– N?r elevane f?r kople p? seg sj?lv, sine eigne erfaringar og tankar. Og n?r me klarar ? sj? at tekstar finst fordi dei pr?ver ? uttrykke noko allmennmenneskeleg, noko me kan kjenne oss igjen i sj?lv n?r me ikkje har opplevd det, seier ho.
Slik er skj?nnlitteratur noko for alle elevar, uansett kva framtidsutsikter dei har, meiner forskarane.
– Me er menneske, og menneske er forteljande skapningar. Verdslitteraturen er jo eigentleg berre ein lang samtale om menneskeleg erfaring, om ? forst? kven og kvar me er. Difor er skj?nnlitteratur relevant for alle, uansett bakgrunn, seier Dodou.
– Eg trur det er superviktig ? hjelpe elevar til den eine romanen dei verkeleg elskar, heller enn b?ker generelt, seier Brevik.

Tilbake i klasserommet p? Frogner i Oslo, blir 16-?ringane bedt om ? snakke om kva som skjer heilt konkret i novella og kva tankar dei f?r undervegs. I plenumsdiskusjonen etterp? deltek meir enn halvparten av elevane. Ikaros blir nemnd.
S? er det fram med blanke ark og fargestiftar. Elevane skal teikne ei av scenene fr? novella og knyte f?lelsar til teikninga. Me merker oss at nokre av elevane som sa lite, er dei som skisser ut dei mest f?lsame teikningane.



Les meir og lytt
From Pages to Practice: 10 Years of Teaching Literature in English Classrooms in Norwegian Lower Secondary School (forskingsartikkel)
Evaluering av fagfornyelsen i fag (EDUCATE-prosjektet)?
Engelsk litteraturdidaktik med Katherina Dodou (podkast)
Det leses mye autentisk litteratur i norske klasserom (kronikk)
Bli engelsklektor ved UiO! (studieinfo)
Nyhetsbrev fra 澳门葡京手机版app下载snytt
F? tips om nye funn og innsikt fra Universitetet i Oslo.