– Det handlar ikkje berre om ? ende opp med riktig eller gale til slutt. Det handlar ogs? om korleis elevane kjem fram til svaret, seier Kristina Torine Litherland.
Pedagogikkforskaren ved Universitetet i Oslo disputerte nylig med eit doktorgradsarbeid om programmeringsundervising i norske skular.
Mellom anna har ho studert elevane sin l?ringsprosess i valfaget programmering p? ungdomsskulen, og i IT1 og IT2, som er programfag for elevar som vel studiespesialisering p? vidareg?ande. ?
– Det som er vanleg i vurderingssituasjonar, er at l?raren ser p? det ferdige programmet elevane leverer. Men d? har elevane fjerna testar og ?rydda opp? koden. Eg fekk mykje informasjon av ? studere elevane medan dei l?rer, sier Litherland.
Fleire elevar hadde praksisar som er nyttige i m?te med KI
I arbeidet brukte ho det norskutvikla koderedigeringsverkt?yet Scrimba, som har integrert pedagogisk funksjonalitet, som skjermopptak, der elevane snakkar og forklarer samtidig som dei programmerer. Det finst ogs? andre verkt?y som kan brukast, understrekar Litherland.?
Ho s?g at fleire av elevane jobba p? smarte m?tar, utan at l?rarane hadde sjanse til ? fange det opp. Desse elevane hadde ogs? praksisar som er nyttige i m?te med kunstig intelligens (KI).
Datainnsamlinga vart gjort i 2022, alts? f?r KI rulla inn i programmeringsfaget med full tyngde. I ein av studiane f?lgde ho arbeidet til 19 elevar.?
– N?r elevar gjorde smarte ting, var det ikkje noko dei hadde blitt l?rte opp til. Men praksisane viser m?tar ? l?re p? som var nyttige d?, og som blir end? meir nyttige n?r KI no endrar faget, seier Litherland.
Det som skilde elevane fr? kvarandre, var om dei s?g p? programmering som ein éinvegsprosess, alts? at dei laga instruksar til datamaskina og ferdig med det, eller om dei hadde ein dialog med programmet sitt.

Brukte teknologien som ein sparringspartnar
Av og til opplevde elevane at programmet dei jobba med ? lage, plutseleg ikkje fungerte. For ? finne feilen, hende det at nokre av dei sletta ulike delar av programmet slik at dei fekk opp ein tidlegare versjon, som fungerte.
– D? kunne dei teste ulike delar av koden i koderedigeringsverkt?yet og sj? kva slags svar dei fekk tilbake n?r dei k?yrde programmet. Slik isolerte dei problemet.
Ein annan m?te elevar snakka med teknologien p?, var ? legge inn ekstra element i koden som oppg?va ikkje bad om. D? kunne programmet sj?lv fortelje dei om dei var p? rett spor i utviklinga av programmet sitt.
– I staden for ? tenkje at ?eg m? gjere alle ting rett for ? f? til dette?, brukte desse elevane programmet som ein sparringspartnar. Det er nettopp det same vi ser skje i programmering med KI.
Bort med Java, inn med engelsk?
KI har dei siste ?ra endra programmeringspraksisen i mange verksemder. I Noreg tilbyr fleire universitet og h?gskular no utdanningar i? programmering med KI.
– Vi burde jobbe for ? f? inn fleire av desse praksisane i skolen. Det var jo ein del elevar som ikkje f?rte samtalar med programmet, òg, og som fekk kjempegode karakterar. Men n?r du l?rer programmering, er arbeidsmetoden vel s? viktig som resultatet, seier Litherland.
I s?kalla ?vibe coding? – som har kome i 2025 – bruker ikkje programmerarane klassiske programmeringsspr?k som Java eller C#. Her bruker dei berre engelsk og f?rer slik ein samtale med KI.
– Programmering g?r fr? ? vere ein einvegs samtale der ein person sit og tastar i veg, til at det b?de handlar om ? taste, lese og byggje ei felles forst?ing med maskina. Dette liknar p? nokre av dei praksisane eg observerte.
Er programmering med KI juks?
Litherland trur at IT-profesjonelle framover i mindre grad vil trenge grunnleggjande programmeringsferdigheiter. - Dei m? heller vite korleis dei kan styre ein interaksjonsprosess med maskina.
– Men eg trur ogs? at vi m? sp?rje oss sj?lve kva vi reknar som grunnleggjande ferdigheiter, seier ho.
– Kanskje vil noko som har vore vanskeleg for studentar f?r, g? raskare, som ? skrive eit stort program med tusen linjer. Samtidig kan ting vi til no har sett p? som enkelt, bli vanskelegare, fordi du ikkje har hatt bruk for ? jobbe deg gjennom det.?
Det vi uansett kan vere sikre p?, er at KI er kjempegod p? programmering, understrekar ho.
– Dette er folk i skuleverket n?ydde til ? ta stilling til. For eksempel m? vi sp?rje oss kva vi ?nskjer at elevane skal l?re, og om programmering med KI skal reknast som juks eller ikkje.
Kilde
Litherland, K., & Kluge, A. (2023). Learning to program as empirical inquiry: using a conversation perspective to explore student programming processes. Computer Science Education, 34(3), 495–519. https://doi.org/10.1080/08993408.2023.2290410
Les og h?yr meir?
- Podcasten L?ring:?Programmering i skolen
- 澳门葡京手机版app下载saktuelt:?Vil gj?re dataprogrammering i skolen lett for alle
?

Litherland si doktoravhandling?”Learning to program, programming to learn: Conceptual and methodological investigations of programming as a sociotechnical learning process” er basert p? arbeid i to tverrfaglege forskings- og innovasjonsprosjekt;?ProSkap (Programmering og skaperverksted i skolen) og?Kodesnakk (Programmeringsoppl?ring med interaktive screencaster).
?