Ingen kan Landslova av 1274 betre enn han, ingen f?r Magnus Lagab?ter til ? skina som han – den norske kongen som aldri f?rte krig, tala om n?de og nye sjansar for alle, og styrkte rettane til fattige og kvinner. Professor i rettshistorie J?rn ?yrehagen Sunde har vore land og strand rundt med radikalt nytt fr? mellomalderen.
Allereie i januar, d? landslovjubileet starta, hadde han snakka live for tjue tusen menneske. No har han snakka for meir enn ti tusen nye.
– Er det ledig i kalenderen, seier eg alltid ja. Det er heilt uvesentleg kven som sp?r. Ein skule, eit departement, eit historielag, eit kyrkjeakademi. Noko av det kjekkaste var invitasjonen fr? historielaget i Steigen – ein av verdas vakraste plassar, halve kommunen er medlemmer, ein utruleg entusiastisk og fin gjeng. Dei veit s? mykje, dei les, stiller gode sp?rsm?l.
– Men d? dei spurde om eg kunne f?relesa for elevane i 9. og 10. klasse i siste timen deira f?r sommarferien, og etter at dei har overnatta p? skulen, d? n?lte eg. Snakka om ei 750 ?r gammal lovbok til tr?ytte ten?ringar som berre lengtar etter ferie? Men dei kvikna til, og meir enn det – dei let seg verkeleg engasjera. Det var herleg ? sj?, smiler Sunde n?gd.
Han har vore mange plassar og snakka for mange slags folk, kan Landslova ut og inn, bak og fram, maktar heile tida ? skifta fokus, improvisera. Manus finst ikkje.
– ? halda det same f?redraget hundre gonger, seia det same om igjen? Det duger eg ikkje til. Eg er utruleg god til ? gjera ting eg likar, h?plaust ubrukeleg til ? gjera ting eg ikkje likar. Om eg ikkje oppdagar noko nytt mens eg snakkar, d? kjedar eg meg.
Han kallar det stoffhandsaming p? speed.
– N?r du st?r der p? scena, kan du ikkje stoppa opp og seia: Vent litt no folkens, dette m? eg tenkja p? i to minutt. Nei, du lyt ta det der og d?, og d? pressar du hjernen til det ytste, for publikum ventar heile tida noko fr? deg.
Han er takksam for alle ?ra med Magnus og lova han laga.
– Eg har ete kveldsmat med dronninga og middag med kronprinsen. Eg har m?tt stortingspresidenten s? mange gonger at vi er p? fornamn, eg har f?tt m?ta heile regjeringa, og eg har avtale med statsministeren om ? ta ein ?l i lag. Landslova har gjort at eg har f?tt m?tt s? mange ulike menneske, f?tt gjort s? mange ulike ting, ting eg ikkje dr?ymde at eg skulle f? oppleva. Men det aller kjekkaste? Det var m?tet med ten?ringane p? Steigen skole.
Men no er han heime. Eit stort, kvitt hus med ein irande gr?n og frodig hage ikring. Heimen st?r planta p? ein liten bakketopp, med stupbratte fjellsider rett bakom. Vi er p? Vaksdal, ei bygd langs jernbanen midtvegs mellom Voss og Bergen. Fjorden ligg still, lyset er mjukt og varmt, nokre sjeldne solstr?lar finn vegen gjennom skylaget og inn i stova, der bordet er dekt.
Apollon har teke turen over fjellet fr? Oslo, vi er bedne p? frukost, det er s?ndag.
– Lang frukost i helgene er ein institusjon hos oss. D? skal alt p? bordet, d? skal vi eta lenge, prata mykje, ha god tid, seier Sunde med den mjuke bassr?ysta si, og sender eit varmt blikk over bordet til kona, Elisabeth Akselvoll.
– Sj?lv d? d?trene v?re, Anna og Sunniva var ten?ringar og ville sova lenge, ?t vi alltid saman. Det er n?r vi set oss ned, at vi kan f? til ei samtale. Ein femten?ring og ein femti?ring. Vi m? fors?kja ? forst? verda til kvarandre. Det er kanskje det aller viktigaste vi gjer.
Eldstedotter Anna var nyf?dd d? Sunde m?tte kong Magnus for fyrste gong, det var sommaren 2001, fortel han. Det skulle bli eit m?te for livet. Han var stipendiat ved Universitetet i Troms? og forska p? 1600- og 1700-talets rettshistorie. Men no fekk han litt tilfeldig i oppdrag ? skriva ein artikkel om ei lov fr? mellomalderen.
– Det var ikkje Magnus som interesserte meg, han tenkte eg ikkje p?. Eg er rettshistorikar, det var lova. Korleis var Landslova laga? Kva betydde ho? Korleis endra ho landet? Men s? ein dag fekk eg sp?rsm?let: Kven er kong Magnus? D? tenkte eg: Ja, kven er kong Magnus?
Svaret finst no mellom to stive permar, to usedvanleg vakre, kongebl? permar med gullskrift p?: Kongen, lova og landet. ? laga ein biografi basert p? ei lov, har truleg ingen gjort f?r han.
– Landslova er ein mann sitt politiske prosjekt, det er hans jernvilje som driv prosjektet igjennom, seier forfattaren.
Boka om Magnus Lagab?ter er hylla av kritikarane. Ho l?g p? bestseljarlistene i fleire veker og har selt over ti tusen eksemplar, noko som er sjeldan for ei sakprosabok.
– Ja, kven er d? kong Magnus?
– For det fyrste: Magnus er modig. Han er ein modig politikar, ikkje fordi han bruker makt og tvingar folk, men fordi han pratar med folk. Han er s?rs god til ? lytta. Samstundes har han sterke meiningar og pushar samfunnet i den retninga han meiner er rett. Det viktigaste eg har l?rt av Magnus Lagab?ter, er at det g?r an ? vera modig n?r du driv politikk.
– For det andre: Magnus har eit ekstremt positivt menneskesyn. Det finst mange d?me p? at dei som lagar lover, meiner dei sj?lve veit best kva som er best. Folk er egoistiske og eigennyttige, difor kan dei ikkje sleppast laus, men tuktast med lov. Magnus tenkte annleis. Heile lovboka er ein invitasjon til ? delta i samfunnsstyringa. Menneska er i stand til ? ta gode val, meinte kongen.
– Men, han er ikkje naiv. Han set alltid folk saman i grupper. Det betyr at dei passar p? kvarandre, men òg at dei m? samsnakka og bli einige. Alts? konsensus. Det har eg utruleg sansen for, det speglar mi eiga verdsoppfatning. Ogs? dei utan makt vart h?yrde. Det handlar om ? setja seg ned, pr?va ? forst? kvarandre.
Kongssonen Magnus fekk undervisning av fransiskanarane i Bergen, tiggarmunkane, dei som budde og jobba blant dei fattige og elendige. Han m? ha sett den tr?ysteslause slummen, f?tt erfaringar som skulle prega lovarbeidet hans.
– For berre eit halv?r sidan fann vi ut at mellomalderkongen var langt meir l?rd og opplyst enn vi har trudd. Det var ikkje snakk om ei og anna f?relesing hos fransiskanarane. Han hadde lese all vesentleg litteratur i si samtid, poengterer Sunde.
Magnus Lagab?ter har ikkje f?tt den anerkjenninga han fortener, meiner Sunde. Han er ikkkje sjeldan vorte m?tt med nokre drabelege fordommar. Norske historikarar har ikkje likt den internasjonalt orienterte, litt veike, kyrkjeglade typen. Ikkje slost han i krig heller.
– Enno finst fordommane. N?r eg reiser rundt og formidlar, m?ter eg historikarar med nokre av dei same haldningane: Kong Sverre tala Roma midt imot. Vi vil ikkje ha ein konge som ikkje talar Roma midt imot! Eg blir provosert. Pave Nikolas l?yvde hundre dagar syndefritak, avlat, for dei som bad for den norske kongen. Berre Ludvig den heilage av Frankrike fekk same privilegium.
– Kor h?yrer d? Magnus heime i Europa politisk? Ved sida av helgenkongen i Frankrike. Det er ei enorm anerkjenning av aktiviteten hans. Kva historikar har skrive om dette? Ingen!
?Det viktigaste eg har l?rt av Magnus Lagab?ter, er at det g?r an ? vera modig n?r du driv politikk.?
Sunde er, som Magnus, hordalending, oppvaksen i Uskedalen i Kvinnherad. Mora var ung d? han vart f?dd. Barndomen var ikkje s?rleg pedagogisk, meiner han. Mor hans l?rte han ingen barnesongar. D? han byrja p? skulen, kunne han i staden teksten til 'Whiskey in the Jar' av The Dubliners utan?t.
– I dag ville barnevernet straks vore p? d?ra. Eg vaks opp litt som Emil i L?nneberget. I det gamle bygdesamfunnet trong mor mi aldri ? bekymra seg for om eg hadde mat. Eg kunne g? inn i kva hus eg ville og ta det eg fann i kj?leskapet, eller setja meg ned og eta middag, det var heilt naturleg.
– Eg l?rte seint ? lesa fordi eg har evna til ? memorera alt, men i tredje klasse vart eg avsl?rt. Mor kjem fr? ein bokl?rd familie, det ? lesa b?ker og aviser var heilt naturleg. D? eg var elleve ?r ?ydela eg foten, knuste ein ryggvirvel og vart klassifisert som 30 prosent invalid. Eg m?tte slutta med fotball og friidrett. Eg hadde enormt mykje energi, no gjekk alt inn i lesinga. Huset v?rt var fullt av b?ker.
Vestlendingen har vore forskingsleiar ved museet Baroniet Rosendal, og i mange ?r var han professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen, ein halvtimes togtur unna Vaksdal. Men for fem ?r sidan vart togturen br?tt mykje lengre.
– Det var Magnus som drog meg over fjellet til Oslo. Eg byrja p? Landslovprosjektet i Bergen i 2014, men fekk ikkje st?tta eg trong til ? gjera prosjektet s? stort som eg dr?ymde om. Det juridiske fakultetet i Oslo har vore fantastisk til ? stilla opp. Men eg mangla pengar til forskinga og pr?vde meg p? Nasjonalbiblioteket. Ei stund vart eg kalla Jehovas Vitne, eg sette foten i d?rsprekken, ville ikkje g?. Men n?r dei fyrst kom med, var det med ofseleg styrke. Nasjonalbiblioteket har vore nasjonal koordinator for Landslovjubileet 2024.
Han skriv lett, Sunde. Lista over publikasjonar er lang og mykje er lese av mange – vitskaplege artiklar, b?ker, kronikkar.
– Eg skriv berre n?r eg har noko ferdig tenkt. N?r eg driv p? i hagen, tenkjer eg. N?r eg k?yrer bil, tenkjer eg. Eg m? jo gjera p? noko. Og s? ligg det der, lagra i hovudet. Det handlar om ? tenkja lenge nok til at du veit kva du ikkje skal skriva. ? tenkja gjennom er ? skrella vekk og skrella vekk. Og s? veit du, det er dette eg skal skriva. Eg skreiv heile boka om Kong Magnus Lagab?ter p? seks veker, d? hadde eg end?til to veker sommarferie med kona.
Ei utruleg kraft, seier fagmilj?et n?r Apollon sp?r. Ein framifr? forskar, ein einest?ande formidlar.
– Kva driv deg?
– To ting. Det fyrste er nyfikna mi. ? f? komma til Alta, Harstad, R?ros, S?gne, Bryne for ? formidla. S? mange forskjellige plassar, s? mykje ? l?ra. ? sitja p? Karm?y og venta p? ? halda eit f?redrag, kj?pa thai-mat og bli spurt om du vil ha meir ris eller pommes frites. Det er ei fantastisk fin oppleving. Eg blir litt klokare, forst?r Karm?y – og Noreg litt betre. Slike ting synest eg er str?lande.
– Det andre er uroa mi. Uroa over korleis samfunnet utviklar seg. Vi veit at om det tar fyr i huset, skal vi alle g? roleg til naudutgangane. No brenn det over heile verda, det er klimakrise, teknologikrise, flyktningkrise, krig. Ingen g?r roleg til naudutgangane, men spring som galne. Folk blir trampa i hel. Eg driv historieformidling. Eg kan ikkje redda verda. Men eg trur at jo meir kunnskap som kjem inn i verda, desto f?rre trampar vi i hel. Alt eg seier handlar djupast sett om ? leva i samfunn med kvarandre.
Apollon har funne fram ein artikkel fr? 2003, der overskrifta er eit sitat: ?– Drit i loven?. Den unge juristen som uttalar seg i slike friske ordelag, seier at han ynskjer ? f? folk til ikkje ? f?lgja lova, og at om vi vil ha god juss, s? m? vi skapa han sj?lv. Og at vi snakkar altfor mykje om lov og for lite om rettferd.
– Eg synest stipendiat Sunde var utruleg kl?rsynt. Eg er einig i alt eg sa den gongen. Ja, faktisk er eg meir oppteken av dette enn nokon gong.
Lover og forskrifter vert slengde ut i eit enormt tempo, seier juristen, han kallar det lovgalskap. Men sj?lv med all lovgjevinga vi har, er det framleis eit stort rom imellom – det som er utriveleg, men lovleg.
– Vi vil aldri kunna produsera nok lov til ? fylla det rommet. Jussen strekk ikkje til. I staden treng vi reglar som fortel oss kva som er godt og d?rleg. Sett at vi har ei lov som forbyr meg ? t?mma white spirit i toalettet. Men kva kan hindra meg i ? gjera det, ingen vil jo oppdaga det? Jau, mi eiga skamkjensle over ? ?ydeleggja havet og framtida til borna p? jorda.
Juristen meiner vi treng moral, at behovet er akutt.
– N?r moralen f?r rettleia oss, d? blir ikkje alt likt, d? blir ikkje alt rettferdig. Men det blir mogeleg ? gjennomf?ra. I ei lita bygd som Vaksdal f?r du fort moralkjensle. Du omg?st dei same menneska i eit lite rom. Det tek ikkje lang tid f?r moralen g?r seg til. Godt og d?rleg p? Vaksdal st?r fast veldig lenge.
Sunde synest det er vanskeleg ? vera menneske i ei global verd, halda fast p? at det eg gjer, betyr noko for andre.
– Vi er n?ydde til ? tru p? det, elles f?r vi ikkje ei god verd. D? f?r vi verda til Putin eller Trump, som er totalt amoralsk. Eg har eit grunnleggjande positivt syn p? menneska. Det har vi felles, Magnus og eg. Eg har reist Noreg rundt i mange ?r og m?tt utruleg mange fine folk. Byrjar vi tru at andre er skurkar, d? vert det farleg. Det einaste som kan frelsa eit samfunn fullt av skurkar, er tyranniet. Trur vi ikkje at mennesket er godt, kan vi ikkje ha demokrati. Eg har m?tt heilt fantastiske ungdommar, opplyste og moralsk skulerte. Eg er kjempeoptimist p? framtidas vegner.
No m? de eta, eg blir litt bekymra, avbryt Sunde seg sj?lv. Han pratar, uvanleg godt og lett. Gl?ymer sj?lv ? eta det varme br?det, dei nykokte egga. Kva trur han Magnus ville prata om, om han hadde sete ved bordet og ete i lag med oss?
– Magnus levde i ei tid der enno ingen har tenkt tanken at Gud ikkje finst. Vi lever i ei sekul?r tid, vi er rivne laus fr? det evige, det er eit veldig skilje. Samstundes er vi menneske. Vi kunne prata med Magnus om borna v?re, òg om ?konomi, trur eg – og vi ville forst? kvarandre. Vi ville kunna kommunisera om ? vera i verda, men ikkje om verda. For v?r verd kan han ikkje forst?. Prosjektet mitt dei siste ?ra har nettopp vore ? pr?va ? transformera noko skapt i eit heilt anna verdsbilde og gjera det forst?eleg i dag. Det har vore ei kjempeutfordring.
Sunde har sj?lv tru p? noko st?rre.
– Ved ? tru p? Gud, eller noko anna st?rre enn deg, sj? deg sj?lv som del av ein heilskap, trur eg du blir eit betre medmenneske, og betre menneske skapar betre samfunn. Eg bryr meg ikkje om kva du og eg og andre trur p?, berre det er p? noko st?rre enn oss sj?lve.
– Kva er st?rre enn deg sj?lv – for deg?
– Eg trur p? Gud. Finst det intellektuelle grunnar til ? tvila p? Gud? Veldig mange. Kona og eg har vore i lag i nesten tretti ?r. Vi er totalt forskjellige. Reint intellektuelt kan vi umogeleg vera glad i kvarandre enno. Men vi er jo det. Eller lurer vi oss sj?lve? Men det betyr ikkje noko. Vi lever eit godt liv og er lukkelege. Det er igjen det ? tru p? noko st?rre, p? det umogelege. Alt som er viktig, er sp?rsm?l om ? tru. Kj?rleik er eit sp?rsm?l om ? tru. Alt som er g?y i livet, er basert p? tru.
Noko han verkeleg har tru p?, er hagen. D? familien kj?pte hus p? Vaksdal, skulle det vera med hage.
– Vi laga hagen til ein stad ingen ungar i bygda greidde g? forbi, men berre m?tte inn og leika med d?trene v?re. Hagen vart s? viktig for Anna og Sunniva, at dei insisterte p? ? bli konfirmerte i hagehuset. S? hage vil dei alts? ha, men dei er skit elendige til ? jobba der, det er det Elisabeth og eg som gjer.
– Men vi elskar det. Vi har samla meir enn 70 ulike typar tre, over 30 ulike slags roser, ei enorm mengd bregnar og blomar. Fargerike vekstar fr? alle kantar av kloden. Her inviterer vi til sm? og store hageselskap s? ofte vi kan.
Sunde seier at familien er ramma rundt livet, at kona og d?trene gjer han til den beste utg?va av seg sj?lv.
– Eg vil vera best, det har alltid vore ambisjonen min. Ein av Europas ti beste rettshistorikarar. Akademia der ute har s? t?ffe karrierevilk?r at mange lever som munkar. Eg valde kone og barn, men har likevel produsert like mykje som dei. Eg kunne ikkje ha jobba s? hardt utan familien min, dei gjev meg inputen eg treng. Eg har vore mykje borte og reist, men d?trene mine seier at dei la ikkje s? godt merke til det. Kanskje lyg dei. Men det skal eg ha, eg avlyste alt viss det krasja med fotballkampar, kulturskulekonsertar, teaterframsyningar eller skuleavslutningar. No er dei vaksne og greier seg sj?lve, den eine studerer juss i Oslo, den andre arkitektur i Trondheim.
Eitt ?r hadde han eigen bustad i Oslo, betalt av eit forskingsprosjekt. Men ? sitja der i ei upersonleg leilegheit? Heilt pyton, seier han.
– Eg m? omgje meg med masse ting for ? trivast, elles kan det vera det same. Eg har berre ein liten ryggsekk, i den er heile livet mitt i vekedagane; nokre t-skjorter, underbukser, gnags?rplaster, eit par paraplyar. Eg bur p? eit rom p? St. Katarina-hjemmet, eit kloster rett ved Bogstadveien, eller p? eit rom hos ein i slekta. Det er her p? Vaksdal eg har hus og heim, hage og hustru, alt eg ynskjer meg.
No er jubileums?ret snart slutt. J?rn ?yrehagen Sunde set strek. Han har reist mykje, han er tr?ytt no, seier han.
– Det er ikkje det ? halda f?redrag som gjer meg tr?ytt. Eg f?r energi av det. Men med kvart f?redrag kjem det 20 e-postar. Skal du ha vatn? Treng du projektor? N?r kjem du? Eg har halde 120 f?redrag til saman i ?r. Gongar eg det med 20, vert 2400 e-postar. Og enno har eg ikkje kome til reiserekningane. No m? du forska p? noko, seier Elisabeth, for no er du sur. Det er den dagen det vart for mange rekningar, d? er eg ikkje til ? vera i hus med. Eg hatar alt administrativt, eg hatar det av heile mitt hjarta.
?Eg var ikkje sint d? eg skreiv om kong Magnus, no skal eg vera skikkeleg sint.?
– Kva skal du gjera no?
– Eg er blitt spurd om ? f?lgja opp boka om kong Magnus med ei bok om sonen hans, H?kon 5., og gjerne ei bok om Heilag-Olav ogs?. Eg nektar. Eg orkar ikkje tanken p? ? bli verande i ein b?s. Viss eg ikkje utfordrar meg sj?lv, g?r vidare med noko nytt, d? d?yr eg.
Han kjem ikkje til ? d?y med det fyrste. Juristen skal straks i gang med ? skriva ein 60 siders pamflett: Den klassedelte rettsstaten. Han minnest ein gong han sat med studentane sine i rettssalen, dei f?lgde ei sak mellom to personar med formue. Store ressursar gjekk med til ein krangel.
– Eg hadde lyst til ? skrika ut: Slutt, dette er berre tull! Gje pengane til Redd Barna, og g? heim og hald fram ? vera sure kvar for dykk. Slik det er no, f?r ikkje vanlege folk hjelp av rettsstaten n?r dei treng det. Det er blitt for dyrt. Vi har late det skje, og vi m? stoppa det no, f?r det er for seint. Eg var ikkje sint d? eg skreiv om kong Magnus, no skal eg vera skikkeleg sint.
Og snart etter kjem det meir, ei bok: ?Forsvarstale for eit vondt menneske?.
– Det vonde mennesket er ei kvinne som levde i Noreg p? 1700-talet, skulda for ? ha drepe fem menneske. Det er lett ? lika Magnus, umogeleg ? lika henne. Men eg skal forsvara kvinna. Pr?va ? trengja igjennom, kva er det som driv ho til desperate handlingar? Korleis var samfunnet for fattige kvinner den gongen? Igjen handlar det djupast sett om ? pr?va ? forst? verda til kvarandre.
Det viktigaste vi gjer.