Evolusjonens frontkrigarar

Immunologien er historia om korleis mennesket tok grep om sin eigen evolusjon. Men i naturen sitt kappl?p gir ingen seg utan kamp.

Meld av Kristian K. Starheim

Fr? vi er f?dde er vi under angrep. I kampen for tilv?ret er vi eit matfat for ei mengd mikroorganismar. Men immunsystemet v?rt held dei p? armlengds avstand. Klarar vi ikkje det, er konsekvensen soleklar. Det er oss eller dei.

DET ER HER professor og lege Anne Spurkland si bok “Immun, kroppens evige kamp for ? overleve” byrjar. Det er entusiasten Spurkland som er forteljaren i denne boka. Ho vil fortelje oss historia om korleis immunsystemet jobbar for oss i kampen for tilv?ret. Korleis skil det mellom oss og “dei andre”? Korleis tilpassar det seg mikroorganismar som stadig er i endring, og korleis taklar det den “indre fienden” – kreft?

Dette er likevel ikkje ei l?rebok i immunologi. Vi f?r ogs? historiske blikk p? kva utfordringar immunologien har s?kt ? svare p?, og kva den har ? seie for oss som menneske i dag. Og det er ikkje lite – infeksjonssjukdomar er av dei mest formande, evolusjon?re kreftene i mennesket si historie.

SPURKLAND dreg alts? fleire linjer samstundes. Dei historiske og samtidige forteljingane tek ofte utgangspunkt i enkeltpersonar, og ei slik forankring av biologien i konkrete eksempel engasjerer. ? lese om korleis forskinga og faget har fridd mennesket fr? enorme helseproblem, er b?de fengande og r?rande. Eit sterkt eksempel er fr? Spurkland si eiga slekt p? Nordm?re. For berre tre-fire generasjonar sidan d?ydde 40 % av borna som vart f?dde i familien. Infeksjonssjukdomar var den store dreparen. Eit blikk tilbake p? mitt eige slektstre er ikkje meir lystig lesnad, og dette er berre litt over 100 ?r sidan. Vi kan i stor grad takke immunologien sine to st?rste suksessar, vaksinar og antibiotika, for at vi ikkje har det slik i dag.

MEN, B?DE vaksinar og antibiotika har i dag utfordringar. Det er ein viss ironi i at utfordringane er ei direkte f?lgje av suksessen. Sidan meslingar og polio er s? ? seie utrydda, vert det s?dd tvil om vaksinane sin verknad. Sidan antibiotika er s? effektivt, har vi f?tt eit enormt overforbruk, med p?f?lgjande framvekst av multiresistente bakteriar. Dette er utfordringar som m? m?tast b?de i og utanfor laboratoriet. Vi er n?ydde til ? ha forsking for vidare utvikling av medisinar, og forskinga og medikamenta m? ha legitimitet i befolkninga. Fritt omsett fr? amerikansk: ein m? vinne hjarte og hjernar.

SLIK SETT kan ein seie at denne boka kjem p? eit viktig tidspunkt. Konkrete og n?re forteljingar er n?dvendige for ? minske avstanden mellom spesialistane og resten av befolkninga. Denne boka er ikkje eit debattinnlegg, men heller eit formidlingsprosjekt. Den vil invitere lesaren inn i eit fantastisk spennande fagfelt, og ho har smittande entusiasme som v?pen! Her har formidlinga sin plass i debatten: n?r polemikken blir lagt til sides, kan lesaren sj?lv n?rme seg informasjon som ein elles hadde sett p? med skepsis.

MEN HER er ein ogs? inne p? eit av boka sine problem: kva slags lesarar vil boka treffe? Ved ? ta for seg b?de historie, biologi og dagens pasienthistorier har Spurkland valt ei krevjande forteljarform, og det kan vere vanskeleg ? hengje med i dei immunologiske svingane. Ei anna utfordring med immunforsvaret er ? finne den gode pedagogiske framstillinga. Det hadde vore kjekt med ein lett tilgjengelig oversiktsfigur over dei viktigaste typane protein, celler, vev og organ. Litt strammare regi og oversikt hadde opna stoffet for fleire.

SPURKLAND har sj?lvsagt tatt med meir enn det ein rekk ? nemne i ei kort bokmelding. Det er fristande ? seie at immunologien er i ei brytingstid – dei siste 15 ?ra har vi gjort store oppdagingar i korleis immunforsvaret lynraskt kjenner att mikroorganismar. Og berre dei siste par ?ra har immunologien opna ei heilt ny d?r innafor kreftbehandling – immunterapi. Men som denne boka viser: immunologien har gjort fantastiske framsteg nesten kvart ti?r sidan sitt moderne gjennombrot. Det er denne fantastiske reisa Spurkland tek oss med p?.

 

 

 

 

 

Publisert 20. apr. 2018 10:52 - Sist endret 7. nov. 2025 15:11