Fridom i forvitring eller forandring

Klangen av ordet fridom sit urikkande fast i v?rt historiske og kollektive minne. Den som ikkje er fri, er ikkje eit heilt menneske. Denne boka er ei vakker g?ve fr? Universitetet i Oslo til Grunnlovsjubileet, skriv Edvard Hoem.

Fridommens yttergrense ligg i ei ukjend framtid, og framtidige generasjonar sender oss eit ?tvarende ekko, skriv Edvard Hoem.  Illustrasjon: Ingrid Reime

Av Edvard Hoem
Publisert 5. aug. 2014

Det er krevjande og forpliktande n?r ein bruker ordet ?frihet? i ein boktittel, slik Dreyers Forlag har gjort. I artikkelantologien ?Ja, vi elsker frihet? har ein hengt fridommen bakp? den f?rste linja i den norske nasjonalsongen, og for somme vil det kan hende bli for mykje.

Men n?rverande lesar har ikkje irritert seg verken over tittelen eller over at innhaldet spriker. Ikkje overraskande er resultatet best n?r fagfolk skriv om fridom og fridoms grenser med solid forankring i eigen spesialitet. Verken akademikarane eller den skj?nnlitter?re forfattaren som her kommenterer verket, kjem unna ? reflektere over kvar fridommens yttergrenser g?r, i profesjon og eige liv. Mange av forskarane er h?gt kvalifiserte p? sine felt, og ville i kollegial samanheng ordlagt seg annleis, men denne gongen vender dei seg til eit st?rre publikum, og det er aktverdig.

Denne lesaren fekk ved ? lesa denne boka greie p? mykje han ikkje visste fr? f?r, og det tvinga han til ? reflektere over sp?rsm?let: Korleis st?r det til med fridommen i v?r tidsalder, da vi er mange som kan f? det meste av det vi peikar p?, men da vi ogs? er medvitne om at vi gjennom ? realisere v?r eigen fridom kan setta andres fridom i fare?

Fridommens yttergrense ligg i ei ukjend framtid, og framtidige generasjonar sender oss eit ?tvarande ekko fordi v?r livsutfalding kan ?ydelegge livsvilk?ra til dei som kjem etter oss. Dette temaet er sj?lvsagt med i boka. Matematikaren Jan Martin Nordbotten skriv at dei siste ti?ra har f?rt oss til eit vendepunkt i sivilisasjonshistoria fordi nasjonane ikkje lenger avgjer sin lagnad aleine, men p?verkar kvarandre gjennom eit felles klima. Havet er ikkje lenger ein uendeleg ressurs. Energi og matressursar m? haustast med m?te, og kampen om dei same ressursane kan bli ei utl?ysande ?rsak til ?ydeleggande konfliktar og krigar. Skal menneskeslekta overleva, m? vi alle besinne oss p? ein annan m?te enn f?r.

Dette set nye grenser for v?r handlingsfridom. Filosofen Lars Fr. H. Svendsen skriv at det p? 2000-talet vart klart at mennesket er den dominerande krafta p? jorda. ?I l?pet av et ?r flytter vi mer masse enn Indus og Mississippi, mer enn vinden plukker med seg av sand over Kalahari?rkenen, mer enn fossefall og alle verdens isbreer klarer ? rive med seg.? Det er alt farleg vakkert uttrykt og enda meir farleg som realitet.

Parallelt med dette perspektivet g?r det andre renningar i tekstveven i boka, som inneheld mykje av det eg vil kalle ?Utsyn over fridommens historie?. Korleis har fridommens vilk?r endra seg gjennom tidene? Er fridommen i forvitring eller berre i forandring? Dessutan er boka frivillig og ufrivillig ei utstilling av tankeverda v?r, tankane til oss som lever no, i eit av dei rikaste og friaste samfunn som verda har sett, i Norge ved inngangen til det tredje tusen?ret. Ordet fridom, som har ein s? mektig klang, blir forflata av v?r eigen uavgrensa valfridom: ?Han valgte ? avslutte livet? st?r det i d?dsannonsane. ?Takk for at du valgte ? ta flytoget?! Vi har uendeleg valfridom n?r det gjeld forbruksvarer. Vi kan velja ikkje ? ha barn. Vi kan velja ? gl?yme det som gjekk galt, for vi st?r ikkje til ansvar. Vi treng ikkje angre, for det som skjedde, m?tte skje. Og likevel veit vi, inst inne, at livet v?rt ikkje er eit produkt av endelause seriar av frie val, men like mykje styrt av tilfellet, slumpen, genetiske prosessar og ?rsaker vi ikkje har oversikt over. Den frie viljen er biologisk umogleg, men moralsk n?dvendig, skriv biologen Dag Hessen. Tilfeldige m?te, flaks og uflaks, arven fr? fortida og frykta for det ukjende styrer oss meir enn vi likar ? tru. Forteljinga om v?r grenselause fridom er p? mange m?tar ein illusjon.

Men det er ogs? sant at dei moderne velferdssamfunna i tidsepoken etter den andre verdskrigen har tilf?rt store folkegrupper ein fridom som f?r berre kom dei f? til del. Dette skriv sosiologen Gunnar C. Aakvaag om i sitt store og gjennomarbeidde essay ?Frihetens demokratisering?. Han opnar med ? definere fridom som ?? f? det som man vil?. Under lesinga kom eg til ? tenke p? ein definisjon av fridom som Aakvaag ikkje er inne p?, men som er ? finne i Dag Solstads roman ?25. septemberplassen? fr? 1974: ?? v?re fri, er ? ha fri?!

I staden nemner Aakvaag ?konomisk handlefridom, for det andre retten til ? velja partnar, yrke og livssyn, for det tredje fridom fr? sosiale sanksjonar, for det fjerde det han kallar exit-muligheter, nemleg fridom til ? stikke fr? dei sosiale situasjonane vi har valt oss inn i, og endeleg fri informasjon om alternative utvegar, s? vi fritt kan velja mellom dei.

I den vestlege moderniteten, seier Aakvaag, finst det ein fri-domseksepsjonalisme: at moderne samfunn p? den eine sida er eksepsjonelt gode p? ? ta fridommen fr? menneska: Totalit?re samfunn, det kommunistiske og det nazistiske, bruker statens overlegne kapasitet til ? sperre samfunnsmedlemmene inne i eit jernbur av overvaking og kontroll. Men det moderne samfunnet er ogs? eksepsjonelt i si evne til ? gi samfunnsborgarane utvegar til ? leva sine eigne liv og utstyre dei med rettar og ressursar som fleirtalet f?r i tida berre kunne dr?yme om. N?r ein har greidd ? demokratisere fridommen, har ein i det minste lykkast med ? demme opp for modernitetens illiberale side, skriv Aakvaag. Det er skarpt sett.

Essayet hans er ein pendant til Torkel Brekkes analyse av det reformatoriske element som ikkje berre finst i kristendommen, men ogs? pregar moderne islam. Brekke granskar dei reformatoriske tr?dane som f?rer fram mot den arabiske v?ren, men er s?rleg forvitneleg n?r han diskuterer det reformatoriske oppbrotet i religionen, som peikar i to vidt ulike retningar, b?de i kristendommen og islam. Reformasjonen i kristendommen f?rte til st?rre humanitet, nasjonalspr?kinteresse, interesse for filologi og bibelkritikk. Men bibelen p? folkespr?ket f?rte ogs? med seg skriftfundamentalisme, bokstavtru og religi?s reaksjon. Brekke seier at ein ser desse to tendensane ogs? i den islamske reformatoriske retninga i islam, som har gjort seg gjeldande sidan slutten av det 19. hundre?ret. Mykje av fridomslengten er blitt st?ypt om til fundamentalisme og krav om bokstavtruskap til Koranen og heilag krig for profeten. Men det finst ogs? folk som Tariq Ramadan, professor i islamstudium ved universitetet i Oxford, som Brekke reknar til den liberale og humanistiske vidaref?ringa av reformasjonen. Brekke, som er professor i religionshistorie, trur at den islamske reformasjonen i det lange l?p vil ta ei humanistisk og liberal retning. Han bruker India som eksempel: Der lever 200 millionar muslimar under elendige vilk?r, men det skjer ikkje ei brei radikalisering der, for India er eit demokrati, som forresten nyleg har g?tt til val, noko dei bruker fem veker p? ? gjennomf?re p? ein grundig og sikker m?te.

Det sprikande perspektivet i ?Ja, vi elsker frihet? blir under lesinga ikkje eit forvirrande, men eit sjarmerande trekk. Mange av forfattarane refererer til utgangspunktet: Grunnlovsjubileet. Historikaren Mona Ringvej skriv av eidsvollsmennene var ?beruset av frihetsideer?, og at ytringsfridommen var aller fremst i rusen. Tilfeldigvis sit lesaren og meldaren av denne boka med det adler-falsenske grunnlovsutkastet framfor seg, og kan stadfeste at det er sant: Noko av det f?rste grunnlovsfader Christian Magnus Falsen gjorde, var ? definere kva fridom er, alt i paragraf 2: Frihed er den ret, ethvert Menneske har til at foretage Alt, hvad der ikke indskr?nker Andre: dens Princip er Naturen, dens Regel: Retf?rdighed, dens Vern, Loven.? S? innf?rer han paragrafen om trykkefridom som ein viktg del av ytringsfridommen i paragraf 26.

Fleire forfattarar, blant dei juristen Fredrik Sejersted, skriv om korleis lover og reglar, som Grunnlova, sikrar v?r fridom som individ, gir oss ytrings- og trusfridom, og sikrar oss mot tortur og vilk?rleg fengsling. Grunnlova bind oss. Vi f?r fridom gjennom binding. Dette gjeld ogs? dei som i utgangspunktet ikkje tilh?yrer den norske nasjonen, men som likevel er borgarar her, anten som urfolk eller som innvandrarar. Derfor kjenner eg meg ikkje igjen i p?standen fr? Thomas Hylland Eriksen om at fridom ikkje alltid har vore rekna som den h?gaste verdien i Norge, fordi likskaps- og tryggleiksverdiane stod sterkare i ?forrige generasjon?, som han uttrykker det. Dette stemmer ikkje med mi erfaring: I heimen min, i skolen eg gjekk p? og i media i min barndom var fridom eit begrep som stod h?gare enn alt anna. Sosial tryggleik og st?rre likskap var ikkje viktig for sin eigen del, men fordi det kunne gi st?rre fridom til den enkelte.

Eitt perspektiv som f?r for lite plass i denne boka, er samanhengen mellom ytre og indre fridom, og det eg vil kalle fridommens paradoks, nemleg at det finst ein ufridom i den store fridommen, medan ein indre fridom ogs? kan finnast hos den som lever i fangenskap og slavek?r. Paradokset blir rett nok kraftfullt belyst i Per Fugellis appell om den fridom som oppst?r i d?dens lys.

Mange artiklar vekker vidare leselyst og gjer at lesaren sj?lv innser at han er vesteuropear og ofte har eit snevert perspektiv, for eksempel artikkelen til Lars Kirkusmo Pharo om politisk fridom i konstitusjonar hos amerikanske urfolk. Andre vekker ubehag, som artikkelen til ?yvind Fuglerud om norsk fredsmekling i Sri Lanka og Jorunn ?kland om feminismen som nyliberalismens mor. Per Fugelli vekker sterke assosiasjonar n?r han siterer Nordahl Griegs verselinje: ?Det f?dtes i oss en visshet: Frihet og liv er ett. / S? enkelt og uunv?rlig som menneskets ?ndedrett.? Sannare kan det vel ikkje seiast.

Mange andre innlegg i boka kunne med fordel ha vore omtalte, men plassen forbyr det.

Den ?konomisk ufridommen som mesteparten av menneska p? jorda har levd under, har vore komplettert med at menneske har vore underlagt viljen til andre menneske, slavedrivarar og despotar, blodsugarar, arbeidsgivarar og familietyrannar og maktglade menneske som har bura medmenneska inne og p?lagt dei alle slags tenkelege restriksjonar. Slaveriet og fangenskapet er grunnkategoriane som har forma v?r menneskelege sj?lvforst?ing. Eit menneske kan ha mange slags plager, men er det ikkje fritt, er det ikkje eit fullverdig menneske. Det er p? grunn av denne eksistensielle og avgjerande realiteten at klangen av ordet fridom sit s? urikkande fast i v?rt historisk og kollektive minne. I den patriotiske retorikken og dei politiske utopiane, s? vel som i den religi?se tradisjonen, har ordet fridom ein einest?ande posisjon.

Sidan teologane glimrar med sitt fr?v?r i denne boka, kan det vera p? sin plass ? avslutte med nokre merknader om fridommen i den kristne tradisjonen og i j?dedommen. Som eit lite folk var j?dane utsett for fangenskap i Egypt og fordriving til Babylon, og fridomslengten har sett sitt umiskjennelege stempel p? spr?ket i Det gamle testamentet, som igjen gav Jesus fr? Nasaret hans religi?se retorikk. Fridom er framfor alt ein indre realitet. Det grunnleggande perspektivet hos Jesus er frigjeringa fr? slavek?r som skjer ved hans frelse fr? slaveri under synda. ?F?r sonen gjort dykk frie, d? blir de verkeleg frie.? (Joh. 8,36) Men det er ogs? ein ytre realitet at den store fridommen skal innfinne seg ein gong: ?S?le dei som hungrar og t?rstar etter rettferd, dei skal verta metta? (Matt. 5,6) Paulus forkynner i Galatarbrevet at mennesket gjennom Kristus er frigjort fr? slaveriet under lova, og derfor verken treng omskjering eller ? avst? fr? visse typar mat. Men fridommen skal menneska bruke til ? elske kvarandre. (Gal. 5,13) Frigjeringa g?r til kjerna av det menneskelege. Den som ikkje er fri, er ikkje eit heilt menneske.

Det var vona om frigjering i d?den og eit nytt liv utan mobbing, forakt og slavek?r som fekk kristendommen til ? spreie seg med eksplosiv kraft i fattigkvartera i Trastevere utanfor Roma i det f?rste og andre hundre?ret av v?r tidsalder, dei som ikkje ein gong var rekna som romarar, og langt mindre som romerske borgarar, men som fekk borgarskap i eit st?rre rike, ein ny himmel og ei ny jord.

Kva s?? Jo, ?s? fikk vi kirken med paver og prester?, som Rudolf Nilsen uttrykte det, med avlatshandel og pomp og prakt, som bar kimen i seg til reformasjonens frigjeringsteologi, forkynt blant anna i den mektige tittelen p? Luthers brev til pave Leo: ?Die Freiheit eines Christenmenschen?, ?Eit kristenmenneskes fridom?.

S? kom pietismen, som l?rte mennesket at prestane og prelatane var un?dvendige mellomledd, at det enkelte mennesket kunne st? oppreist framfor Gud, internalisere han og tala til han i sitt inste. Kvardagens gjerem?l vart eit gudgitt kall for den frelste og frigjorde i haugianismen, som likestilte kvinner og menn i forkynning og arbeid. S? kom alle levereglane og forboda mot det syndige, og den johnsonske vekkingsr?rsla fann ut at lekmannsforkynning p? Hauges manér var ei naudl?ysing i ei kyrkjeleg krisetid, og at det i alle fall var i strid med Bibelen at Hauge lét kvinnene preike i forsamlinga.

Denne lesaren kunne ha lagt til noko om samanhengen mellom ytre og indre fridom i latinamerikansk frigjeringsteologi, men det f?r koma ein annan stad. Boka ?Ja, vi elsker frihet? inspirerer til refleksjon i mange retningar over fridommen og fridommens vilk?r, og er ei vakker g?ve fr? Universitetet i Oslo til Grunnlovsjubileet i 2014.

Publisert 5. aug. 2014 14:09 - Sist endret 7. nov. 2025 15:11