– Dei f?dande treng omsorg og respekt

– Mindre teknologi og meir sunn fornuft er det som skal til for ? betre f?dselssituasjonen for kvinner i Afrika.

TANZANIA-NOREG: I tre ?r har Andrea Solnes Miltenburg vore observat?r p? f?destover i Tanzania. – Fleire kvinner l?g i dagevis og venta utan ? bli f?lgde opp. Dei f?der p? harde benker, utan madrasser, og med lite h?ve til ? r?re p? seg under f?dselen, seier Andrea Solnes Miltenburg. Foto: Ola S?ther

Av Amalie Kvam Holm
Publisert 12. juni 2017

– Kor viktig er det til d?mes ? utvikle digital registrering av fosterforl?pet, n?r jordm?drene manglar grunnleggjande kunnskap om korleis ein vanleg f?dsel g?r f?re seg? sp?r Andrea Solnes Miltenburg. I tre ?r har ho vore observat?r p? f?destovene i Tanzania.

Fleire f?der p? sjukehus

Graviditet er sj?lvsagt ingen sjukdom. Verda over er det likevel eit ?nskje at flest mogleg kvinner f?der p? sjukehus og f?r oppf?lging av kvalifisert helsepersonell. Dei siste ti?ra har vellykka kampanjar fr? styresmaktene si side f?rt til at stadig fleire kvinner i Tanzania f?der p? sjukehus. Likevel er talet m?drer og spedbarn som d?yr under f?dsel, framleis h?gt.

– Lenge har helsepersonellet vore trena i kriser og kompliserte f?dslar. No n?r stadig fleire kvinner opps?kjer sjukehusa for ? f?de, er det tydeleg at det knapt finst eit tilbod for kvinner som f?der normalt utan komplikasjonar, seier Andrea Solnes Miltenburg.

Ho er utdanna lege og har lenge hatt interesse for m?drer sin situasjon i Afrika generelt og Tanzania spesielt. Dei tre siste ?ra har ho jobba frivillig p? ulike klinikkar i Mwanza-regionen nord i landet, anten som ansvarleg lege eller saman med jordm?drer. Deltakande observasjon blei s?leis ein viktig del av forskingsmetoden i doktorgradsprosjektet hennar. Solnes Miltenburg er knytt til forskingsprosjektet Kvalitet p? f?dselstjenester i Tanzania, leidd av professor Johanne Sundby p? Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo.

F?dslar p? samleband

Forskarane finn at legar og jordm?drer brukar tida si p? pasientar med komplikasjonar, p? bekostning av normale f?dslar. Det auka talet kvinner som opps?kjer sjukehus, f?rer ogs? til underbemanning i forhold til talet p? pasientar.

– Resultatet blir at enkelte komplikasjonar ikkje vert oppdaga i tide, men ogs? at kvinner som ville hatt vanlege f?dslar, blir overmedisinerte eller utsette for un?dig skade. Det som trengst for ? betre kvinnene sin situasjon, er rett og slett meir sunn fornuft og implementering av kunnskap fr? element?r jordmorvitskap, seier Solnes Miltenburg.

Sjukehusa der ho har jobba har ein enkel standard, og ho fortel om f?dslane som ein serie p? eit samleband.

– Eg opplevde sj?lv ? ta imot sju barn p? eit morgonskift p? fem timar. Det seier seg sj?lv at d? f?r du korkje f?lgt opp kvinnene eller dokumentert godt nok.

F?destilling fr? kolonitida

Kvinnene f?der p? harde benker, utan madrassar. Ei typisk f?destove har fleire benker i same rom. F?dselen f?reg?r som regel medan mora ligg p? ryggen, i den s?kalla europeiske f?destillinga importert under kolonitida.

– Kvinnene har avgrensa h?ve til ? r?re p? seg under f?dselen, og lite har forandra seg sidan kolonitida. Europeiske land har derimot hatt ei dramatisk utvikling i f?dselssituasjonen i same tidsrom. Det gjeld mulegheitene til ? kunne bevege seg under f?dselen, men ogs? kontinuerleg oppf?lging fr? jordmor, ein f?dselspartnar og trygge omgivnader. Alt dette er essensielt for ? sikre trygge og naturlege f?dslar.

I Tanzania blir kvinner som kjem til sjukehuset utan at f?dselen er i gang, viste til venterom.

– Fleire kvinner l?g i dagevis og venta utan ? bli f?lgde opp. Det medisinsk korrekte er ? sjekke livmoropning, rier og fosterlyd jamleg, men i praksis vart kvinnene gjerne liggjande utan nokon som helst sjekk f?r f?dselen var i gang.

Forskaren opplevde ogs? at ei kvinne enda med ? f?de ?leine p? venterommet, fordi jordm?drene avviste henne. Dei meinte at f?dselen umuleg kunne vere s? n?rt i vente.

– Kvinnene m? f? betre oppf?lging p? sjukehuset. Og det er ikkje berre det medisinske aspektet som er viktig – kvinnene treng rett og slett omsorg.

Mangel p? omsorg

Solnes Miltenburg viser til forsking som viser kor viktig omsorg er under f?dselen.

– Utfallet hadde vore betre for mange kvinner om dei kunne tatt med seg mor eller s?ster, for d? kunne dei avlasta jordm?drene litt. Men jordm?drene ?nskjer sj?lve ikkje n?raste familie p? f?destova. Kan det vere fordi dei ikkje vil ha vitne til det som skjer der? Meir merksemd og forsking rundt denne tematikken har avsl?rt b?de fysisk og psykisk misbruk og mangel p? respekt for dei f?dande kvinnene.

Sjukehusa opererer med ei rekkje reglar m?drene m? forhalde seg til, og helsepersonalet har eit strengt tidsskjema. Solnes Miltenburg skildrar situasjonar der m?drene er blitt dytta i magen for ? framskynde f?dselen, noko som set b?de mor og baby i fare. Dersom morkaka ikkje kjem ut innafor ei viss tidsramme, tar jordm?drene gjerne kaka i eigne hender og drar henne ut, eit sv?rt smertefullt og un?dig inngrep.

– Ironisk nok blir det b?de gjort for lite og for mykje for f?dande kvinner. Anten f?r dei helsehjelp for seint, eller s? tyr ein til keisarsnitt eller andre invaderande inngrep for tidleg.

Ingen garanti for trygge f?dslar

If?lgje offisielle tal skjer mellom 60 og 70 prosent av f?dslane i Tanzania no p? sjukehus. Forskaren meiner talet nok er n?rare 50 prosent p? landsbasis. Men utbygginga av helsetilbodet har ikkje n?dvendigvis st?tt i forhold til det aukande talet sjukehusf?dslar.

– Tross denne auken ser vi ingen positive utslag p? d?dsraten mellom m?drer og spedbarn. Det kan skyldast meir n?yaktige m?lemetodar, men ogs? at kvinnene begynner f?dselen heime, som dei er vane med – og kjem for seint fram til sjukehuset. Der f?r dei ikkje hjelpa dei treng fordi det er s? stor kamp om ressursane. Eller det oppst?r komplikasjonar dersom kvinna blir send vidare fr? ein lokal klinikk og til sjukehus. ? f?de p? sjukehus er ingen garanti for ein trygg f?dsel.

Feil bruk av ressursar

P? verdsbasis st?r om lag 15 prosent av kvinner som f?der, overfor potensielt fatale komplikasjonar, som svangerskapsforgifting, bl?dingar, infeksjonar eller skader relaterte til abort, if?lgje FNs befolkningsfond, UNFPA.

Andrea Solnes Miltenburg meiner for mange ressursar blir brukte p? dette mindretalet i land som Tanzania.

– M?let er gjerne ? f? ned d?dsraten blant f?dande og spedbarna. Men d? m? dei 85 prosentane som f?der normalt, f? meir merksemd. F?dslar med openberre komplikasjonar g?r p? bekostning av normale f?dselsforl?p og gode rutinar. Det manglar ikkje p? kunnskap, men p? system.

Publisert 12. juni 2017 08:28 - Sist endret 7. nov. 2025 15:10