Kan hus d?y? Jarnalderens langhus blei brende og gravlagde

Gravhaugar kan like gjerne markere grava til eit hus som til eit menneske, meiner arkeolog.

LOFOTEN: Korleis kunne det treskipa langhuset overleve i Skandinavia i 3000 ?r – samstundes som samfunna gjennomgjekk djuptpl?yande endringar? Dette 83 meter lange vikinghuset er attskapt p? Borg i Lofoten, og er det st?rste som nokon gong er funne. Foto: NTB Scanpix

Av Toril Haugen
Publisert 27. feb. 2017

Heilt fr? bronsealder til vikingtid kunne grav- haugar bli plasserte opp? restane av treskipa langhus. F?rst fjerna dei somme tider stolpane inne i huset, som fungerte som berebjelkar. S? sette dei eld p? huset. Etter at huset hadde brunne ned, plasserte dei ein eller fleire gravhaugar opp? restane av det nedbrende huset.

Marianne Hem Eriksen er f?rsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, konservering og historie.

I ein artikkel i European Journal of Archaeology ser ho n?rare p? ?rsaka til den nemnde praksisen.

GRAVHAUGAR: – I fleire tilfelle har det ikkje vore r?d ? finne leivningar av menneske, sj?lv ikkje der vi ville venta at slike leivningar var bevart, fortel Marianne Hem Eriksen. Foto: Ola S?ther

– Eg studerer sju ulike gravlagde hus fr? jarn-alderen i Skandinavia, p? fem forskjellige stader: H?gom i Sverige, Ullandhaug i Rogaland, Brista i Uppland, Sverige, Jarlsberg i Vestfold og Engelaug i Hedmark, fortel Eriksen.

Skikken med ? setje hus i brann for s? ? leggje gravhaugar opp?, kan minne om ein kremasjon. Eriksen meiner at gravhaugane like gjerne kan markere at det er eit hus som er kremert og gravlagt – det treng ikkje vere eit menneske.

– I fleire tilfelle har det ikkje vore r?d ? finne leivningar av menneske, sj?lv ikkje der vi ville venta at slike leivningar var bevart. Ein har likevel, meir eller mindre implisitt, g?tt ut fr? at det – ein eller annan stad – m? vere eit daudt individ.

Store omveltingar

If?lgje forskaren er det sl?ande at det treskipa langhuset overlevde i nesten 3000 ?r i skandinavisk forhistorie – s?rleg med tanke p? dei enorme omveltingane som skjedde i denne perioden.

– Mange har trekt fram arkitektur som eit grunnleggjande uttrykk for ideologien i ein spesifikk kultur. S?rleg i samfunn som ikkje har noko skriftspr?k, vert arkitekturen sv?rt viktig og eit kollektivt uttrykk for ein bestemt kulturs organisering og tenkjem?te, peikar ho p?.

Tida fr? eldre bronsealder til mellomalderen var prega av enorme, djuptgripande sosiale, politiske og religi?se omveltingar. Mot slutten av bronse- alderen hadde dei hovdingd?mme, s? kollapsa bronsenettverka. Hundre?ra f?r Kristi f?dsel seiest ? ha vore prega av likskap og egalitet. Deretter kom Romarrikets vekst og fall, og folkevandringstida med heilt enorme migrasjonar – d? kunne ein verkeleg snakke om ?Europe on the move?. I tillegg har vi vikingane sine raid og kolonisering.

– Gjennom heile denne perioden heldt folk i Skandinavia fram med ? byggje husa sine p? meir eller mindre akkurat same m?te. Det er sv?rt interessant, meiner arkeologen.

Husets livssyklus

Og kva er s? forklaringa p? at det treskipa langhuset kunne overleve s? lenge? Marianne Hem Eriksen har g?tt til antropologien for ? l?re om ulike kulturar sitt forhold til husa dei bur i.

– For folk p? Madagaskar har ogs? huset sin livssyklus. Det blir f?dt, lever, eldest og d?yr. Batammaliba-folket i Vest-Afrika har ritual under husbygginga, dei same overgangsrituala som dei har for nyf?dde, ungdommar og vaksne. N?r huset er ferdigbygt, gjennomf?rer dei eit ritual der dei ?drep? huset. Huset har levt gjennom heile byggje- prosessen og m? drepast for ? vere r?d ? bu i. I fleire kulturar tenkjer dei at huset har ein metaforisk samanheng med menneskekroppen.

Arkeologen sin studie av dei sju langhusa syner noko liknande. I doktoravhandlinga si viser ho at det er ein samanheng mellom graver og d?rene i huset. Dette har ei rituell betydning. Vi har d?me p? at delar av menneskekroppar er plasserte under terskelsteinar, eller at graver vert lagde ved inngangspartiet. I andre tilfelle er det lagt gravhaugar over d?ra til huset, som for ? stengje inngangsd?ra, forklarer ho.

I nokre h?ve har gravhaugane blitt lagde over hus som blei brende ned for fleire generasjonar sidan. Det styrkjer teorien om at det er huset som var det sentrale.

– Det kostar ? investere arbeidstimar i ? byggje haugar over ruinar av gamle hus som har lege der i fleire hundre ?r. Det er b?de ei ?konomisk og ei rituell investering, og det er interessant ? sj? p? kvifor dei gjorde dette. Det kan for eksempel tenk-jast at dei har ?nskt ? skape ei kopling mellom reelle eller mytiske forfedrar og seg sj?lve, og knyte seg til dei, anten ein no var deira etterkomarar eller ikkje. Dei kan ha tenkt strategisk og ?nskt ? legitimere sin eigen maktbase.

Koplar kropp og hus

Sambandet mellom menneskekropp og hus ber i seg at huset l?ner mange trekk fr? menneskekroppen.

– Mange av dei norr?ne orda som handlar om hus, er henta fr? menneskekroppen. Ordet vindauge kjem fr? vind og auge og refererer til opningar i veggen der vinden bles gjennom. Ordet gavl, som er nemninga p? ?vste del av kortenden av huset, tyder hovud eller skalle.

Denne koplinga mellom kropp og hus gjer at dei kan ha tenkt at huset har hatt ein slags essens, ei slags sjel, seier Eriksen.

Nettopp difor kan det vere at menneska p? den tida ?nskte ? gi huset ei gravferd n?r huset hadde tent si tid. Og kanskje var det difor husa blei sette i brann.

– Ved kremasjon ?nskjer ein ? fragmentere kroppen, kanskje for ? frigjere sjela eller essensen, og det er interessant, sidan husa kan ha hatt ein slags essens. S? ved ? brenne husa har dei kan hende hatt eit ?nske om ? kremere det, ? frigjere huset si livskraft. Viss hus og menneske kunne inng? i nettverk som hadde ‘agency’ – handlekraft og personlegdom – s? kan det i alle fall vere ein del av forklaringa p? kvifor langhuset hadde s? lang levetid i Skandinavia.

Ber huset med oss

Ogs? i dag har vi d?me p? koplingar mellom menneske og hus. Kanskje er det ikkje s? store skilnader p? folk som levde i jarnald-eren og v?r tids moderne menneske. Alle har vi eit sterkt forhold til huset vi bur i – kanskje s?rleg huset vi voks opp i.

– Den franske filosofen Gaston Bachelard seier at det f?rste huset blir skrive inn i oss, vi ber det med oss gjennom livet. Sj?lv om vi har g?tt tusen- vis av trapper, s? gl?ymer vi ikkje den f?rste trappa i barndomsheimen, vi veit instinktivt kva trinn som knirkar, og vi snublar ikkje. Vi ber huset med oss livet ut.

Publisert 27. feb. 2017 13:21 - Sist endret 7. nov. 2025 15:10