Det er ikkje lenge sidan verdssamfunnet kom saman i Paris for – nok ein gong – ? pr?ve ? bli samde om ein m?te ? stogge den globale oppvarminga p?. Det er utsleppa v?re av karbondioksid (CO2) som har det aller meste av skulda for at verda blir varmare.
Men andre typar utslepp har ogs? effekt p? oppvarminga. Maria Sand er forskar ved CICERO Senter for klimaforsking, som er ei uavhengig forskingsstifting knytt til Universitetet i Oslo. Ho har leia ein studie som har sett p? utslepp av s?kalla kortliva klimadrivarar og deira bidrag til oppvarminga i Arktis. Kortliva klimadrivarar er partiklar som forsvinn fr? atmosf?ren etter kort tid, til d?mes sotpartiklar, svovel og ozon.
Mens vi ventar p? CO2-kutt
? CO2 er sj?lvsagt kardinalsyndaren n?r det gjeld global oppvarming, og dessverre blir det ikkje gjort s? mykje for ? redusere utsleppa. Men i mellomtida kan det vere ein god idé ? gjere noko med desse kortliva klimadrivarane. Dei kan vere lettare ? kutte, og ein vil sj? effekten etter kort tid, seier Sand p? Skype fr? kontoret sitt hos NASA i New York, der ho skal tilbringe to ?r som gjesteforskar.
Saman med internasjonale kollegaer har ho brukt fleire forskjellige klimamodellar til ? simulere korleis dei kortliva partiklane fordeler seg i atmosf?ren. Dei har delt opp utsleppa etter geografisk region og samfunnssektor, og rekna ut temperaturbidraget fr? kvar sektor og region. Fordi partiklane forsvinn etter kort tid, rekk dei ikkje ? blande seg jamnt i atmosf?ren, slik CO2 gjer. Konsentrasjonen vil vere st?rst n?r utsleppsstaden, men noko vil bli transportert med atmosf?ren. Dermed kan desse kortliva komponentane bidra til oppvarming p? ulike m?tar. Samstundes utgjer dei ogs? eit folkehelseproblem. Millionar av menneske d?yr kvart ?r fordi dei pustar i forureina luft.
Mest varme fr? Asia
S? kvar kjem dei kortliva klimadrivarane fr?? Simuleringane viser at det st?rste bidraget til oppvarminga i Arktis kjem fr? sotutslepp i Asia. Og det er ikkje industrien som slepper ut mest, men millionar av hushaldningar som brenner kol og ved for ? varme opp husa sine og lage mat. Mesteparten av desse sotpartiklane kjem aldri s? langt som til Arktis, men dei varmar opp atmosf?ren der dei blir sleppte ut, og gjer s?leis at meir varme str?ymer mot arktiske omr?de.
? Utsleppa fr? Asia spelar ei stor rolle fordi utsleppa er s? store. Men evna til ? p?verke temperaturen i Arktis blir st?rre di n?rare Arktis utsleppa skjer. Vi har sett spesielt p? fakling, alts? brenning av overskotsgass fr? oljeinstallasjonar. Det er ein del utsleppskjelder i Russland der det skjer mykje fakling med noks? d?rleg forbrenning, som f?rer til sotutslepp. Sidan dei ligg n?r Arktis, blir sota transportert rett inn og legg seg p? sn? og is, fortel Sand.
N?r isen blir svart av sot, absorberer han meir varme fr? sola, og dermed aukar smeltinga. N?r sj?isen smeltar, kjem det m?rke vatnet til syne, som igjen absorberer meir solvarme og forsterkar smeltinga end? meir – og s? vidare. Det er slike mekanismar som medverkar til at temperaturen aukar s? mykje raskare i Arktis enn i resten av verda, og den raske auken f?r globale konsekvensar.
Klima eller folkehelse?
Som om ikkje det var nok, er rolla til dei kortliva klimadrivarane meir komplisert enn som s?. Dei ulike partiklane har nemleg ulike eigenskapar og reagerer med kvarandre og med atmosf?ren omkring p? ulike m?tar. Medan nokre verkar oppvarmande, verkar andre nedkj?lande.
? Til d?mes kjem ofte sot og svovel fr? same utsleppskjelder, men forholdet mellom dei kan variere, seier Sand.
? I utsleppa fr? hushaldninger er det oftast mykje sot i h?ve til svovel, s? den totale effekten er oppvarmande. I utsleppa fr? industri er det typisk omvendt, mykje svovel i h?ve til sot. Svovelpartiklane er lysare, og totaleffekten blir dermed nedkj?lande.
? S? d? er det lurt av politikarane ? la industrien f? drive p? med sitt, og i staden gjere noko med den private vedfyringa i Asia?
? Men s? m? dei jo ogs? tenkje p? luftkvaliteten. I Nord-Amerika og Europa har ein dei siste ti?ra innf?rt reinseteknologi for ? f? bukt med sur nedb?r. Det har vore effektivt, og det er bra for helsa, men samstundes ser ein at temperaturen har auka fordi partiklane som verka nedkj?lande, er blitt fjerna.
Politisk interesse
For ? rekne ut korleis partiklane oppf?rer seg, har forskarane brukt fleire forskjellige klimamodellar som kan simulere partikkeltransport i atmosf?ren, og samanlikna resultata med m?lingar fr? stasjonar ulike stader i Arktis. Modellane simulerer ikkje berre transporten av partiklane, men ogs? korleis dei oppf?rer seg i atmosf?ren.
? Dei kan til d?mes ta til seg vatn og fungere som s?kalla kondensasjonskjernar, alts? at dei dannar skyer omkring seg. Slikt m? modellane ta omsyn til, seier Sand.
Dette forskingsprosjektet er utf?rt i regi av det arktiske milj?programmet AMAP. Det er landa i Arktisk r?d som st?r bak programmet, og meininga er at resultata skal kome til nytte i r?det sitt arbeid for berekraftig utvikling i nord. Sand og kollegaene har rekna ut at oppvarminga i Arktis kan bli redusert med 0,2 grader i 2050 dersom ein kuttar kraftig i utsleppa av dei kortliva klimadrivarane som har mest ? seie for oppvarminga. Arbeidet med ? kartleggje kvar utsleppa kjem fr? og kvar dei blir av, held fram. Det er framleis mange uvisse storleikar i dette reknestykket.
Usikre utsleppstal
? Modellane v?re strevar litt med ? representere visse fenomen. Det oppst?r ofte store skogbrannar i Russland om sommaren, som f?rer til at store mengder partiklar blir transporterte inn i Arktis. Det kan ogs? skje at ?rkensand fr? Asia blir transportert inn. Det blir forska ein del p? ? forbetre modellane slik at dei klarar ? gje ein god representasjon av slike episodar, fortel Sand.
I tillegg heftar det sj?lvsagt uvisse ved sj?lve utsleppstala. Til d?mes veit ein ikkje heilt kor store utsleppa fr? industrien i Russland og Asia eigentleg er. Mykje arbeid blir lagt ned i ? estimere storleiken p? utsleppa.
? N?r politikarane skal bestemme kva som er best ? gjere, m? dei dessutan tenkje p? kostnadene knytte til ? kutte i utsleppa. Det har ikkje vi sett p?, men der er andre som forskar p? det. V?r gruppe skal halde fram med arbeidet, og det er spennande ? forske n?r vi veit at nokon er interesserte i ? bruke resultata v?re, seier Sand.
Isfritt Arktis
Inntil tiltaka kjem, ser det ut til at verda styrer st?tt mot den mest dramatiske temperaturauken FNs klimapanel opererer med i sine framtidsscenarium. I s? fall vil Arktis bli isfritt om sommaren om berre nokre ti?r. Arktisk r?d har difor ogs? sett i verk eit prosjekt som skal skaffe kunnskap om kva for faktorar som driv endringane i Arktis, slik at lokalsamfunn og regjeringar kan ta betre avgjerder for ? tilpasse seg ein kvardag i rask forandring.
Robbie Andrew, som ogs? er forskar ved CICERO, har i samband med dette prosjektet systematisert ein del av dei sterkaste trendane som ser ut til ? vere avgjerande for Arktis, i tillegg til forandringane i klima. Han peikar p? at det er store skilnader mellom dei nordiske landa, som har ressursar til ? tilpasse seg og ta vare p? innbyggjarane sine, og andre delar av Arktis der levem?ten er meir direkte knytt til klimaet og tilpassing difor blir vanskelegare.
? Allereie er det folk i Alaska som har m?tta flytte fordi sj?isen, som har fungert som ein barriere mot ekstremvêr, er blitt redusert, seier Andrew.
Alle har sett bilete av isbj?rnen som driv p? eit einsamt isflak med berre ope vatn p? alle kantar, men det at sj?isen smeltar, er ein av dei viktigaste endringane for b?de folk og natur i Arktis. Urfolk som lever av fangst, kan ikkje lenger jakte p? den m?ten dei er vande med, og m? dermed sj? seg om etter anna livsgrunnlag. P? same tid f?rer mindre is til at ressursar som olje, gass og mineral blir lettare tilgjengeleg for utvinning.
Utgangspunkt for handling
? Personleg er eg ikkje i tvil om at issmelting i Arktis vil f?re til meir industriell aktivitet der. Sj?lv om/Fordi utvinning av olje og gass er med p? ? forverre klimaendringane, s? trengst det eit enormt demokratisk trykk for ? hindre slik aktivitet. Mange som tilh?yrer urfolk i Nord-Amerika, arbeider no i oljeindustrien, fordi dei treng arbeidsplassane industrien kan tilby n?r det tradisjonelle livsgrunnlaget forsvinn, seier Andrew.
Ulike framskrivingar for befolkingsutvikling, plante- og dyreliv og n?ringsaktivitet i Arktis varierer sterkt, og det er ur?d ? vite akkurat kva livsvilk?r arktiske lokalsamfunn m? f?rebu seg p?. Men i mellomtida veit forskarane alts? litt meir om kva som gjer at sj?isen smeltar, og korleis vi kan bremse oppvarminga. Mindre sotutslepp vil vere ein god start.