Farfar f?r f?rti er farleg

Bestefedrar har ti prosent st?rre risiko for ? d?y tidleg samanlikna med menn p? same alder som berre er fedrar. Verst er det ? bli bestefar f?r ein fyller f?rti.

RISIKO: Dess yngre ein er n?r det fyrste barnebarnet kjem, dess h?gare er risikoen for ? d?y.

Av Trine Nickelsen
Publisert 7. mai 2015

Barnebarn er livets krydder, heiter det. Men kva slags krydder er det eigentleg snakk om? Det kan vera grunn til ? sp?rja etter at forskaren Solveig Glestad Christiansen har lagt fram resultata sine ved ?konomisk institutt p? Universitetet i Oslo.

– Eg vart overraska, vedg?r ho, over det eg fann. – Mange snakkar om dei positive sidene ved det ? ha barnebarn. Mindre einsemd, kjensle av meining med livet, meir kontakt med eigne barn – som no er blitt foreldre. Betre livskvalitet, st?rre lukke.

F? har pr?vt ? finna ut korleis helse og velv?re hos enkeltmenneske heng saman med det ? verta bestemor eller bestefar. Og ingen har til no granska korleis dette heng i hop med fare for ? d?y.

– Mange har studert korleis det ? ha barn p?verkar eiga helse og d?dsrisiko avhengig av kva for utdanning barna har. Men kan henda er det ogs? andre ting med det ? ha barn som p?verkar eiga helse, som n?r barna f?r sine eigne barn? sp?r Solveig Glestad Christiansen, som har hatt professor i demografi ved ?konomisk institutt, Nico Keilman, som rettleiar i doktorgradsarbeidet sitt.

Glestad Christiansen har nytta data fr? store register som dekkjer heile den norske befolkninga. Resultata hennar syner ein kl?r, negativ samanheng mellom det ? ha barnebarn og det ? d?y tidleg.

Unge besteforeldre

? f? barnebarn er alts? ikkje utan risiko. – Det er meir sannsynleg at ein farfar eller morfar d?yr tidlegare enn ein som berre er far. Menn som har f?tt sitt f?rste barnebarn f?r dei rundar f?rti, har h?gast d?delegheit. Men òg dei som blir bestefedrar seinare i livet, har h?gare d?dsrisiko enn andre.

– For menn er det h?gare d?dstal i alle aldersgrupper samanlikna med dei som ikkje er blitt bestefedrar, men samanhengen er sterkast blant dei unge bestefedrane. Dess yngre ein er n?r det f?rste barnebarnet kjem, dess h?gare er risikoen for ? d?y. D?dsrisikoen vert gradvis l?gare, men er framleis h?gare for dei som blir bestefar etter fylte seksti samanlikna med dei som ikkje har barnebarn, p?peikar ho.

BESTEMOR; DERIMOT: – ? bli bestemor etter fylte femti, er positivt: Risikoen for ? d?y er monaleg mindre enn blant m?drer som ikkje har f?tt barnebarn, fortel Solveig Glestad Chrisitiansen. (Foto: Trine Nickelsen)

For kvinnene teiknar forskaren eit noko lysare bilete. Rett nok er faren for ? d?y st?rre for dei som blir bestem?drer f?r dei er femti ?r, samanlikna med m?drer som ikkje er bestem?drer. Men for kvinner som f?r sitt fyrste barnebarn n?r dei har runda denne middagsh?gda, er det annleis.

– ? bli bestemor etter fylte femti, er kopla til l?gare d?dsrisiko. End? mindre er risken for ? d?y, om f?rste barnebarn kjem etter at ein er blitt seksti ?r. S? det kan vera lurt “? venta med” ? verta bestemor, r?der Christiansen.

Kvifor?

Kva kan forklara den negative samanhengen mellom det ? bli bestefar og det ? d?y tidlegare? Og kvifor er risikoen for ? d?y h?gast blant dei yngste besteforeldra?

– Ei viktig ?rsak kan vera det vi kallar seleksjon: Det er noko spesielt i familiar der ein i generasjonar har f?tt barn i ung alder. Kvinner og menn i desse familiane ville kan hende hatt h?gare d?delegheit, barnebarn eller ikkje, p? grunn av sosiale og ?konomiske forhold, som l?g inntekt. Eg hadde data om utdanning, men ikkje inntekt, seier ho.

Kanskje skyldast resultata i det heile slik seleksjon. Men det kan òg vera noko her som er direkte knytt til det ? vera bestemor eller bestefar.

– Vi kan tenkja oss at barnebarna legg ei b?r p? besteforeldra. Dei m? tr? til med barnepass og ?konomisk st?tte, noko som rett nok m? sj?ast i samanheng med dei positive sidene av ? f? barnebarn. Det kan synast som at byrdene er st?rre enn gledene. Dette gjeld menn, men ogs? til ein viss grad for kvinner.

– Det siste er kanskje overraskande, sidan bestem?drene involverer seg mykje meir i pass av barnebarn og rettleiing til foreldra, enn det bestefedrane gjer. Men kanskje trivst kvinnene betre med desse oppg?vene, eller dei finn meir glede i andre aktivitetar i lag med barn og barnebarn. Det kan ogs? vera slik at menn kjenner seg tilsidesette n?r kona blir oppteken med barnebarn.

– Kva forklarar at dei yngste besteforeldra er mest utsette?

– Unge besteforeldre har barn som blei foreldre tidleg. Dei treng mest hjelp og assistanse. Det er òg mange einslege m?drer mellom dei unge m?drene. Kan hende ventar ogs? barna at besteforelda skal stilla meir opp om dei er unge, samstundes som unge besteforeldre jobbar og er opptekne av andre ting n?r dei er s?pass unge sj?lve, trur forskaren. – Dessutan, legg ho til, kan dei som er blitt besteforeldre tidleg kjenna seg eldre enn andre p? same alder som ikkje er blitt besteforeldre enda. Dette kan verka inn p? den mentale helsa, og f?ra til ein meir passiv livsstil.

 

Publisert 7. mai 2015 10:25 - Sist endret 7. nov. 2025 15:10