– P? sekstitalet reiste folk fr? heile Europa til den vesle plassen Evje i Aust-Agder for ? kj?pa b?t. Dei sm?, hurtigg?ande plastb?tane fr? S?rlandet selde n?rast seg sj?lve – b?tar med lekker utsj?nad, inspirerte av amerikansk bildesign. Produksjonen av norske lystb?tar i plast var ein kjempesuksess, fortel Liv Ramskj?r. Ho er generalsekret?r i Noregs museumsforbund, og ho skriv samstundes p? ei doktoravhandling ved Universitetet i Oslo om plasten si historie i Noreg. Om korleis eit nytt materiale og ein ny teknologi vann innpass i norsk industri og samfunnsliv. Og i folk sitt kvardagsliv.
St?psel og oskebeger
– Det aller fyrste produktet i plast her i landet var eit pressa stikkontaktdeksel i bakelitt, produsert av Norsk Teknisk Porselensfabrik i Fredrikstad i 1929. Same ?r hadde det kome ei lov som forbaud bruk av porselen i st?psel, deksel for brytarar, stikkontakter og koplingsboksar. Desse skulle no erstattast med herdeplasten bakelitt – som er den aller f?rste heilsyntetiske plasten, funnen opp av den belgisk-amerikanske kjemikaren Leo Baekeland i 1908.
– Plastindustrien har heile tida vore basert p? vitskap, fortel Ramskj?r. – Dei nye, syntetiske plastane polyetylen, polyvinylklorid, polystyren og nylon blei alle utvikla etter systematisk forskingsarbeid allereie p? 1930-talet.
F?r andre verdskrigen var om lag ti bedrifter komne i gang med ? laga plastprodukt, mellom andre Presto A/S i Stavanger, A/S Norsk Presstoff, W. Jordan B?rste & Penselfabrik.
– Det er morosamt at enkelte av bedriftene som blei etablerte p? denne tida, framleis er i drift. Eg har hatt glede av ? bes?kja fleire av dei, fortel ho.
EKSPORT: – Det er interessant ? merka seg kor stor del av den samla produksjonen av plastb?tar som blei eksportert. Fleire produsentar sende ni av ti b?tar ut av landet,?fortel Liv Ramskj?r. (Foto: Trine Nickelsen).
I byrjinga arbeidde dei fleste bedriftene med bakelitt. – Plastindustrien vart gjerne kalla oskebegerindustrien, fordi oskebeger og sigarboksar utgjorde ein viktig del av produksjonen. ?D?rhandtak, skrukorkar og knappar var andre viktige produkt som tidleg blei laga i bakelitt.
Begeistring og kritikk
I mellomkrigstida var bruken av plast avgrensa til nokre f? luksusprega produkt, som flotte bakelittradioar, toalettbordsett av celluloid og smykke. I 1932 viste bedrifta Elektrisk Bureau fram verdas fyrste gaffellause telefon, st?ypt i svart bakelitt – eit norsk produkt som skulle f? internasjonal suksess.
Det var fyrst etter andre verdskrigen at plasten kom den jamne forbrukaren til gode.
– Synet p? plast har svinga fr? stor begeistring over dei nye eigenskapane til materiala – ikkje minst at dei var s? utruleg formbare – til kritikk av d?rlig kvalitet. B?de produsentar og forbrukarar hadde ofte lite kunnskap om dei nye kunststoffa, og tinga i plast blei til dels b?de laga og brukte feil.
Den store vekstfasen starte med ein gong krigen var over. Dei nye, norske plastbedriftene produserte konsumvarer som folk trong, og som det var muleg ? eksportera.
– Styresmaktene var skeptiske, men m?tte berre konstatera at interessa for ? laga ferdigprodukt av plast var enorm: Isolasjonsmateriell, slangar, hushaldsartiklar, flasker til farmas?ytisk industri og flakongar til parfymeindustrien, briller, kulepennar, toalettartiklar, m?blar, golvbelegg, leiker og klede.
Starta p? kj?kenbordet
Dei ti bedriftene vart snart til hundre. God tilgang p? pengar og skort p? varer under okkupasjonen gjorde omsetninga stor d? freden endeleg kom. Omfattande importrestriksjonar gav ein beskytta marknad, og opna for etablering av nye, norske bedrifter. Personane bak dei fyrste plastbedriftene var typiske entrepren?rar.
– Mange starta opp sm?industri p? kj?kenbordet, med enkle produkt som leikedyr og kammar, nesten utan kapital og ofte med lite kjemikunnskapar. Pr?ving og feiling var den viktigaste l?remetoden i den nye bransjen, peikar Ramskj?r p?. Seinare vidareutvikla mange av dei verksemda til st?rre industribedrifter.
Ein av desse var ?smund L?rdal i Stavanger. I 1949 kom han heim fr? USA med eit nytt gummiliknande stoff, PVC. ?ret etter var firmaet hans, Tomte Sm?vareindustri, det fyrste i Europa som brukte mjukplasten vinyl i dokkeproduksjonen. Dei s?kalla Anne-dokkene og Tomte-bilane blei ein eksportsuksess. S? seint som i 1965 blei to av tre dokker sende ut av landet. Ragnar Heger er ein annan plastentrepren?r, som p? femtitalet blei kjend for ?grammofonplatene bedrifta hans, Heger Plastics, produserte for EMI.
Eit tredje d?me p? ein typisk plastentrepren?r, er Johan Aasheim. I 1948 etablerte han Norsk Extruding p? Notodden, som etter kvart blei ein storprodusent av plastflasker og ei lang rekkje andre produkt. Nokre ?r f?r hadde han med seg polyetylen fr? England og eksperimenterte heime p? kj?kenet med ekstrudering, trykkforming, gjennom dyser. Til eksperimenta nytta han ei ombygd kj?tkvern driven av ein symaskinmotor.
Mange og sm?
– Omkring 1960 var det minst 200 ulike bedrifter som produserte mange forskjellige slags plastprodukt og delar, dei fleste sm?. At nesten 40 prosent var grunnlagde allereie f?r 1952, fortel oss at etableringa av plastbedrifter dei f?rste etterkrigs?ra var s?rs rask.
Moss var den store plastbyen, med heile 18–19 ulike bedrifter som laga produkt i plast, blant dei Helly Hansen A/S og Moss Glasv?rk. Ogs? andre stader, som Fredrikstad og Notodden, voks det fram milj? rundt eit knippe plastbedrifter.?
Dei nye sj?lvhjelpsbutikkane kravde ferdigpakka varer, og plasten eigna seg sv?rt godt. D? prisen p? plastr?stoffet polyetylen vart halvert kring 1960, blei plastprodukt for hushald og emballasje end? meir utbreitt.
Den fyrste plastb?ten
Men s? attende til plastb?tane. For nettopp dette produktet skulle bli ein s?rleg stor suksess. I ?ra rundt 1970 var produsentane p? S?rlandet, s?rleg i Aust-Agder, dei st?rste leverand?rane av plastb?tar i Europa.
– Men det var p? Lillestr?m utanfor Oslo at plastb?teventyret starta. Ingeni?ren Herbert Waarum, som i ettertid er rekna som “plastb?ten sin far” i Noreg, var teknisk leiar i Norsk Formstoff p? staden, ei bedrift som produserte forbruksvarer i plast. Han hadde vore i USA eit par ?r, jobba i den eine plastfabrikken etter den andre, og tok med seg nye kunnskapar heim. Han fekk med seg treb?tbyggjarfabrikken Ancas i Arendal, og saman eksperimenterte dei med ? f? laga ein b?t i plast. I oktober 1953 lukkast dei: Den fyrste norske plastb?ten s?g dagens lys.
Tre m?nader seinare starta Ancas opp produksjon av b?tar av glasfiberarmert polyester. I 1956 etablerte Waarum si eiga bedrift i Grimstad, Herwa Plast. Det fyrste han laga, var ti kanadiske kanoar. I dei neste 13 ?ra bygde bedrifta meir enn 5000 b?tar i 34 ulike design, og ogs? mange plastjollar for oppfinnaren og b?tkonstrukt?ren Bror With.
I 1957 blei importrestriksjonane for p?hengsmotorar oppheva. Same ?ret presenterte 19-?ringen Roald Skibsrud fr? Evje i Aust-Agder sin eigen 15-fot lange “racerb?t” berekna p? p?hengsmotorar med opp til 40 hestekrefter. Ungguten hadde sj?lv konstruert og bygd b?ten, laga st?ypeformene og gjort snikkararbeidet. – Skibsrud er eit typisk d?me p? den norske plastb?tentrepren?ren sist p? femtitalet: Inga formell utdanning ut over eitt ?r p? yrkesskule og eit korrespondansekurs i teikning. Likevel klarte han p? nokre f? ?r ? byggja opp eit firma som produserte meir enn 300 b?tar ?rleg, konstaterer Ramskj?r.
Til for nokre f? ?r sidan leverte Skibsplast nye b?tar til marknaden, og heilt fram til nittitalet designa og konstruerte Skibsrud sj?lv alle b?tane, og fram til det siste designa han skroget under vasslinja. No har Skibsplast?lagt ned produksjonen, mens andre plastb?tprodusentar har flytta produksjonen til Baltikum.
– Kombinasjonen av plast og p?hengjar representerte noko nytt til ein overkommeleg pris for dei mange. Meir ferie og fritid, og st?rre velstand generelt, gjorde at salet av plastb?tane n?rmast eksploderte.
Klondyke p? S?rlandet
Historikaren peikar p? at ein Klondyke-liknande atmosf?re utvikla seg utover p? sekstitalet:
– ? etablera verksemder basert p? glasfiber og polyester var relativt enkelt og rimeleg – om ein berre hadde nokre gode idear. Nesten kven som helst kunne g? i gang, og om ein lukkast, kunne ein raskt tena ein god del pengar. Kvart ?r blei 26 nye bedrifter starta opp. Kvart ?r vart 25 lagde ned.
Dei norske b?tane fekk raskt eit godt rykte. D? bedrifta Fjord Plast blei etablert i Arendal i 1961, deltok mellom andre den amerikanske polyesterprodusenten Gidden International. Ein av spesialistane deira bes?kte fabrikken i Arendal, og fann at plastb?tane her var 25 prosent sterkare i konstruksjonen enn tilsvarande b?tar p? marknaden, og jamt over av betre kvalitet enn dei amerikanske typane.
– Det er interessant ? merka seg kor stor del av den samla produksjonen av plastb?tar som blei eksportert. Fleire produsentar sende ni av ti b?tar ut av landet, mellom anna til Nederland, USA, Frankrike og Brasil. Men svenskane var dei aller st?rste kundane. Skibsplast, til d?mes, eksporterte i 1961 minst 70 prosent av produksjonen til nabolandet. I 1968 hadde norske plastb?tprodusentar 40 prosent av den totale, svenske marknaden. Dei internasjonale kundane ynskte ? kj?pa langt fleire b?tar enn dei norske bedriftene greidde ? produsera.
?
Kjelder: Norsk Teknisk Museum. Volund 1999-2000: ?Plast i det moderne Norge?. Vest-Agder-museets ?rbok for 2011: ?Plastic – historier om plastb?ten?.