Humor p? 1200-talet: Latter som ramma andre

Mellomalderen blir gjerne oppfatta som grotesk og dyster. Eliten p? 1200-talet nytta likevel latteren sv?rt medvite - og han runga oftast mest n?r det gjekk ut over andre. 

Av Camilla Smaadal
Publisert 23. feb. 2015

OVERLEGEN: Dei sparkar nedover og vil oftast forn?rme p? 1200-talet. Galgenhumor hadde ogs? sin naturlege plass i mellomalderen. Illustrasjon: Hanne Utigard/Apollon

Kva eliten oppfatta som morosamt i mellomalderen, kan gi oss innsikt om det mellommenneskelege; korleis humor skapte ei form for gruppekjensle og eit klarare skilje mellom venner og fiendar, om den makt og verdi underhaldninga hadde, meiner stipendiat Beate Albrigtsen Pedersen ved Institutt for arkeologi, konservering og historie p? Universitetet i Oslo.

Pedersen pr?ver ? finne ut kva underhaldning og komikk hadde ? seie i samfunnet og p? den politiske arena p? 1200-talet.

– Humor har alltid vore med oss, og vi har alltid hatt evna til ? le av ting, men kva for rolle humor spelte i mellomalderen og korleis han endra seg over tid, er blitt lite forska p?.

Historikaren meiner kunnskap om stormennenes skjemt og spit kan hjelpe oss ? forst? tida og menneska p? 1200-talet betre.

– Humor blir gjerne sett p? som eit useri?st forskingstema, men evna til ? more seg og le er ein viktig del av livet og kan gi oss eit anna syn p? mellomalderen enn vi vanlegvis har. Vi har eit veldig nasjonalromantisk forhold til sagalitteraturen, og det ? lese den som underhaldningslitteratur, h?par eg kan bringe noko nytt. Sagaene var ogs? meint til ? more, seier ho.

Mangel p? sj?lvironi

Og stormennene visste godt korleis dei skulle more seg, if?lgje Pedersen.

– Eliten brukte humor sv?rt bevisst – som oftast til ? rakke ned p? andre.?Humor gav ei form for gruppetilknyting og eit klarare skilje mellom kven som var venner og fiendar.

Spydige kommentarar og hakking p? andre er ein del av humoren v?r i dag ogs?, men det essensielle her er korleis han blei oppfatta. Sj?lvironi st?r sentralt i Pedersens analyse av humor i mellomalderen, eller meir presist; mangelen p? sj?lvironi.

Med mangel p? sj?lvironi blei denne forma for humor ofte brukt for ? vinne over motparten i det politiske spelet, eller for ? hevde seg og gjere skam p? andre.

– Mykje av dagens humor er basert p? sj?lvironi og legg opp til at vi skal kunne le av oss sj?lve og andre, utan at det treng ? f? konsekvenser.

I politikken blei humor brukt for ? fyre opp under fiendskap og skape konfliktar – ved ? le eller ikkje le valde stormennene side i konflikten, seier?Beate Albrigtsen Pedersen.

Klarare latternormer

Nye h?viske ideal kom til p? 1200-talet, d? det gamle, konkurranseprega h?vdingsamfunnet vart skift ut med idealet om kongen som den eine, utvald av Gud. Pedersen studerer ogs? kva som skjer med humoren i dette skiftet og korleis elitekulturen endra seg.

– Det er mindre latter i kjeldene som seier noko om samtida, samanlikna med kjelder som fortel om eldre tider. N?r vi n?rmar oss slutten av 1200-talet, blir det klarare normer for kva som er lov ? le av og ikkje. Dei h?viske ideala f?rer til at eliten m? oppf?re seg meir ordentleg, og det blir mindre latter. Samtidig ser vi at sj?lvironi vert vanlegare fram mot 1300-talet, truleg fordi kongens posisjon ikkje lenger var truga. Spydige kommentarar mellom folk som tilh?yrde eliten, fekk heller ikkje like store f?lgjer som f?r. Motpartane tok imot humoren p? ein annan m?te – med heva hovud.

Skrive av og for ein elite

Humorforskaren har g?tt gjennom ei rekkje sagaer, og kjeldematerialet spenner fr? islendingesagaer, kongesagaer og riddarsagaer til ideologiske skrifter.?

– Eg leitar etter humoristiske trekk som g?r igjen i sagaene, som vanleg vitsing, forn?rmingar, bilete og metaforar som skaper latter i ulike scener. Finn eg liknande situasjonar igjen, med det same reaksjonsm?nsteret, men der latter ikkje vert nemnt eksplisitt, kan eg g? ut ifr? at ogs? dette var meint ? vere morosamt.

Pedersen brukar ordet humor, men det omgrepet eksisterte ikkje p? den tida.

– Det er v?rt omgrep humor eg forskar p?. Det er likevel vanskeleg ? definere humor. Eg studerer kva dei syntest var komisk, b?de kva som var meint komisk og kva som vart oppfatta slik, b?de av sagaene sine mange karakterar og av potensielle tilh?yrarar p? 1200-talet.

Alle kjeldene er rett nok konsentrerte rundt toppen av samfunnet.

– Sagaene vart skrivne av og for ein elite, s? det er vanskeleg ? seie noko om allmugen. Politikk og kvardagsliv gjekk hand i hand mellom stormennene. Det er viktig ? hugse p? at det er kjeldene si framstilling av livet – og slik dei ?nskjer ? framstille fortida og samtida – som kjem fram, seier Pedersen.

Sparkar nedover

I politikken blei humor brukt for ? fyre opp under fiendskap og skape konfliktar – ved ? le eller ikkje le valde stormennene side i konflikten.

– Eit godt d?me p? dette er omtala i Soga om Torgils og Havlide og forteljinga om bryllaupet p? Reikholt tidleg p? 1100-talet, der det vart halde eit stort gjestebod, fortel Pedersen.

Ein eldre stormann f?r problem med ? ford?ye maten. Han f?r sure oppst?yt, rapar og har det sv?rt ubehageleg. Skjemten kom ofte i verseform, og ein annan storkar reiser seg og lagar eit vers av spitord. Det utviklar seg til ein munnkamp mellom fleire av mennene, der alle rundt bordet ler av personen som luktar vondt. Det held fram med frekke kommentarar, og den illeluktande mannen tar til slutt med seg sakene og g?r.

– Scener som dette er sv?rt vanleg; humoren er overlegen, dei sparkar nedover og vil oftast forn?rme. Det er sv?rt f? situasjonar der dei ler saman, der alle er glade og det er ei hyggeleg stemning. Det er som oftast nokon det g?r ut over.?

Galgenhumor

Galgenhumoren hadde ogs? sin naturlege plass i mellomalderen.

– Ei siste punchline f?r nokon d?yr, er typisk. Eit konkret eksempel kan vi hente fr? Nj?lssoga, der det f?reg?r ein sl?stkamp der den eine h?gg av beinet til motstandaren. Kol, mannen med avhogge bein, ser forskrekka ned p? stumpen av beinet, d? motstandaren seier: ?du treng ikkje sj?, det er som det synest, foten er av.? Slike sluttsitat vil vi i beste fall?sj? p? som t?rrvittige, og det trur eg ogs? dei var meint som d? det blei skrive.

Publisert 23. feb. 2015 14:57 - Sist endret 7. nov. 2025 15:10