Me er kubanarar, afrikanarar og spanjolar, me er den perfekte blandinga, den reinaste kombinasjonen, det beste som er skapt,” syng Cubas mest kjende salsagruppe, Los Van Van kvart ?ttande sekund under refrenget i slageren “Somos cubanos.”
– N?r mellom 200 000 og 300 000 kubanarar syng med og dansar den saman p? ein av dei store festane p? La Tribuna Antiimperialista – den antiimperialistiske tribunen – eller p? karnevalet i Santiago de Cuba, blir den nasjonale identiteten og kjensla av ? vera stolte av ? vera kubanarar styrkt, seier stipendiat Kjetil Klette B?hler p? Institutt for musikkvitskap, Universitetet i Oslo.
Hyllar nasjonen og kulturen
Han peikar p? at til d?mes songen “Somos cubanos” (Me er kubanarar) truleg blir for mykje av ein hyllest til ein felles nasjon og ein felles kubansk kultur for oss nordmenn. Grunnen kan vera Europas r?ynsler med b?de fascismen og nazismen. Cuba har ei heilt anna erfaring, understrekar han og peikar p? den dramatiske historia til Cuba.
– Landet kjempa f?rst for sj?lvstende mot spanjolane i fleire omgangar, med poeten og frigjeringsleiaren José Martí som den store helten og f?rebiletet. D? Spania var kasta ut, begynte ?ra med den amerikanske p?verknaden p? den politiske kursen til Cuba. Etter Revolusjonen i 1959 og under heile den kalde krigen levde Cuba med trugsm?let om at USA ville invadera dei. D? austblokka og Sovjetunionen fall saman, gjekk landet inn i ein ?konomisk og sosial krise, som nesten pressa landet i kne. Etter at Cuba reiste seg igjen, blei den cubanske nasjonalismen den r?dande ideologien, men med revolusjonen i 1959 som ein del av den sj?lvstendekampen José Martí leidde, og som kasta Spania ut av Cuba, fortel B?hler.
Saman med José Martí st?r Nicolas Guillén og Fernando Ortiz som dei store cubanske litter?re ideologane. Alle desse tre kulturideologane s?g p? musikk og annan kunst som ei sentral kjelde til ? skapa eit nytt politisk medvit rundt eit nytt og fritt Cuba mellom 1870 og 1987, og bidrog til f?restellinga om at kubanske musikk- og kunstformer uttrykkjer det kubanske. Dei tre kulturideologane, og s?rleg Martí, er ideologiske berebjelkar i dagens revolusjon?re Cuba.
Salsa – eit godt varemerke
I ?ra mellom 2006 og 2011 var Kjetil Klette B?hler fleire gonger p? Cuba. Avhandlinga er mellom anna bygd p? intervju han har gjort med musikarar, musikkelskarar og ein musikkvitar p? Cuba.
– Regjeringa ynskjer ? bruka salsamusikken til ? byggja opp ein kj?rleik til Cuba, til kubansk historie og kubansk kultur. Gjennom at fleire hundre tusen kubanarar blir bydde opp til salsadans, oppfyller salsaopplevinga staten sitt ynske om nasjonsbygging og fellesskap. Gjennom den estetiske nytinga i salsaen n?r denne musikkpolitikken store delar av folket og byggjer opp ein felles kubansk identitet hos alle p? Cuba. Sj?lv har eg lansert omgrepet revolusjonisme, alts? ei blanding av evolusjonen sin ideologi om framsteg, endring og sj?lvstende, kombinert med nasjonalisme, seier Klette B?hler.
Mange salsamusikarar f?r l?nn fr? staten og f?r h?ve til ? dra p? turné i heile landet, fr? det eine Casa de la Musica til det neste. Ein cubansk musikkvitar har rekna ut at Cuba er det landet i verda som brukar mest pengar p? kulturtiltak i prosent av statsbudsjettet. Og etter Revolusjonen i 1959 blei det etablert mange musikk- og danseskular og mange store og sm? musikkgrupper.
– Historisk sett har derimot mange av dei kubanske musikkstilane folk i dag ser p? som erkekubanske,slike som son og mambo fr? 1920- til 1950-talet, f?tt mest ? seia nasjonalt etter at dei blei popul?re i New York eller i Paris. Utlendingar assosierer Cuba med salsamusikken, og det er eit godt varemerke for landet.
Syng om prostitusjon og svarteb?rs
– Er det berre hyllest til Cuba og kubansk kultur som er tillate i salsatekstane?
– I ein tale fr? 1961 sa Fidel Castro at alt var lov innanfor Revolusjonen, og ingenting var lov utanfor Revolusjonen. Mange har t?ygd den tolkinga sv?rt langt, men ein artist som visesongaren Silvio Rodriguéz var tidleg ute med lett kamuflert kritikk i tekstane sine. Under krisa p? 1990-talet var det fleire grupper som begynte ? syngja om b?de prostitusjon og om svarteb?rsen. Men det var berre enkelttilfelle. Mange frykta at for kritiske tekstar ville f?ra til at dei aldri meir fekk jobba som musikarar, fortel han. I dag ser Klette B?hler fleire d?me p? at salsa med kritikk av samfunnsforholda p? Cuba har sl?tt gjennom blant folk flest og blir akseptert av styresmaktene. Songen “Carita de pasaporte” (Passansikt) med Havana d’Primera er det beste d?met p? det.
– D? eg var p? Cuba i 2011, h?yrde eg songen p? fleire konsertar. Med ein gong gruppa begynte ? framf?ra songen, begynte folk ? syngja med og dansa til musikken. Det var tydeleg at teksten, som handlar om kor t?ft det er ? vera p? Cuba, med d?rleg betalte jobbar, ekteskapsvald og sensur, f?r folk til ? pr?va ? skaffa seg eit pass som kan gi dei h?p om eit betre liv i eit anna land. Like etterp? blei songen spelt inn p? plate, og den blei end? meir kjend gjennom at nokon la han ut p? YouTube. I kommentarfeltet ligg det mange tekstar som vitnar om korleis songen kan forsterka og inspirera til politisk kritikk av dagens Cuba mellom lyttarane og korleis musikken slik kan danna eit politisk medvit.
– Har denne kritikken verka inn p? politikken til br?rne Raúl og Fidel Castro?
– Ja, absolutt. For fram til 14. januar 2013 var det ikkje mogleg for vanlege kubanarar ? f? reisa ut fr? Cuba utan godkjenning og stempel fr? ein statsr?d. No kan alle som vil og som har r?d til det, skaffa seg eit pass. Problemet no er ? f? visum til det landet dei ynskjer ? reisa til, peikar han p?.