DNA-molekylet: Kampen om metaforane

D? Watson & Crick oppdaga DNA-dobbelheliksen i 1953, var folk som bergtekne. Men kvifor er vi s? fascinerte av gen?

Av Kari Tveito
Publisert 7. okt. 2013

MONA LISA:  Ikkje noka anna molekyl i vitskapens historie har ein liknande ikonisk status som DNA-dobbelheliksen, "The Mona Lisa of modern science". Men spiller gena s? stor rolle som vi trur? Vi menneske deler 98 prosent av gena med sjimpansar. Er vi d? 98 prosent sjimpansar? (Illustrasjon: Hanne Utigard)

– Biletet av ein spiral som ved hjelp av berre fire byggjesteinar inneheld v?rt arvemateriale, tiltalar oss p? grunn av si enkle form og sin eleganse, trur biolog og filosof Gry Oftedal ved Universitetet i Oslo.

– DNA-molekylet, som ogs? er kalla den moderne vitskapens Mona Lisa, er blitt eit ikon for v?r tids biologiske framsteg.

For stor plass?

Men kanskje har gena f?tt for stor plass i forhold til det komplekse biologiske milj?et dei er ein del av?

– Forskarar innanfor molekyl?rbiologien er som regel ikkje genetiske deterministar. Dei er fullt klar over at ogs? andre faktorar enn gen bestemmer korleis ein biologisk prosess utviklar seg.

Men dette kjem ikkje alltid fram n?r forskarar og vitskapsjournalistar skal formidle forskingsresultat.

– Avisene presenterer ofte overskrifter av typen “n? er fedmegenet funnet”, eller “forskere har funnet voldsgenet”. Dermed kan folk f? inntrykk av at gen spelar ein st?rre rolle enn dei faktisk gjer.

– Er det s? farleg d??

– Viss m?let er ? gi eit sant bilete av det vitskapen har funne ut, er svaret absolutt ja. Den ytste konsekvensen av ein slik tankegang er ogs? ganske absurd. Det er for eksempel popul?rt ? snakke om at menneske og sjimpansar deler 98 prosent av gena, og s? bruke dette som eit argument for likskap mellom artene. Men, som filosofen Monika Piotrowska peikar p? i eit essay, deler vi ogs? 75 prosent av gena v?re med graskar. Er vi dermed 75 prosent graskar?

Kontrollsenter eller ressurs?

Spr?ket v?rt reflekterer m?ten vi tenkjer p?. Metaforane som blir brukte om DNA, handlar ofte om at det er gena som styrer. Vi snakkar om livets bok, genetiske kodar og genetiske program. I daglegspr?ket blir DNA og gen gjerne kopla til eit omgrep som essens.

– Essensielle eigenskapar ved nesten kva som helst ligg i ‘DNA’-et. Ei bedrift kan til d?mes reklamere med at det ? vere serviceinnstilt, ligg i verksemda sitt DNA.

Ein annan og meir tenleg m?te ? snakke om gen p?, meiner Gry Oftedal, ville vere ? framheve at gen er noko som blir uttrykt i samspel med andre gen og faktorar i ei celle.

– I boka “The music of life” omtalar Denis Noble gena som eit orkester utan dirigent. Det er ogs? viktig ? f? fram dei meir passive aspekta ved gen; gen er ressursar som blir brukte og uttrykte av cella, dei treng ikkje vere kontrollerande eller regulerande faktorar, understrekar ho.

P? 1920-talet begynte ein ? snakke om gen som konkrete einingar plasserte p? kromosom. F?r den tid var “gen” berre eit abstrakt omgrep, eit slags tenkt prinsipp som ikkje kunne plasserast i nokon materiell struktur. Etter oppdaginga av DNA-molekylet kunne dei definere gen som molekyl?re sekvensar p? kromosoma.

– I dag veit vi at det heller ikkje er s? enkelt som at gen ligg p? rad og rekkje som perler p? ei snor og kodar for kvart sitt protein. Kortare og lengre gensekvensar som bidreg til produksjonen av eit protein, kan vere spreidde rundt omkring i genomet, og det f?reg?r ogs? mykje prosessering p? vegen fr? eit gen til eit protein, noko som gjer at ein gensekvens kan vere opphav til hundrevis eller tusenvis av ulike protein avhengig av kontekst.

Somme forskarar har tatt til orde for at vi burde slutte ? snakke om gen og heller finne nye omgrep.

– Men genforskarane l?yser gjerne dette problemet ved at dei brukar gen-omgrepet p? ulike m?tar i forskjellige forskingskontekstar. I praksis ser det ikkje ut til ? vere s? problematisk at forskarar faktisk ikkje refererer til det same n?r dei snakkar om gen i ulike samanhengar.

FRI VILJE: – Mange oppfatter det som om dei hadde ein fri vilje som biologien og genforskinga no stel meir og meir av. Men vi treng ikkje trekkje ein slik konklusjon, seier Gry Oftedal.

Systembiologi og filosofi

For tida leier Gry Oftedal eit fire?rig nordisk forskingsprosjekt som handlar om det filosofiske grunnlaget for systembiologi.

– Systembiologien er eit relativt nytt, interdisiplin?rt fagfelt der mellom andre matematikarar og biologar arbeider saman om ? lage meir komplekse modellar og simuleringar for biologiske prosessar enn det som har vore vanleg tidlegare.

– Filosofar kan ha ein viktig rolle ved ? avklare omgrep i slike kryssingspunkt mellom ulike vitskapar. Mange systembiologar hevdar at dei har ei ny tiln?rming til biologisk forsking. Dei er ikkje lenger reduksjonistiske, men holistiske og ser p? biologiske system fr? eit heilskapsperspektiv. Dei unders?kjer til og med emergente fenomen. Reduksjonisme og emergens er omgrep filosofane har studert lenge, og det er difor interessant ? sj? p? kva biologane meiner n?r dei nyttar dei same termane.

I delar av systembiologien hevdar dei ogs? at ein avdekkjer nye h?gare ordens lover og prinsipp, som det ikkje finst eit godt nok omgrepsapparat for.

– Spesielt systembiologen Olaf Wolkenhauer har teke til orde for at filosofar og systembiologar m? 澳门葡京手机版app下载e p? dette omr?det.

Det synest Oftedal er gledeleg.

Fri vilje

Ein mykje brukt modell for ?rsakssamanhengar eller kausalitet i filosofien, er, forenkla sagt, at noko er ei ?rsak dersom det f?rer til ei endring. Men biologiske system er robuste i den forstand at ein kan fjerne gen utan at det treng ? f?re til ei endring i systemets funksjon.

– Enkeltgen kan difor p? sett og vis vere til overs. Likevel snakkar vi gjerne om dei same gena som viktige ?rsaker.

Saman med filosofen Anders Strand har Gry Oftedal nyleg presentert ein teori for korleis ein likevel kan bruke eit kontrafaktisk kausalitetsomgrep i slike biologiske system.

– Dersom s? mykje ligg i gena, kva d? med den frie viljen?

– Eg trur at mange kan oppfatte det som om dei hadde ein fri vilje som biologien og genforskinga stel meir og meir av. Men vi treng ikkje trekkje ein slik konklusjon.

Dessutan, legg forskaren til, viss vi er f?re?tbestemt til ? handle p? ein viss m?te, spelar det vel ingen stor rolle om det skuldast gen, arv eller milj?.

Sj?lv trur ho at vi menneske har eit visst spelerom til ? velje v?re handlingar.

– Det verkar merkeleg at vi i evolusjonen skulle ha utvikla oss til s? komplekse vesen som vi er, som medvite kan gjere vurderingar og ta avgjerder baserte p? sv?rt ulik informasjon, dersom vi ikkje skulle bruke denne h?gt utvikla kapasiteten til noko.

Publisert 7. okt. 2013 07:33 - Sist endret 7. nov. 2025 15:10