Men det var f?r. No er laksen forvandla til eit husdyr som sym rundt og rundt i merdar i fjordane, der dei f?r mat og helsehjelp – samstundes som dei plagast med lakselus og nye sjukdommar. Laksen er det siste i ei lang rekkje dyr som er blitt fanga inn og avla opp i gardstunet, for ? forsyne menneske med mat og andre nyttige varer og tenester, men til sjuande og sist veit vi lite om korleis laksen har det der nede i vatnet.
Prosessen med ? gjere husdyr av laksen, er temaet for forskingsprosjektet “Newcomers to the farm”, leia av professor i sosialantropologi, Marianne Lien.
Forst?r ikkje laksen
– Husdyrhald under vatn er annleis enn husdyrhald slik vi er vande med ? tenkje p? det, hevdar ho.
Menneske har generasjonar med erfaring i ? kommunisere med husdyr p? landjorda. Kyr og sauer har mange m?tar ? seie fr? til bonden om dei mistrivst, og det er lett ? kjenne empati med firf?tte, pelskledde dyr med store, brune auge.
– Laksen, derimot, er under vatnet, ute av syne for oss, dei er mange, og vi greier ikkje ? tolke andletsuttrykka deira, seier Lien.
Likevel m? oppdrettaren ta stilling til dei same sp?rsm?la som bonden: Har dette dyret det bra? F?r det nok mat? Trivst det? I jakta p? svaret tek ein i bruk teknologi og m?leutstyr. Vasskvalitet, oksygeninnhald og talet p? lus blir indikatorar p? om alt st?r bra til.
– Vi er i ein prosess der vi m? utvide repertoaret v?rt for kva sp?rsm?l vi stiller til husdyra. Laksen er arbeidsdyr, og jobben deira er ? vekse. Difor blir f?ringa eit m?tepunkt som gjev oss innblikk i korleis laksen har det.
Arbeidde p? oppdrettsanlegg
For ? studere tilh?vet v?rt til oppdrettslaksen, har Lien i lag med ein kollega, sosiologen John Law fr? Open University i Storbritannia, teke del i det daglege arbeidet ved eit mellomstort oppdrettsanlegg p? Vestlandet. Der har dei f?lgt heile lina, fr? klekkeri og smoltanlegg til br?nnb?tane som fraktar den vaksne laksen til slakteriet, og vidare til eksportkontoret som organiserer leveransar til heile verda p? ein augneblink.
– Feltarbeidet gjev oss fysisk erfaring som ville vore vanskeleg ? f? greie p? gjennom intervju. Ta avlusing, til d?mes. Ein m?te er ? helle lusemiddel i merden. Dette skjer i open sj?, og difor m? ein trekkje ei presenning rundt merden for at ikkje lusemiddelet skal kome ut i sj?en. Det er veldig tungt, og krev slepeb?t og kraner. Deretter skal lusemiddelet ha ein viss konsentrasjon, og d? heiser ein presenninga opp for ? presse fisken i hop. Men n?r laksen g?r tettare, m? ein ogs? passe p? at dei ikkje brukar opp oksygenet. Det er ein veldig kompleks prosess, som ville vore ur?d ? f? skikkeleg kjennskap til om vi ikkje hadde vore der og sett det med eigne augo.
Ved ? vere to om feltarbeidet, oppdaga forskarane at dei la merke til ulike ting i situasjonane dei var i.
– Eg hadde ein tendens til ? notere meg den noks? innvikla, materielle infrastrukturen, medan Marianne, som er norsk, la meir merke til dei sosiale relasjonane. Ulik fagleg bakgrunn gjorde oss meir merksame p? korleis det materielle samverkar med det sosiale i bedrifta, seier Law.
Kva er natur?
Med oppdrettslaksen blir biletet v?rt av det naturlege sett p? pr?ve. I Europa, med v?r lange jordbrukshistorie, tenkjer vi i dag p? natur som den delen av verda som enno ikkje er blitt omforma av menneske. Men det er ei kulturell f?restelling og slett ikkje noko universelt, meiner Lien.
Tilh?vet mellom oppdrettslaks og villaks illustrerer dette.
– Villaksen blir oppfatta som naturleg. Men kva skjer dersom ein oppdrettslaks r?mmer og greier ? f? avkom saman med ?ttemenningen sin, villaksen? Er avkommet d? naturleg eller ikkje? Og er laksestammar som blir regulerte gjennom klekkeriverksemd og yngelutsetjing, framleis naturlege?
Dette skapar konfliktar ogs? forskarar imellom. I 2007 gav Artsdatabanken ut den norske svartelista over invaderande artar, og der var oppdrettslaksen f?rt opp.
– Forskarar fr? Havforskingsinstituttet reagerte p? dette og peika p? at oppdrettslaksen er like innf?dd som villaksen. Eg meiner at ein ikkje kan forst? dette utan ? vere klar over at her er det ei underliggjande forst?ing av natur som noko ur?rt av menneske. Denne usemja kan ikkje forklarast berre med ei biologisk forst?ing av natur.
Laksen m? 澳门葡京手机版app下载e
Historia om domestisering, det ? gjere til husdyr, g?r gjerne ut p? at mennesket tek kontroll over naturen i ein prosess som berre g?r éin veg. Men dette biletet er for enkelt, seier Lien.
– Dyra er ogs? med p? ? domestisere seg sj?lve. Laksen er ein aktiv medspelar i denne nye domestiseringsprosessen. Han kan 澳门葡京手机版app下载e eller gjere seg vanskeleg. Det skjer heile tida eit samspel der vi kjem fram til m?tar ? vere saman p? som fungerer for begge partar. Akvakultur blir omtala som viktig n?r vi skal mette det store folketalet i verda i framtida. Og fordi Noreg er ein leiande akvakulturnasjon, har vi eit kjempeansvar for ? utvikle dette vidare p? ein god m?te.
?