Seeberg deler prisen med ein annan DNA-forskar, medisinprofessor Hans E. Krokan ved NTNU i Trondheim. Anders Jahres store medisinske pris, p? til saman ein million kroner, er den framste utmerkinga for medisinforskarar i Norden, og vert i forskarmilj?a ofte omtalt som ”den lille Nobelprisen”. Seeberg og
Krokan f?r prisen fordi forskinga deira har hatt mykje ? seia for forst?inga av aldring og utvikling av kreft og kroniske sjukdomar.
– Anders Jahres store medisinske pris er ein pris som heng h?gt, og eg er sj?lvsagt b?de glad og overraska over tildelinga, seier Seeberg.
Reparasjonsgener
Medisinprofessor Seeberg er forskingssjef ved Avdeling for mikrobiologi p? Rikshospitalet og nestleiar for SFF-senteret Senter for molerkyl?rbiologi og nevrovitskap (CMBN). Han er utdanna sivilingeni?r fr? NTH der han hadde kjemi som hovudfag. Etter at han avslutta sivilingeni?rstudiet, avtente han milit?rtenesta ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) p? Kjeller.
– Der blei eg sett til ? forska p? str?lingsbiologi og fylgjene av radioaktivt nedfall. Slik byrja interessa mi for DNA- reparasjonsgenane. S?rleg hadde eg interesse for korleis DNA-skadar som skuldast sollys, blei reparerte. Denne prosessen er defekt i pasientar med sjukdomen xeroderma pigmentosum. Desse pasientane utviklar hudkreft i ung alder og m? g? i romdrakter og berre vera ute n?r det er m?rkt for ? kunna leva. P? den m?ten kan dei unng? eksponering av sollys og forlengja levetida litt. Sjukdomen utviklar seg p? grunn av ein defekt i eitt av ?tte ulike DNA-reparasjonsgenar, som er naudsynte for ? reparera fotoprodukt i DNA. Me kjenner i dag nesten 200 DNA-reparasjonsgenar hos mennesket. Desse genane er me n?ydde til ? ha for at DNA-skadar i cellene skal kunna reparerast. Kvart d?gn oppst?r det rundt 50 000 feil i DNA i kvar einskild celle i kroppen. Desse genane er truleg det viktigaste forsvaret som kroppen har mot utvikling av kreftsjukdom, forklarar Seeberg.
– Dessutan kan fleire typar kreft hos menneske sporast tilbake til somatisk mutasjon i genar som er involverte i DNA-reparasjon. Det gjeld for visse typar tjukktarmkreft, fortel han.
Seeberg er fascinert over kor stor rolle berre ein liten feil i reparasjonsgenane spelar for at ein sjukdom skal kunna utvikla seg.
– Mekanismane bak DNA-reparasjonane er vanlegvis nesten 100 prosent effektive. Det er berre n?r ein skade slepp unna DNA-reparasjon at mutasjon kan oppst? og det blir utvikla sjukdomar p? grunn av det.
G?ta bak aldring
Eit anna sp?rsm?l han er opptatt av, er kvifor nokon blir sv?rt gamle, medan andre d?yr tidleg.
– Me unders?kjer eit stort materiale av DNA fr? 100-?ringar for ? sj? om det er spesielle eigenskapar ved reparasjonsgenane som gjer at nokon blir gamle, medan andre d?yr tidleg. Ein popul?r teori for aldring er at det akkumulerer DNA-skade over tid, spesielt i celler som ikkje blir fornya, til d?mes hjerneceller, og at n?r det blir for mange skadar, sluttar kroppen ? fungera. Difor reknar ein med at ein f?resetnad for eit langt liv kan vera at ein person har ein s?rleg effektiv reparasjonsmekanisme.
– Kan det ikkje skapa ein del etiske problem dersom m?let er ? f? folk til ? bli eldre enn i dag?
– Me er interesserte i ? forst? aldring som ein biologisk viktig mekanisme, men me ynskjer ikkje ? gripa inn i prosessen. Det ville vera store personlege og samfunnsmessige gevinstar dersom ein kunne gjera alderdomen sunnare. Dei fleste trur at det er ei naturleg grense for kor gamle menneske kan bli, konstaterer han.
Kloning
P? 1970-talet deltok han i eit banebrytande forskingsfors?k ved Forsvarets forskingsinstitutt.
– Me var nok dei f?rste i Noreg som tok i bruk genkloning. Det var eit sv?rt enkelt fors?k, for det me gjorde var ? flytta eit gen fr? ei bakterie til ein annan stad i den same bakterien. Likevel vekte dei f?rste fors?ka med kloning sterke reaksjonar blant anna i Aftenposten, som sp?dde at dette kunne f?ra til dommedag p? Jorda, minnest han og viser fram ein skanna versjon av avisartikkelen.
– Det var mykje p? grunn av dei negative haldningane til genteknologi og til bruk av kloningsteknikkar at Noreg kom i bakleksa i medisinsk forsking. Noreg skulle heile tida vera best p? ikkje ? gjera noko. Difor l?g Noreg langt bak Sverige og Danmark i medisinsk forsking p? 1980-talet, meiner han. No ser han derimot lyset i ein lang, m?rk tunnel.
– Norsk forsking har tatt seg skikkeleg opp sidan den gongen. Men det burde ha blitt etablert meir enn eitt senter for framifr? forsking innanfor medisin, synest han.