Dei siste ti ?ra har professor Reidar Elven p? Botanisk museum ved Universitetet i Oslo jobba med den nye versjonen av floraen over alle floraer, som Det Norske Samlaget gjev ut p? ny?ret. Floraen vert rekna som bibelen for botanikarar og gjev eit detaljert bilete av det botaniske mangfaldet her i landet.
– Dei fleste land med respekt for seg sj?lv har ein slik flora, med unntak av Sverige og USA. Floraen er like viktig som nasjonal ordbok og kartverk og er referanseapparatet til naturen. Han er essensiell for god naturforvalting. Utan ein slik flora kan vi ikkje forst? naturen. D? ville alt prat om biologisk mangfald vere tull, forklarer Reidar Elven.
Det vitskaplege grunnlaget for floraen byggjer p? ein million pressa planter, godt systematiserte i eit gigantisk arkiv i dei to midtre etasjane p? Botanisk museum ved Universitetet i Oslo. Samlinga er st?rre enn nasjonalherbariet i Canada, men likevel langt mindre enn verdas st?rste herbarium i London, Genève og St. Petersburg. Kvart av dei kan skilte med ?tte til ti millionar pressa planter.
1000 eksemplar
For ? dokumentere utbreiing, veksestad og h?gdefunn m? Reidar Elven ha bevisa. D? greier han seg ikkje berre med ei pressa plante per art. Han treng mengder av eksemplar av den same arten samla inn fr? eit s? spreitt omr?de som r?d.
– Det er ikkje uvanleg at vi har mellom 500 og 1000 eksemplar av same art. For artar varierer. Har vi berre ein art per geografiske omr?de, veit vi lite, b?de om utbreiing og utsj?nad.
Plantesamlinga gjev ogs? Reidar Elven h?ve til ? studere om artane b?r delast inn p? ein annan m?te. Kvart ?r f?r herbariet inn mellom ?tte og ti tusen nye objekt. Det vil seie at det har kome inn mellom 80 000 og 100 000 nye objekt etter at den f?rre floraen kom ut for ti ?r sidan.
– Vi har alts? f?tt inn nesten ti prosent nye opplysningar i herbariet sidan sist. Ein stor del av desse nye opplysningane dreiar seg om utbreiing. Vi kan ogs? dokumentere meir enn 50 nye artar.
Reidar Elven har samanlikna desse funna med tidlegare funn. I l?pet av dei ti siste ?ra har han g?tt gjennom nesten ein halv million herbarieobjekt.
– Vi har spesielt sjekka artar der vi har mistanke om problem. D? har vi systematisk g?tt gjennom objekta og sortert p? variasjon.
Analysane har f?rt til store endringar i den nye floraen. Ti til femten prosent av artsnamna er endra fr? den f?rre utg?va i 1994.
DNA-analyse
Som analyseverkt?y har botanikarane teke i bruk DNA-analyse. Men det er tidkrevjande og kostar fleire titals tusen kroner. Botanikarane m? difor i stor grad basere seg p? morfologi, det vil seie korleis plantene ser ut.
– Genetikken er ein revolusjon for botanikken og viser samanheng og evolusjon. Dersom analysematerialet av ein art gjev genetisk tydeleg ulike DNA-sekvensar samstundes som morfologien er forskjellig, deler vi opp i nye artar eller underartar. Viss genetikken derimot ikkje svarar til morfologien, m? vi gjere eit namneval. Men vi m? uansett ta omsyn til utsj?naden i floraen, for at folk kan kjenne att blomstrane, forklarer professoren.
Sj?lv om universitetsherbariet er stort, ?nskjer Reidar Elven ei end? st?rre samling. Sj?lv har han i ?r samla inn eit par tusen planter, men brorparten, 70 til 90 prosent av dei pressa plantene, vert sende inn fr? amat?rar som ikkje har tilknyting til Universitetet i Oslo.
– Utan desse amat?rane kunne vi aldri ha laga ein flora. Mange av dei er medlemmer av lokale botaniske foreiningar. Ein rogalending ?leine har samla inn tusenvis av planter og har dei siste 15 ?ra funne meir enn ti nye artar i Noreg, mellom anna ein ny art av sisselrot p? Rennes?y utanfor Stavanger. Reidar Elven er mest interessert i at folk samlar fleire vanlege planter.
– Ein arktisk liten rase av tyteb?r er no funnen p? Varangerhalv?ya, men vi har s? lite tytteb?r i herbariet at vi ikkje kan seie om den ogs? finst elles i landet.
Berre for ? dele opp finnmarksr?yrkvein i underartar m?tte Reidar Elven ha 200 objekt.
Tal p? artar av mispel, som blir mykje brukte som prydplanter i hagar og vegkantar, har eksplodert p? tjue ?r. Fr?a vert spreidde via fugleavf?ring. I 1987 blei det berre dokumentert tre artar. I 1994-floraen 16 artar, av dei 14 forvilla artar. Denne gongen kan Reidar Elven dokumentere 22 artar.
Gr?or-kick
Gr?or vekkjer ogs? stor interesse hj? professoren. P? herbariet har han tre kassar fulle av gr?or. For ti til femten ?r sidan blei han klar over at det fanst to ulike rasar her i landet. Den eine kom s?rfr?, den andre nordaust fr? og inn gjennom Finnmark etter siste istid.
– Nokre gr?or har ujamn kant p? blada, med fl?yelsh?r p? undersida. Andre blad har rundare og mjukare kantar. No ser det ut til at rasane blandar seg saman. For ti ?r sidan var det ingen som s?g p? gr?or. No ropar dette materialet etter ei genetisk unders?king. Det kan fortelje oss noko om innvandringshistoria. Reidar Elven brukar ogs? herbariet til ? dokumentere utrydda artar.
P? trettitalet blei ein sv?rt sjelden art verna med gjerde mot sauer og kyr. Arten d?ydde ut under krigen, fordi den vart kvalt av annan vegetasjon.
– Vi har beviset for at planta har eksistert. I floraen st?r ho i ein fotnote som utd?ydd, men vi tek likevel vare p? all informasjon om arten, i tilfelle den blir oppdaga igjen.
Floraeventyret
Det norske floraeventyret starta p? f?rtitalet. D? blei det gjeve ut ikkje mindre enn to konkurrerande floraer. Omtrent samtidig. Begge forfattarane heldt til p? T?yen, men dei var ikkje alltid gode vener. Professor Rolf Nordhagen i Botanisk hage gav ut ei bokm?lsutg?ve. Den kom aldri meir ut. Ho m?tte gje tapt for den illustrerte nynorskutg?va til konservator Johannes Lid p? Botanisk museum. Han var nemleg s? heldig at kontordama p? Botanisk, Dagny Tande , vart forelska i han.
– Den einaste m?ten ? vinne mannen i hennar liv, var ? teikne blomster. Ho vart ei av verdas mest kjende florateiknarar.
Sidan den gongen er Lids flora komen ut kvart tiande ?r. Kvar gong i ei sv?rt revidert utg?ve. D? floraen kom ut i si sjette utg?ve til femti?rsjubileet i 1994, var floraen blitt dobbelt s? stor.
I 1987-utg?va dekka floraen b?de Noreg, Sverige og Finland. For Sverige hadde ingen flora, og Finland hadde berre ein f?rkrigsflora. Men salet gjekk d?rleg, for nett d? dei norske botanikarane slo til, blei den f?rste finske floraen p? femti ?r utgjeven. Og svenskane sleit med nynorsken. I 1994 vart det difor valt ? gje ut ein rein norsk flora.
L?gnaktig prest
Sj?lv om herbariet er det viktigaste vitskaplege grunnlaget for ? dokumentere det biologiske mangfaldet, kunne ikkje prest P.V. Deinbol fr? Nesseby i Finnmark dy seg i 1823.
– Han stod for brorparten av alle funn fr? Aust-Finnmark og melde inn fleire titals nye artar. Men han bytte planter med andre og gav dei ut for ? vere fr? Finnmark. Vi kaller han berre den l?gnaktige presten. Alle ?nskjer ? gjere noko essensielt, men han gjekk heilt opplagt over streken. Dei trudde p? funna ei stund, men skj?nte allereie p? attenhundretalet at det var juks, fortel professor Reidar Elven.