Kva er ei ku?

Organisasjonen Norsk Raudt Fe (NFR) er ein av etterkrigs-Noregs store suksessar. Ved ? nyte godt av lojalitet fr? b?ndene og overvake s? ? seie kvar eineste norske ku, har NFR ein unik "storfedatabase" resten av kuverda dr?ymer om. Ei norsk ku er ikkje det ho ei gong var.

KU-VEN: Lars Risan har mellom anna studert ulike fj?skulturar, og vart oppteken av kor viktig NRF-systemet er for norsk kuhald. Foto: Eva C. Simensen (?)

Av Linn Stalsberg
Publisert 1. feb. 2012

For kva er i grunnen ei ku? Det ville antropolog Lars Risan finne ut ved ? studere nettverket av menneske, kyr, kunnskap og maskiner i doktorgradsavhandlinga Hva er ei ku? Norsk R?dt Fe som teknovitenskap og naturkultur. N?r sant skal seiast, hadde ikkje Risan tenkt ? skrive ein doktorgrad om NRF i det heile, men i l?pet av studiet blei han s? overvelda av NRFs rolle i kulivet at det vart uunng?eleg. Som antropolog var Risan mest interessert i ? bruke antropologisk metode p? kyr og p? samhandling mellom menneske og dyr. P? denne m?ten ville han bryte med den sosialkonstruktivistiske tradisjonen som oppsto p? 1960-talet, der det berre var samhandlinga mellom menneske som sto i fokus, og der ?natur? berre blei sett p? som eit resultat av denne samhandlinga.

– I utgangspunktet var eg oppteken av teknologi, IT og vitskapsteori og gjorde feltstudiar i eit lausdriftsfj?s p? J?ren som var h?gmoderne og datastyrt. Desse fj?sa stod for meg som eit framsteg for dyrevernet, forklarer Risan.

M?let var ? im?teg? det han kallar “den urbane dyrevernretorikken”, som hevdar at teknologi “framandgjer” dyr og dyrehald. Etter ? ha halde til i fire m?nader mellom lukkelege kyr som kunne g? fritt i teknologiske omgivnader, meiner Risan at dyrevernretorikken no er motprova. Faktisk er det dei gamle "naturlege" fj?sa, der kyrne st?r bundne fast i b?sar heile d?geret, som hindrar kyr i eit naturleg liv.

Variasjonar i fj?set

– Meir vitskap har i dette tilfellet faktisk f?rt til meir natur, hevdar han. I sin observasjon av fj?s blei han likevel overraska over at det finst fj?skulturar som varierer fr? fj?s til fj?s.

– I nokre fj?s har bonden veldig lite kontakt med kyrne, dei vert ikkje klappa eller kosa med, men utanfr? ser vi likevel at det vert danna eit harmonisk kuliv mellom dyra. Dei finn venner og s?v snute mot snute med yndlingskameraten. Somme blir ogs? i periodar mobbeoffer, og det er gjerne ulykkelege kyr, fortel Risan.

Feltarbeidet p? J?ren var sett saman av fast morgonstell i eit fj?s og mange bes?k i andre fj?s. Norsk R?dt Fe m?tte han overalt.

– Eg blei sl?tt av det systemet som NRF representerer, og tilliten dei nyt fr? b?ndene, seier Risan. Han tok til ? n?ste i NRFs historie, og med det skifte fokuset i avhandlinga undervegs.

Ku-rasisme

– NRF har stor legitimitet nedanfr?. Eg vart imponert over kor lojalt alle som har med ei ku ? gjere, rapporterer til NRF. Bonden, veterin?ren, insemin?ren, meieriet og slaktaren; alle observerer heile tida kvar einaste ku, som er heilt uvitande om denne overvakinga og lever i ei teknologisk matrise, forklarer Risan.

Alt kua gjer, blir observert og styrt, og NRF har god oversikt over kvar hending i kua sitt liv. Dermed kan kyr parast i forhold til data som finst hj? NRF. Kvar ku f?r difor ein optimal okse n?r det er p? tide ? setje p? kalv.

– NRF fekk monopol p? feavl her i landet i 1968, utan direkte statleg innblanding. Monopolet voks fram delvis med lokal st?tte, og det var ein reaksjon p? den norske kupolitikken som hadde grunnlag fr? 1890-?ra, d? landet v?rt vart sv?rt oppteke av nasjonalisme. Den norske kua slapp ikkje unna ? bli ein del av dette prosjektet, seier Risan.

– Kva var det NRF ville endra p??

– NRF ville ha ei funksjonell ku: Mj?lkekua. Tidlegare var kua ein del av ”distriktsideologien”, der kvart distrikt hadde sin type ku, sin feavl, og den skulle ikkje blandast med kyr fr? andre distrikt. Feavl skulle representere det lokale s?rpreget og blei med det ein del av den nasjonalistiske ideen, der landets identitet skulle vere lokalt s?rpreg og mange bygder. Ideen "Noreg" skulle vere sm?, sj?lveigde bruk. NRF var opposisjonell til ideen om "reine rasar i kvart distrikt", som blei diktert av ein statskonsulent. P? ein m?te var statsprosjektet "ku-rasistisk", meiner Risan.

For NRF var ei hybrid ku m?let. Ein god okse og ei god ku skulle pare seg, uavhengig av distrikt.

– NRF var ein pragmatisk reaksjon p? nasjonalismen, meir oppteken av avl enn rase, seier Risan.

Genteknologi

I dag heiter Norsk R?dt Fe ikkje lenger Norsk R?dt Fe, men GENO.

– Det betyr ikkje anna enn eit namnebyte med tanke p? internasjonal konkurranse, fordi GENO sit p? ein unik database som den genteknologiske verda kan vere interessert i. GENO peikar seg truleg ut som den mest gjennomf?rt vitskaplege avlsorganisasjonen i verda, fordi dei tek vitskap p? alvor n?r dei brukar populasjonsgenetikk. Det spesielle i denne vitskapen er at den norske bonden sitt lydige samtykke g?r inn som eit s? viktig element at bonden blir ein del av laboratoriet. Solidaritet mellom mj?lkeb?nder blir ein del av vitskapen.

– Har kua forandra seg mykje ? sj? til etter NRF-monopolet?

– Nei, ikkje anna enn at ho har litt st?rre jur. Vi m? hugse at dei gamle norske kurasane var unormalt sm? p? grunn av 400 ?rs sveltef?ring og vog ikkje meir enn rundt 300 kilo. Ei ekte villku veg opp mot 1000 kilo og ei NRF-ku veg om lag 550 kilo. D? importforbodet vart oppheva og vi begynte ? blande dei bittesm? kyrne med kyr fr? Skottland og Sverige, blei kyrne faktisk meir normale.

– Har ikkje NRF m?tt nokon motstand?

– Jau d?, i Oslo 3. Der bur dei som er glade i gourmetmat, og dei veit at det finst betre biffar enn biffen fr? kombinasjonskua til NRF. Dei vil ha biffkyr. Men dette har ikkje n?dd marknaden, og det vert ikkje bevisst avla biffkyr her i landet. Vi satsar p? mj?lk, seier Risan

Emneord: Samfunnsvitenskap, Sosialantropologi, Landbruks- og fiskerifag, Landbruksfag, Husdyravl, oppdrett, forplantning
Publisert 1. feb. 2012 12:03 - Sist endret 7. nov. 2025 15:09