Den prosessen som han oppdaga i 1966, er no internasjonalt rekna som den beste modellen for l?ring og minne og har gitt han Anders Jahres medisinske pris p? 1 million kroner for 2003.
– For meg var dette uventa fordi eg hadde trudd prisen ville ha g?tt til ein person som hadde vore meir synleg i terrenget enn kva eg har vore, seier Terje L?mo.
?lesundaren L?mo er tilsett ved Fysiologisk institutt ved Det medisinske fakultetet. Det var ogs? her han for 37 ?r sidan gjorde oppdaginga som er hovud?rsaka til at han er tildelt Nordens mest prestisjetunge medisinske pris.
Dreiv fors?k
– I 1966 var eg akkurat ferdig med milit?rtenesta som lege i Marinen, d? eg noks? tilfeldig fekk tilbod om ? jobba saman med hjerneforskaren Per Andersen. I det ?ret eg arbeidde saman med han, var det f?rst og fremst omr?det hippocampus i hjernen eg jobba med. Det er seinare blitt klart at dette omr?det er sv?rt viktig for l?ring og minne. Personar som f?r ein skade i hippocampus, har nemleg store vanskar med ? hugsa ting som dei hadde opplevd kort tid tidlegare, skildrar han.
I laboratoriet pr?vde han ? finna meir ut om hippocampus gjennom fors?k med kaninar og kattar. S?leis gjekk doktorgradsarbeidet ut p? ? registrera kva som skjer i dette omr?det i hjernen hos fors?ksdyra n?r det blir plassert elektrodar i ein bunt av nervefibrar som g?r inn til hippocampus fr? ein annan stad i hjernen og desse fibrane blir stimulerte med elektrisitet.
– Stimuleringa utl?yste elektriske impulsar i nervefibrane som blei leia vidare til hippocampus og overf?rte til andre nerveceller der. Eg oppdaga at n?r denne nervebunten blei stimulert med eit kortvarig tog av elektriske impulsar, f?rte det til langvarige forandringar i overf?ringspunkta, s?kalla synapsar, mellom nervefiberendane i hippocampus og cellene der. Ei enkel stimulering mange timar seinare blei av den grunn mykje meir effektiv og utl?yste impulsaktivitet i mange fleire nerveceller i hippocampus enn f?r. Dette var ei langvarig forsterking som m?tte skje i synapsane mellom nervefibrane og cellene i hippocampus. Det ville seia at det skjedde ei “varig” endring i hjernen som kunne setjast i samanheng med l?ring og minne. Det var denne oppdaginga som seinare er kalla for Langtidspotensiering eller LTP, fortel L?mo.
Spor av opplevingar
Det gjekk likevel lang tid f?r nokon la merke til oppdaginga.
– Kort fortalt kan ein seia at mykje av det du opplever, ser og h?yrer, kan du vekkja opp igjen seinare fordi det finst eit spor av denne opplevinga i hjernen. Dette sporet ligg sannsynlegvis i kontaktpunkta/synapsane mellom nervecellene i hjernen, trur L?mo. I 1968 kom Timothy Bliss til UiO for ? jobba saman med Per Andersen og L?mo i eitt ?r. Bliss og L?mo gjorde i 1968-1969 mykje grundigare studiar baserte p? oppdaginga fr? 1966, og saman skreiv dei ein vitskapleg artikkel for det britiske forskingstidsskriftet "Journal of Physiology". Artikkelen blei f?rst publisert i 1973, men vekte ikkje s?rleg stor interesse bortsett fr? hos eit par forskargrupper.
– Det var ikkje f?r i 1980-?ra dette forskingsfeltet verkeleg byrja ? ta skikkeleg av og blei eit av dei viktigaste innan nevrobiologien, fortel L?mo.
Han trur at utviklinga av ny teknologi var ein av grunnane til dette. Det blei blant anna mogleg ? studera LTP i skiver fr? hippocampus der cellene kunne overleva i mange timar i ei sk?l utanfor dyret og p? den m?ten blei dei lettare ? studera, minnest han.
Men han m? skuffa dei som trur at dette vil gjera det lettare ? l?ra i framtida.
– Nei, denne kunnskapen ?leine kan p? ingen m?te f? oss til ? bli flinkare til ? l?ra og hugsa. Dette er rein grunnforsking der poenget er ? pr?ve ? forst? mekanismane for l?ring og minne blant anna p? celleniv? og molekyl?rt niv?. Og d? m? me g? ned til byggjesteinane i kroppen v?r. F?rst n?r ein kjenner til dette, opnar det seg ein sjanse til ? utvikla stoff som til d?mes kan hjelpa folk med Alzheimer og andre pasientar til betre minne, understrekar han.
Nobelprisvinner
Etter at han tok doktorgraden i 1969, reiste Terje L?mo til University College London som postdoc-kandidat. Styraren for instituttet, Bernard Katz, fekk tildelt Nobelprisen i medisin i 1970, akkurat d? L?mo var der.
– Katz forska p? overf?ring av signal fr? ei nervecelle til ei anna, og arbeida hans har hatt mykje ? seia. Arbeidet i London fekk meg til ? skifta fokus til nervemuskelsignal. Alle visste at viss ein muskel mistar nerveforsyninga, s? forandrar muskelcellene seg dramatisk og blir ubrukelege. Den alminnelege oppfatninga p? den tida var at dette skjedde fordi muskelen mista tilf?rselen av ein trofisk faktor fr? nervefibrane, seier L?mo.
– Saman med forskaren Jean Rosenthal la eg inn elektrodar i rottemusklar som hadde mista nerveforsyninga si. S? stimulerte me muskelen elektrisk slik at me kunne sj? at muskelen trekte seg saman. Me kunne f? muskelen til ? fungera igjen og f? normale eigenskapar. Dermed hadde me funne at ?rsaka til forandringane i muskelen ikkje var mangel p? eit trofisk stoff, men mangel p? den elektriske impulsaktiviteten som normalt er i muskelen og som nervane utl?yser. Det er den som f?r musklane til ? trekkja seg saman.
– ? ha oppdaga LTP og kor mykje impulsaktiviteten har ? seia for eigenskapane i musklane v?re, er dei to tinga eg er mest stolt av, vedg?r L?mo.