Kommentar og parolar om Norsk Ordbok
D? bladde unders?kjande journalistar i Dagens N?ringsliv gjennom ei fersk stortingsmelding om Arkiv, museum og bibliotek. Der fann dei lite spennande stoff, f?r ein godbit plutseleg dukka opp p? dei departementale sidene: Prosjektet Norsk Ordbok, eitt av fire oppslagsverk som ?Kulturdepartementet tek sikte p? skal vera avslutta til tohundre?rs-markeringa av Grunnlova i 2014. Det er eit m?l som krev auka innsats alt fr? 2001.? Kva var denne Norsk Ordbok, undra journalistane seg. Det blei sensasjonsoppslag med ?sj? s? rare dei er?-reportasje – og mykje merksemd f?lgde i kj?lvatnet. Mange blei harme, men truleg gjorde n?ringslivsavisa prosjektet ei stor teneste denne v?ren.
"Kva synest du om nyanseringa mellom ’mager av svolt’ og ’sunn og slank’ her: gjenta vart mindre og grannare og ho var s? grann i leggjene. Slik nyansering er mat for ei diktarsjel!" Foto/ill: St?le Skogstad (?)
Dyrt og eksotisk
Kvifor sensasjonell godbit? Sensasjonell fordi ein ?auka innsats? for dette prosjektet vil koste Staten 20 millionar kroner per ?r – det blir meir enn ein kvart milliard dei neste 14 ?ra. Mange vil synest det er ein sjokkerande sum – i alle fall til dei f?r tenkt seg om, slik leiarskribenten i Stavanger Aftenblad gjorde d? han skreiv om sensasjonsoppslaget: ?Vi rister p? hodet. Inntil vi sl?r opp i Aftenposten samme dag, hvor fallskjermene og pensjonsordningene til de fremste lederne i norsk n?ringsliv er listet opp. 15 p? topp-lista summerer seg til 300,6 millioner kroner. Vi er ikke s? sikre p? om spr?kforskerne b?r ha d?rlig samvittighet likevel.?
Godbit fordi prosjektet med sin grundige metodikk, lange tidshorisont og sitt litt avsondra tilv?re p? Seksjon for leksikografi p? Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo kan verke kuri?st, eksotisk og aldri s? lite komisk p? urbane sjeler. Her sit s?re filologar og held p? med sitt i tilsynelatande splendid isolation fr? eit hektisk storsamfunn som nett no er opptatt av ? avskaffe sidem?lsstilen, senke bensinprisane, krone Carl I. Hagen til president og velje Mette-Marit til dronning. No er dei komne til bokstav H i alfabetet, raringane p? Blindern. Det fjerde av i alt tolv band er snart ferdig. Rett nok gav seksjonen saman med Norsk spr?kr?d i 1986 ut den s?rs nyttige kortversjon av Norsk Ordbok – Nynorskordboka – med heile 90 000 oppslagsord.
Ikkje nett NO
Men ?NO? – den offisielle forkortinga p? eit verk stappfullt av forkortingar – er ei litt paradoksal kortnemning for ein m?l- og m?lf?redugnad som tok til i 1930 og som med med dagens utgjevingsfart er ferdig i 2060. Paradokset gjeld ikkje berre tidsspennet. Dette er heller ikkje ei ordbok som f?rst og fremst legg vinn p? ? vere up to date: ?Nyord er vi skeptiske til fordi Norsk Ordbok er eit verk som speglar utviklinga i spr?ket over ei viss tid, og dei orda vi tek inn, b?r ha sett seg rimeleg godt fast i spr?ket og ikkje berre vere d?gnfluger?, kan redakt?r Lars S. Vik?r fortelje. Og bakover: Ordboksstaben ?nskjer ? leggje vekt p? den nyare norske spr?khistoria fr? 1525 av. Men det er lite materiale ? ta av f?r Ivar Aasens tid, s? ?generelt m? vi seie at ordboka legg st?rst vekt p? ? dokumentere den eldre fasen av utviklinga til det nynorske skriftm?let?.
Raskare, men like godt
Argumenta b?de mot d?gnflugeord og for ein historisk profil verkar rimelege. Og ei ambisi?s, nasjonal ordbok kan ikkje vere hastverksarbeid. Deutsches W?rterbuch kravde 123 ?rs innsats, Woordenbuch der Nederlandsche Taal 146. N?r Norsk riksm?lsordbok ?berre? tok 35 ?r – eller 73 med supplementsbanda – har det nett med ambisjonsniv?et ? gjere: Her er ikkje talem?let med, og det skriftlege, litter?re grunnlaget er meir snevert enn i NO.
Men er ikkje tida ute for oppslagsverk p? papir? Burde det ikkje mane til ettertanke n?r eit storverk som Encyclopaedia Britannica for lenge sidan har gitt opp papirutg?va og no berre kjem ut elektronisk? Ettertanke, ja. Papirstopp, nei, seier NO-folka. Men det tyder ikkje at dei er slike reaksjon?re NO-sayers som hippe modernistar sikkert gjerne vil ha det til. Ogs? Norsk Ordbok-medarbeidarane lever i Internett-alderen, og Dokumentasjonsprosjektet p? HF-fakultetet har allereie gjort allment tilgjengeleg det omfattande kjeldematerialet som f?r berre fanst i forskarane sine g?ymer. Ei ?metaordbok? p? data med heile ordtilfanget for alle tolv banda er ein sentral del av planen for dei n?raste ?ra. Ogs? dette synest tillitvekkjande.
Men no skal alts? framdrifta intensiverast. Institutt for nordistikk og litteraturvitskap har sett m?lmannen, politikaren og advokaten Steinulf Tungesvik p? jobben med ? greie ut 2014-vrien. Han reknar med ? konkludera med at dette skal late seg gjere utan ? gi avkall p? kvaliteten, seier han, men det vil sj?lvsagt krevje langt meir pengar og folk. Fleire av dagens redakt?rar er pensjonistar lenge f?r 2014. S? no trengst det rekruttar , og dei m? bli motiverte i m?nadene og ?ra som kjem.
Nye brennpunkt
Apollon vil gjerne hjelpe til her. Rett nok ser vi at brennpunkta i norsk spr?kutvikling i ?ra framover langt fr? berre vil vere nynorsk og tradisjonelle m?lf?re. For norsk demokrati og ?ndsliv har det vore s?rs viktig ? inkludere bonde- og industriarbeidars?ner fr? til d?mes Sauda og bygdene der omkring i slike danningsprosjekt som utan nynorsken ville vore reserverte for embetsmanns- og patrisiarborn. Men i ?ra framover er det like vesentleg at nysgjerrige pakistanske og somaliske jenter fr? Holmlia blir inviterte med i det norskspr?klege, offentlege livet. Her sit verken Aasen, Vik?r eller Tungesvik med n?kkelen.
I erkjenninga av at det er lov ? ha fleire tankar i hovudet p? same tid, lanserer vi her nokre parolar, forma som:
Seks argument
for storverket Norsk Ordbok, retta mot ulike grupper unge menneske:
- Til deg som verkeleg vil lese andre sin litteratur: Mykje av det beste p? norsk berre finst p? nynorsk. D? bokm?lsdiktaren og den ferske ?resdoktoren Jan Erik Vold nyleg tala for fullpakka auditorium p? Blindern om den norske poesien, var Olav H. Hauge og Tarjei Vesaas hovudpersonar. Dersom du les Hauge, Vesaas eller Jakob Sande og finn ord du ikkje har sett f?r, kan du g? til Nynorskordboka eller ei anna bruksordbok. Men viss du vil arbeide vidare med diktet eller romanen, kan eit oppslag i Norsk Ordbok trylle fram rikdomen i det einskilde ordet.
- Til deg som vil dikte sj?lv: Unge lyrikarar, ofte med dei viktigaste litter?re impulsane henta fr? rocketekstar og engelskspr?kleg lyrikk, seier stundom at dei synest det er vanskeleg ? unng? klisjear n?r dei skal skrive p? norsk. Difor m? dei dikte opp ord. Det er vel og bra. Men i Norsk Ordbok finst ei skattkiste full av ord som er klare til bruk eller til ? dikte vidare p?. Og viktigare: Her finst breie vifter av tydingar og nyansar for kvart einskild ord. Ta berre ordet grann. Som adjektiv kan det brukast s?rleg om ?sylinderforma ting?, om ein tone i skalaen eller for ? uttrykkje at noko er tydeleg og kl?rt. Men n?r det gjeld folk, kan ordet tyde ?mager, tunn, skrinn, slank?. Kva synest du om nyanseringa mellom ’mager av svolt’ og ’sunn og slank’ her: gjenta vart mindre og grannare og ho var s? grann i leggjene. Slik nyansering – eventuelt i kombinasjon med dei andre, nemnde tydingane – er mat for ei diktarsjel! Det blir grant s? ein gler seg til ? nytte ordet grann neste gong!
- Til deg som elskar Noreg: ? vere sikker i internasjonal kontakt er ikkje berre ? vere god i engelsk og fransk, men ? vere trygg p? eigen nasjon. Norsk Ordbok er, trass i m?lstriden, ein felles, nasjonal kulturinstitusjon med stort nasjons- og kulturbyggjande potensial i seg.
- Til deg som hatar (ideen om det homogene) Noreg: Ettersom m?lf?revariantar er det dominerande innhaldet i Norsk Ordbok, kan ho vere ein reiskap for alle som vil hevde mangfald og pluralisme mot nasjonal normering og uniformisme. Norsk Ordbok representerer ?Dei andre? i det EU-fiserte, globaliserte og amerikaniserte Noreg.
- Til deg som elskar vitskapen: Norsk Ordbok er det suverent fremste vitskaplege ordboksprosjektet her til lands. Her tyder ?vitskap? b?de systematikk og strenge dokumentasjonskrav, men ogs? kritikk, sj?lvkritikk og stendig teoretisk-metodisk ajourf?ring. I 1997 inviterte s?leis staben fleire ekspertar til ? evaluere ulike aspekt ved ordboka. Kritikken blei til dels krass, men konstruktiv. Etterp? trykte dei kritikken og freista ta han til seg. Den vitskaplege kompetansen i prosjektet er for ?vrig allereie flittig nytta i afrikansk m?lreising (sj? http://www.dokpro.uio.no/allex/allex.html ).
- For dei som hatar (den elit?re) vitskapen: Norsk Ordbok er eit folkeleg prosjekt b?de i vesen og opphav. Mange av subskribentane er ikkje-akademikarar med kj?rleik til ord – alts? filo-logar i rette forstand. Og h?yr berre kva Sigmund Skard skreiv om ordsamlarane i 1932: ?Maalet for Norsk Ordbok maa – sj?lvsagt – vera aa faa samlarar i arbeid i kvar einaste norsk bygd og by, og helst fleire p? kvar stad.c Det har vore merkeleg aa sjaa kor mange samfundslag som er representerte i samlarflokken; der er fiskarar, smaabrukarar og b?nder, gardsdrenger og studentar, husm?der og ungjentor. Det har vore imponerande aa sjaa kor sterk maal interesse det finst ute millom ?vanlege folk? – og kva for filologiske l?rdomsverk det kann finnast jamvel i fiskarstovor lengst uti havgarden.?
Framleis er det innsendte materialet fr? vel 1000 ul?nte og frivillige samlarar ein berebjelke for Norsk Ordbok, eit historisk notidsretta prosjekt som alts? p? same tid er nasjonalt, antinasjonalt, akademisk og folkeleg!