F?r hiv-epidemien var bruk av kondom i Noreg i hovudsak sett p? som eit prevensjonsmiddel til bruk ved heteroseksuell sex. Ein veit lite om bruk av kondom i homofile milj? f?r hiv- og aids-epidemien kom. Det var fyrst ved hiv-epidemien at bruk av kondom blant homofile verkeleg vart aktualisert. Det var d? kondomet fekk ei avgjerande tyding i forholdet mellom liv og d?d.
Sk?l for kondomet! Ein av informantane i Middelthon si unders?king hadde alltid ein bolle med kondom st?ande framme i heimen for ? syne at han var eit ansvarlig menneske som praktiserer sikker sex.
Meir enn gummi
I utgangspunktet verkar det opplagt. Homofile menn som brukar kondom, kan sikre seg mot d?deleg hiv-smitte. S? kvifor la vere ? bruke kondom? Men seksualitet handlar om menneskelege relasjonar, og Middelthon finn at det er ei rekkje andre forhold enn fornuft og helse som verkar avgjerande n?r homofile vel ? bruke eller la vere ? bruke a kondom. Sentrale sp?rsm?l som tillit, intimitet, respekt, utlevering og audmjuking p?verkar meininga ein legg i kondomet. Samtalane med unge homofile menn avdekkjer at bruk og manglande bruk av kondom blir tolka p? ei rekkje ulike m?tar, avhengig av kontekst, tid og relasjonar. Kondomet blir tillagt langt meir meining enn berre ? vere ein "gummisak" som kan sikre ein mot hiv-smitte.
- Alle menneske leitar etter meining eller teikn i relasjonar, seier Middelthon. - Tenk berre p? korleis ein leitar etter sm? teikn n?r ein er forelska. Eit blikk - eit smil. Vi leitar og tolkar. Det som er spesielt for unge homofile gutar, er at dei i mykje mindre grad enn heteroseksuell ungdom har tilgang p? informasjon og kunnskap om de situasjonane dei kjem opp i. Ein ung homofil gut som skal debutere seksuelt, kjenner kanskje f? eller ingen andre homofile menn. Eit av sp?rsm?la han kan kome til ? stille seg sj?lv, er kva den seksuelle partnaren meiner med ? bruke eller la vere ? bruke kondom.
Kondomet som teikn
P? kva m?tar kan ein s? sj? kondomet som teikn? Gjennom ? tolke den seksuelle partnaren sin bruk eller manglande bruk av kondom, kan ein homofil mann dra slutningar om tilh?ve som er fr?verande eller ikkje opplagte. Middelthons diskusjon av materialet tek utgangspunkt i den amerikanske filosofen Charles Sanders Peirce sin definisjon av teikn. Peirce ser teiknet som ein triade som er sett saman av teikn, objekt og det nye teiknet som vert skapt gjennom relasjonen mellom det f?rste teiknet og objektet. Middelthon er oppteken av objektet eller det som blir representert, slik det opptrer i den "semiotiske prosessen". Dette objektet blir med Peirces terminologi kalla det umiddelbare objektet. Til d?mes ser ho p? korleis unge homofile menn i tolkingsprosessen kjem fram til tidsavgrensa konklusjonar p? kva motiv eller intensjonar partnaren har for ? bruke eller ikkje bruke kondom under eit samleie. Tolkinga kan endre seg, ikkje berre over lengre tid, men ogs? innanfor ein situasjon.
- Ein av informantane mine hadde alltid ein bolle med kondomar st?ande framme heime hj? seg sj?lv. Han brukte dette medvite for ? signalisere til potensielle partnarar at han var eit ansvarleg menneske som praktiserer sikker sex. Ein annan meinte derimot at det var risikofylt ? ha kondomar framme, fordi dette kunne oppfattast som eit teikn p? at han ynskte analsex, n?r det ikkje var det han faktisk ynskte. Ein annan av informantane, vi kallar han "Per", fortalde meg om korleis han hadde tolka ein situasjon der ein partnar hadde plassert kondomar synleg framme. Fyrst hadde "Per" sett pris p? at kondomane l?g framme og tolka dette nettopp som eit teikn p? at partnaren praktiserte sikker sex. Seinare hadde "Per" tenkt at dei synlege kondomane tydde at partnaren hans ogs? hadde mange andre partnarar, og at partnaren neste gong kom til ? ha sex med ein annan mann. Per fortalde at han d? kjende seg som berre "ein i rekkja". Han f?lte seg som han nesten ikkje var nokon. Her f?rer "Per" alts? ein indre dialog med seg sj?lv om kva partnaren meinte med ? ha kondomar liggjande framme. Dette er ein semiotisk prosess, der "Per" g?r igjennom ei tolkingsrekkje og kjem fram til stadig nye mellomliggjande konklusjonar, som igjen skaper nye tolkingar, forklarer Middelthon.
Kondom som teikn p? tillit
Som teikn har kondomet ulike funksjonar, og det kan bere ulike funksjonar i seg samstundes.
I den forma for semiotikk som er nytta her, opererer ein med tre former for teikn eller meir presist, tre aspekt ved teiknet. Desse teikna, ikon, indeks og symbol, representerer forskjellige funksjonar i den semiotiske prosessen.
- Eit ikonisk teikn representerer objektet gjennom likskap. Eit fotografi av eit kondom er det mest opplagte d?met, men likskapen kan ogs? vere metaforisk. Eit d?me kan ein finne i historia om "Jakob". Han byrja ? bli seksuelt aktiv i slutten av ten?ra. Han gjekk p? barar for homofile menn og kom i nokre tilfelle til ? ha sex utan at han eigentleg ville det. "Jakob" var den passive parten i samleiet, og han opplevde fleire gonger at partnaren ikkje brukte kondom, jamvel om "Jakob" ba om det. Han syns det var nedverdigande at eldre partnarar trudde dei kunne behandle han som ein "dritt" berre fordi han var ung. "Jakob" tolkar det at partnaren ikkje brukar kondom som eit ikonisk teikn p? korleis partnaren ser han som ein "dritt".
- Kva s? med kondomet som indeksikalt teikn?
- Det er i kondomet som indeksikalt teikn eg har funne flest interessante teiknrelasjonar. Det indeksikale teiknet representerer objektet sitt gjennom samband, anten dette dreiar seg om n?rleik eller truleg ?rsakssamanheng. Gjennom samtalene eg har hatt med homofile menn, kom det fram at bruk av kondom i mange h?ve er sterkt knytt til sp?rsm?l om tillit. For nokon blei det ? la vere ? bruke kondom i eit stabilt forhold oppfatta som eit teikn som representerte tillit. Paret markerte p? denne m?ten at dei hadde eit spesielt forhold til kvarandre. Fr?v?ret av kondom blir d? eit indeksikalt teikn p? tillit, fordi dette fr?v?ret er mogleg eller kjem av at partnarane har gjensidig tillit til at dei ikkje utset kvarandre for fare. For andre hadde kondombruk i eit stabilt forhold heilt motsett tyding. Til d?mes fortalde "Eivind" at i forholdet hans representerte kondombruk tillit. "Eivind" meinte at ein ved ? bruke kondom, viste at ein ville sikre b?de seg sj?lv og partnaren mot hiv-smitte, fortel Middelthon.
Ufarleggjer kondomet
- Kvifor valde du ei semiotisk tiln?rming n?r du skulle unders?kje bruk av kondomblant unge homofile?
- Den semiotiske tiln?rminga opnar for analysar av fleire funksjonar ved teiknet, s? vel som for forandringar som dukkar opp etter kvart. Gjennom det semiotiske rammeverket kan ein danne seg eit omgrepsapparat og auke forst?inga av dei ulike tolkingsprosessane som kondomet skaper.
- Du g?r djupt inn i kva meining den enkelte homofile mannen legg i kondomet. P? kva m?te kan funna dine nyttast i til d?mes f?rebyggjande helsearbeid?
- N?r ein driv f?rebyggjande arbeid og er i dialog med unge homofile, er det viktig ? vere klar over at kondomet har eit kraftfullt meiningspotensial. Kondomet blir alts? tillagt ei langt vidare tyding enn berre ? vere ei fysisk barriere av gummi eller lateks som kan sikre ein mot hiv-smitte. N?r det gjeld helseopplysning, eksisterer det framleis ei underleg tru p? kva rein informasjon kan utrette. Det er ei seigliva oppfatning innan helseopplysninga at det eksisterer eit slags automatisk tilh?ve mellom kunnskap, haldningar og ?tferd. For eksempel kan det verke som folk trur ein kan endre den seksuelle ?tferda til folk ved ? setje opp ein plakat der det til d?mes st?r "Bruk kondom". Studien min viser blant anna korleis mange andre faktorar, utover dei helsemessige, verkar inn p? om homofile vel ? bruke eller la vere ? bruke kondom. Innsikta kan vere viktig for ? forst? kvifor folk gjer val som helsepersonell ofte oppfattar som heilt uforst?elege
- Kjenner du til korleis kondomet fungerer som teikn blant heterofile?
- Vi veit at n?r jenter har g?tt med kondomar "p? lomma", s? er dette blitt tolka som eit teikn p? at dei er "lette p? tr?den". Men her skjer det haldningsendringar. I st?rre grad enn f?r er det no akseptert at ogs? jenter er seksuelle subjekt. B?de blant heteroseksuelle og homoseksuelle er det nok framleis mange som kan tolke ei heil verd ut av kondomet.
Fr? eit helsemessig perspektiv er det ynskjeleg at kondomet blir tolka som eit teikn som st?r for ein handling som er like vanleg som ? pusse tennene, avsluttar Anne-Lise Middelthon.
Foto: St?le Skogstad
Anne-Lise Middelthon (biletet) er antropolog har sidan 1985 arbeidd med utfordringar knytt til hiv- og aids-epidemien, nasjonalt og internasjonalt. Som del av ein studie av unge homofile menn sine meistringsstrategiar i h?ve til hiv-epidemien, har Middelthon gjort analysar av korleis unge homofile tolkar bruk og manglande bruk av kondom. Analysane er gjort ved hjelp av et semiotisk rammeverk.
Det empiriske materialet er mellom anna gjentekne djubdeintervju med 20 menn mellom 17 og 22 ?r som identifiserte seg som homofile. Gutane vart rekrutterte av Helseutvalet for homofile.
Middelthon er tilsett ved Seksjon for medisinsk antropologi som ligg under Institutt for allmennmedisin og samfunnsmedisinske fag ved Det medisinske fakultetet. Forskarane p? denne seksjonen unders?kjer forhold knytt til helse gjennom sosialantropologiske metodar.