Lukkeleg student med kritisk blikk p? universitetet

- Eg kjenner ganske stor avstand til det vitskaplege personalet ogs? etter fleire ?r som heiltidsstudent. Mange studentar blir nok skuffa over undervisninga, og dette at ho er forskingsbasert, som det st?r i festtalane, merkar ein ofte ikkje s? mykje til.

Av Johan L. T?nnesson
Publisert 1. apr. 1998

Det seier Ommund Vareberg (32). Han er noko s? gamaldags som ein heiltidsstudent full av erkjenningslyst.

- Du har bakgrunn som dataingeni?r og har nyleg levert hovudoppg?ve i nordisk litteratur om Fl?gstads Dalen Portland i ljos av spanske vandrarromanar eller pikareskromanar fr? 1500- og 1600-talet. Er det her snakk om omskolering eller vidareutdanning?

- Ingen av delane. Eit slikt studium er ikkje noko naturleg framhald av ingeni?rstudiet. Men p? den andre sida: N?r du har studert eit fag mest blotta for filosofi og erkjenning, kan det oppst? eit sakn. Sj?lv kjende eg meg p? sett og vis dummare etter ingeni?rstudiet enn f?r - eg sakna diskusjonane i norsk-, religions- og samfunnsfagstimane p? gymnaset. Og eg hadde venta meg meir matematikk og logikk i studiet.

Kva for fortrinn har du i arbeidslivet jamf?rt med dei medstudentane p? ingeni?rh?gskulen som ikkje har studert humaniora ved universitetet?

- Det kjem an p? kva slags rolle eg skal ha i arbeidslivet. Som IT-teknikar p? eit operasjonelt niv? vil eg ikkje ha noko fortrinn. Men som medarbeidar i ein organisasjon der du skal ta avgjerder, er den humanistiske utdanninga god ? ha. I den rolla f?r du bruk for mange andre kunnskapsfelt enn dei tekniske og ?konomiske. Dels vil humanisten vere meir open for uformelle m?nster i organisasjonen, dels vil han og ho ha meir av det eg vil kalle konfliktmedvit. Dersom du har arbeidd mykje med litteratur, ikkje minst skj?nnlitteratur, vil du f? skjerpa evna til ? sj? spenningar og interessekonfliktar b?de mellom personar og grupper.

Slikt kan gjere at du blir mindre utsett for manipulasjon og at du kan sj? kvar det ligg konfliktstoff, og s? kan du gjere noko med dette f?r konflikten bryt ut. Endeleg er det historiske medvitet godt ? ha med seg. N?r du kjenner organisasjonen si historie, vil du til d?mes lettare skj?ne tregleiken i systemet. Men historisk medvit dreier seg ogs? om ? ha eit reflektert forhold til kva det vil seie ? leve i Noreg og Europa i det 20. hundre?ret. Det ? ha ein litt samansett bakgrunn er jo allment sett ein fordel - i mitt tilfelle kan eg kanskje bygge litt bru mellom IT-kulturen og andre fagmilj?.

- Du er no p? veg ut av universitetssamfunnet att - n?r lesarane f?r dette nummeret av Apollon, er du p? plass i Statskonsult for ? gi r?d om dataoppl?ring av statstilsette. Dersom ein IT-r?dgjevar i N?ringsdepartementet sp?r deg om korleis dei er, desse framande forskarane p? Blindern, kva svarar du?

- Eg m? nok svare at dei framleis er litt framande. Ein student blir f?rst synleg p? Nordisk institutt heilt p? tampen av hovudfagsstudiet. F?rst d? er han ein fagperson, og d? forsvinn dei fleste ut att, alts? utan ? ha kome dei tilsette forskarane inn p? livet. Eg kjenner ganske stor avstand til det vitskaplege personalet ogs? etter fleire ?r som heiltidsstudent. Mange studentar blir nok skuffa over undervisninga, og dette at ho er forskingsbasert, som det st?r i festtalane, merkar ein ofte ikkje s? mykje til.

Kva kan ein gjere med dette?

- Noko ferdig oppskrift har eg ikkje. Men studentar p? mellom- og s?rleg p? hovudfagsniv? skulle hatt betre h?ve til ? arbeide i ei forskargruppe, slik vi ser det i mange naturvitskaplege fag. Det ? skrive artiklar eller arrangere seminar saman med medstudentar og ferdigutdanna forskarar, m?tte kunne minske avstanden.

D? du tok farvel med ein datajobb i Justisdepartementet for ? studere nordisk fr? grunnen av, fekk du h?ve til ? bli kjent med s?rs mange yngre studentar. Korleis r?kar Bernt Hagtvet sine p?standar om at den typiske studenten er pensum- og karakterfiksert og manglar erkjenningslyst?

- Erkjenningslyst er jo ikkje berre eit sp?rsm?l om god vilje. Sj?lv var eg privilegert: Eg kunne n?r som helst f?tt ein godt betalt jobb, men valde ? f?lgje erkjenningslysta mi. Andre, som ikkje har slik tryggleik i bakhand, vil kjenne det annleis. Eg synest ikkje grunnfagsstudentar p? nordisk er s?rleg karakterfikserte, faktisk trur eg ikkje HF-karakterar har noko s?rleg meining i samfunnet utanfor, og det veit studentane. For arbeidsgjevarane blir vel karakterane viktigare n?r dei skal tilsetje folk med reine profesjonsutdanningar. Men pensum er viktig - ikkje minst grunnfagspensumet er s?rs omfattande. Ein skal vere glad om ein kjem gjennom det p? normert tid. Samstundes m? eg seie at eg har blitt ganske sterkt provosert n?r eg har h?yrt medstudentane klage over dei aller mest engasjerte forelesarane fordi desse ikkje held seg til pensum. Vi treng leik og verkeleg engasjement. Viss universitetsstudentar heller vil ha pensumrams enn fagleg engasjement, skulle dei finne seg ein skule ? g? p?.

Men mange studentar er i dag ein slags skuleelevar som ikkje prim?rt kjem for ? l?re, men for ? f? seg ei utdanning.

- Eg ser dilemmaet her, og det er stort. For det ? vere ved eit universitet, skulle dreie seg om ? l?re ? kommunisere betre, om ? ta del i ein akademisk og fagleg fellesskap. Det er ikkje lett ? sameine med masseundervisning. Kan hende skulle vi reise diskusjonen, slik eg n? ser at danskane gjer, om vi skulle f? eitt eller fleire eliteuniversitet.

Du kjem fr? Nittedal og Grimstad, og s? har du bestemt deg for ? skrive hovudoppg?va p? nynorsk. Kvifor?

- I Nittedal snakka vi dialekt og fekk skriveoppl?ring p? radikalt bokm?l. Dermed fekk eg bygd opp det spr?klege medvitet som m? vere forklaringa p? f?lgjande historie: P? nordisk hovudfag er regelen at den stutte vitskapsteoretiske heimeoppg?va og den lange hovudoppg?va skal skrivast p? kvar si m?lform. Som austlendingar flest starta eg ? skrive heimeoppg?va p? nynorsk. Men det kjendest s? godt og greitt at eg spontant tok ei ny avgjerd: Denne sjansen til ? skrive konsist og beint fram ville eg spare til den lange hovudoppg?va.

Emneord: Spr?k og kultur, Litteraturvitenskapelige fag, Nordisk litteratur
Publisert 1. apr. 1998 00:00 - Sist endret 7. nov. 2025 15:08