?...din Arne Garborg?

?Eg er komen i Basketak med Bj?rnstjerne Bj?rnson. Han er vill yver det eg skreiv um ?Magnhild?. Eg firer ikkje, men svarar helder kvasst (i Dagbladet). Men i Fedraheimen vil eg vera lind; fyr eg er glad i Bj?rnson.?

Av Svein Arthur Kallevik
Publisert 1. feb. 2012

Det nye tilskotet av Garborg-brev vil neppe forandre biletet v?rt av Arne Garborg, men eg er sikker p? at det er stoff i dei som gjer at litteraturforskarar vil kunne f? fram nye fasettar, seier universitetsbibliotekar Oddvar Vasstveit, styrar ved Handskriftsamlinga. (Foto: St?le Skogstad)

Svein Arthur Kallevik

Slik lyder eit utdrag fr? eit av Arne Garborg sine private brev, skrive den 23. november 1877. Fedraheimen var bladet forfattaren begynte ? gi ut same ?ret. Dette brevet h?yrer til ei samling p? 90 Garborg-brev som Universitets-biblioteket kj?pte i v?r.

Breva har tidlegare vore i Garborgfamilien si eige. Handskriftsamlinga ved Universitetsbiblioteket sikra seg samlinga p? ein auksjon som J. W. Cappelens Antikvariat heldt i mai. Brevsamlinga er kj?pt saman med Norsk kulturr?d, Asker kommune (Labr?ten), Time kommune (Knudaheio) og Tynset kommune (Kolbotn). Det er ei spennande samling brev fr? tida 1872 til 1911. Det er sjeldan vi f?r tak i ei s? stor samanhengjande brevveksling. Dei fleste breva er skrivne til broren Jon, men nokre er til andre sysken og til mora. Breva viser kor n?r dei to br?rne stod einannan, og gir eit godt bilete av Arne Garborg si livsutvikling, seier styraren for Handskriftsamlinga, universitetsbibliotekar Oddvar Vasstveit.

Mange av breva inneheld r?d og vink til broren Jon, blant anna om artiklar han skal skrive til det nystarta nynorskbladet Fedraheimen. Ofte er breva noks? personlege og alvorlege, som dette fr? 2. november 1878: ?Ein hev ellest gjerne den Feilen i Ungdomen, at ein legg sine Livsideal ikkje for ?h?gt?, men for abstrakt, for langt ifraa Livet; Ein kann kje faa Tanken og Livet til aa hengja ihop; so taper ein lett Synet fyr det, som daa er godt og brukelegt i Livet, taper Fotfestet, og vert leid og tom og kald. Det vil segja ein kjenner seg so. Detta er eit Standpunkt; ein maa v?l igjennom det; men det er godt naar ein kan sleppa igjennom det med heilt Skinn, utan aa verta altfor aandeleg sundriven. ... Det gjeld um ikkje aa slaa av paa sine Ideal! men aa pr?va finna Traaden millom Idealet og Livet...?

Forskingsmateriale

ev er eit skatta materiale for forskarar. Mange forfattarar som skal skrive biografiar, brukar mykje tid i Handskriftsamlinga til ? lese brev, og p? den m?ten bli betre kjende med personen.

Tor Obrestad sat i vekevis her hos oss d? han skulle skrive sin biografi om Arne Garborg, og seinare d? han skreiv om Hulda Garborg. Det nye tilskotet til samlinga vil neppe forandre biletet v?rt av Garborg, men eg er sikker p? at det er stoff i det som gjer at litteraturforskarar vil kunne f? fram nye fasettar. Ikkje minst fordi dei inneheld mange detaljopplysningar, seier Vasstveit.

Fr? f?r har UB ei stor samling brev og manuskript fr? b?de Arne og Hulda Garborg. Ein av grunnane er at son deira, Arne Olaus Fj?rtoft Garborg (?Tuften?) var bibliotekar p? UB. B?de han og etterkomarane hans har gitt store tilskot til samlingane av forfattarekteparet sin korrespondanse og anna som dei skreiv.

Garborgsamlingane veks stadig. I samlingane finst mellom anna manuskriptet til Arne Garborgs st?rste diktverk Haugtussa, ei rekkje talar, artiklar og enkeltdikt.

Ein skal vere tolmodig og flink til ? tyde handskrift n?r ein les Arne Garborg sine brev. Den kjende forfattaren hadde inga lettlesa skrift, ein skulle mest tru at han skreiv i ein rasande fart. Dei fleste av dei 90 breva til familien kan knapt kallast litter?re. Dei fortel om famili?re saker, daglegdagse hendingar og ?konomiske sorger.

Nokre gonger sl?r han til med ein stor porsjon ironi. Det gjeld til d?mes i brevet til broren etter at Arne nettopp har teke artium med aller beste karakter og har begynt ? f?lgje f?relesingar p? universitetet: ?Mit Portr?t f?lger. Det er ikke ganske heldig i alle (henseende), men i det Hele giver det dog et temmelig sandt Indtryk.

NB. Jeg ?nsker, at dette Portr?t skal h?nges op i Storstuen ved siden af det gamle, til Opbyggelse for alle dem, der hidtil har havt saa meget at sige om den Vei, jeg har valgt. Nu kan de faa se, at jeg dog er kommet et stykke paa vei.?

Handskriftsamlinga

Universitetsbibliotekets Handskriftsamling har eksistert fr? biblioteket opna i 1814.

I starten var dei opptekne av historiedokument og sagamanuskript. Interessa for skj?nnlitter?re verk og brev melde seg rundt 1830, d? samlinga fekk sitt f?rste Holberg-manuskript. Handskriftsamlinga har heile tida f?lt eit s?rskilt ansvar for nasjonallitteraturen. Dei f?rste 75 ?ra var det einskildmanuskript som vart tekne vare p?, men etter kvart blei det bygt opp heile personarkiv fr? viktige personar i norsk kulturliv. Samlinga er i dag p? nesten ein million brev, og dei fleste er tilgjengelege for publikum. Juvelen i krona er mellomaldermanus, blant anna pergamenthandskrifter av Magnus Lagab?ters Landslov.

D?rleg papir

Det er eit problem med fleire av Garborg-breva at dei er skrivne p? d?rleg, syrehaldig kladdepapir. Med ?ra g?r slikt papir lett i oppl?ysing, seier Vasstveit. UB har ein eigen teknisk konservator som tek hand om breva. N?r dei begynner ? bli i d?rleg forfatning, vert dei ?sl?ra?, det vil seie at vi dekkjer originalpapiret med eit gjennomsiktig Japanpapir.

Breva er no ordna kronologisk og katalogisert. Interesserte kan f? lese dei i v?r vesle lesesal her ved Handskriftsamlinga, seier Vasstveit, som trur UB no har f?tt arkivert dei aller fleste Garborg-breva ein veit om, i sine brune brevmapper.

Emneord: Spr?k og kultur, Historie, Moderne historie (etter 1800), Litteraturvitenskapelige fag, Nordisk litteratur
Publisert 1. feb. 2012 12:21 - Sist endret 7. nov. 2025 15:08